Russland

Å feire sigeren over døden

Styresmaktene trenger seg inn i sjølv dei mest nøytrale symbola på tru og glede.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg feira vi ortodoks påske. Det er vanlegvis ei av yndlingshelgene mine i løpet av året. Sjølv då eg budde langt unna heimstaden min, prøvde eg å komme meg heim til denne helga og vere i lag med familien mens alle enno levde og hadde det bra. Og eg er ikkje eingong religiøs, sjølv om eg har respekt for religiøse tradisjonar. Eg berre liker den gode stemninga denne helga.

Og det er som om fleire og fleire tenker som meg. I dei relativt velståande 2010-åra, då vi hadde massevis av tid og energi til å krangle om all slags skit, kjekla folk om påska: Ateistar gjorde narr av dei truande, som lét seg provosere, og så var debatten i gang. Dei siste åra, derimot, har eg sett lite til dette. På sosiale medium har eg alle slags kontaktar som uttrykker alle slags meiningar, men ingen kranglar om påska. Alle er tydelegvis så leie av å stå i ein langvarig katastrofe og lese dystre nyhende kvar dag at ei høgtid som i botn og grunn handlar om å sigre over døden, no er til glede for alle.

Sjølv ikkje dei mest kyniske blant oss bryr seg om å provosere og mobbe andre, fordi dette har blitt blant dei få gledelege dagane i året – dagar då folk, same kva tru dei har, har grunn til å kjenne på ei form for metafysisk håp om at det går bra.

Kanskje eg er litt for optimistisk. Kanskje det berre er for farleg å gjere narr av ortodokse symbol for tida. Forbodet mot «å krenke truande» har eksistert sidan 2013, og lova blir handheva. (Strafferamma er opptil tre års fengsel.) Men vi høyrer oftare om denne lova no, fordi ho har blitt integrert, saumlaust, i det store apparatet av undertrykkande lover som veks for kvar månad som går.

Du treng ikkje leite lenge etter døme. I påskeveka var det to rettssaker: I den eine sat ein bartender som var skulda for å servere ei vasspipe på ein kulitsj. Problemet var at han la ut eit bilde av pipa på sosiale medium.

Den andre rettssaka gjaldt ei ung kvinne som la ut eit bilde av ein kulitsj ved sida av ein diger dildo.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel