Krigshistorie

Quislings nyttige idiotar

Med boka Kvinnekamp for Quisling. Den nazistiske kvinnebevegelsen, som kjem ut i desse dagar, har historikar Bodil Stenseth opna eit heilt nytt kapittel i norsk krigshistorie.

Vidkun Quisling helsar marsjerande NS-kvinner på Karl Johan under NS-landsmøtet i Oslo i september 1942.
Publisert Sist oppdatert

Kven skulle tru det: I eit land som er meir enn overlest med bøker om andre verdskrigen, har kvinneperspektivet ofte vore så fråverande at kvinnerørsla til «føraren» Vidkun Quisling, aldri har vore forska på. Derfor er mange av kvinnene i boka til Bodil Stenseth namn dei færraste av oss har høyrt om før.

Men forfattaren fortel at i det som no heiter Nasjonalarkivet, ligg eit enormt arkiv til meir forsking og langt fleire bøker. Med boka si meiner ho å ha opna ei «blindsone» i krigshistorieskrivinga.

– Kva var det som fekk deg til å gå laus på dette prosjektet?

– Den situasjonen vi lever i i dag, med ytre høgre-krefter på frammarsj overalt. Det er påfallande i kva grad kvinner har rykt heilt til topps i desse rørslene. I eit slikt perspektiv er det interessant å sjå korleis Quislings NS etablerte ein organisasjon med svært aktive, høgreekstreme kvinner i framståande posisjonar, dei fleste velutdanna og med middelklassebakgrunn. Men om dei fekk posisjonar, fekk dei svært lite makt. Slik sett var dei Quislings nyttige idiotar.

Likestilling

Totalt var opp mot 20.000 kvinner engasjerte i denne rørsla, om lag ein tredel av den samla medlemsmassen i partiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement