JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brit Bildøen.

Brit Bildøen.

Foto: Tove Breistein

Brit Bildøen.

Brit Bildøen.

Foto: Tove Breistein

2295
20190503
2295
20190503

Nynorsk litteraturpris til Brit Bildøen

Brit Bildøen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2018 for boka Tre vegar til havet. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna: «Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman.» Det er Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen, som er på 30.000 kroner.

I Tre vegar til havet skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.

Brit Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan skrive romanar, barnebøker og essay. Forutan romanen Tre vegar til havet kom i fjor også omsetjinga hennar av Gertrude Steins kultklassikar Alice B. Toklas’ sjølvbiografi.

Fuglesong på britisk singelliste

«Let Nature Sing», som er ei to og eit halvt minutt lang innspeling av fuglesong, debuterte onsdag denne veka på ellevteplass på den offisielle britiske singellista. Organisasjonen The Royal Society for the Protection of Birds har gjeve ut innspelinga for å skape merksemd rundt utryddingstrua fugleartar i Storbritannia. Songen frå 25 ulike fuglar er å høyre på «Let Nature Sing».

Tone Hødnebø får Diktartavla 2019

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein norsk lyrikar blir heidra med ei diktartavle. Prisen er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret. Laurdag 8. juni er det Tone Hødnebø som får Diktartavla 2019.

Tone Hødnebø har sidan debuten i 1989 gitt ut seks eigne diktsamlingar og gjendikta Emily Dickinson og den kanadiske poeten Anne Carsons.

– Hødnebø skriv kjenslevare og formsterke dikt som utforskar tankekrafta i poesien. Ho vil difor finne sin velfortente plass på Diktarstigen saman med andre markante norske lyrikarar, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Olav H. Hauge-senteret.

Grottedrama blir Netflix-serie

Fotballaget som var fanga i ei grotte i det nordlege Thailand i fjor sommar, har signert ein avtale som gir Netflix retten til historia, melder BBC. Dei tolv gutane frå laget The Wild Boars og trenaren deira vart redda etter 17 dagar nede i grotta. No vil Netflix lage miniserie av den dramatiske hendinga.

bjorntorebroske@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis