Kulturkommentar
Når Dolly Parton no rundar 80 år, er det langt frå berre som nostalgisk ikon
Det finst ei utfordring, sjølvsagt på TikTok. Du skal slå ei tromme, på slaget til «I Will Always Love You», Whitney Houstons karrierehøgdepunkt frå filmen The Bodyguard. Du skal treffe nøyaktig der det er ein pause før Houston går opp til det ikoniske «And IIIIIIIIII».
Mange freistar, både åleine og i ulike situasjonar. Det er ikkje lett. Det handlar om millisekund og om ein rytme som verkar heilt ulogisk. Pausen kjem der ein minst ventar han, og nett difor er slaget vanskeleg å treffe. Ein må forstå augneblinken. Produsenten og arrangøren av låten vart utfordra i The New York Times. Han klarte det ikkje.
Utfordringa har namnet «The Whitney Houston Drum Challenge», for det er ho dei fleste koplar til låten. Når folk så får vite at det var Dolly Parton som skreiv låten, åleine og på éin dag, og at han opphavleg var ein roleg og varsam countryballade, vert mange overraska. Ikkje berre over kven som skreiv låten, men over at det same materialet rommar både stillferdig kontroll og fullstendig dramatikk. Og forståing for ein augneblink. I går, 19. januar, runda ho 80. Det er ingen alder for ei legende.
Parton skreiv «I Will Always Love You» som ein avskilssong til Porter Wagoner.
Parton skreiv «I Will Always Love You» som ein avskilssong til Porter Wagoner, mentor, samarbeidspartnar og arbeidsgjevar gjennom mange år.
Dolly Parton var med i The Porter Wagoner Show frå 1967, på TV og turné. Etter kvart ønskte ho å gå vidare som soloartist, men Wagoner motsette seg det kraftig. Konflikten var både profesjonell og personleg, sidan dei hadde arbeidd tett saman i nær ti år.
Låten vart skriven for å vere eit verdig farvel. I staden for å skrive noko bittert eller konfronterande, valde Parton å uttrykkje takksemd, respekt og kjærleik, samstundes som ho var tydeleg på at ho måtte gå vidare. Teksten handlar difor ikkje om romantisk kjærleik, men om å sleppe taket utan å fornekte det som har vore.
Då ho song låten for Wagoner første gong, forstod han alvoret og lét henne gå. Låten vart slik både eit personleg avskil, ei profesjonell markering av sjølvstende, og eit tidleg døme på Parton si evne til å bruke song som kommunikasjon, ikkje berre som underhaldning.
I så måte er det interessant at albumet I Will Always Love You òg inneheld ein annan av dei mest kjende låtane hennar, «Jolene», kanskje den mest ikoniske av dei alle.
Enkelt bygd opp, intenst framført og med ei forteljing som er lett å kjenne seg att i. Låten skil seg ut ved å vere både sår og direkte, utan moralsk forklaring eller forløysing.
Då Beyoncé tolka «Jolene» i 2024, tok forteljaren kontroll over narrativet. Jolene vert ikkje beden, men åtvara. Dolly Parton reagerte varmt og hjarteleg. Ho elska låten i den nye konteksten, og er òg med på albumet. På same vis har ho kalla Whitney Houston si tolking av «I Will Always Love You» ei gåve, både kunstnarisk og personleg.
Inntektene frå songen var enorme. Albumet er rekna som det mest selde filmmusikkalbumet i verda, med godt over 45 millionar selde eksemplar, meir enn klassiske filmalbum som Saturday Night Fever og Dirty Dancing. Nick Lowe, ein annan artist med ein låt på albumet, har sagt at det kjendest som om nokon kom med ein trailer full av pengar og dumpa dei i hagen.
Parton har fortalt at inntektene gjorde det mogleg å finansiere prosjekt ho bryr seg om, mellom anna Dollywood, ein fornøyelsespark eigd og utvikla av henne, og ein av dei mest besøkte i USA utanom Disney og Universal sine.
Overskotet frå parken har vore med på å finansiere det ho verkeleg er oppteken av, «Imagination Library», eit program som gjev gratis bøker til barn, og fleire andre lokale utdannings- og utviklingsprosjekt i regionen ho kjem frå.
Parton vart nemleg fødd i ein fattig familie med elleve sysken. Faren var analfabet, men ein klok forretningsmann, mora var ei kjelde til musikk, noko Parton sjølv syng om i «Coat of Many Colors». Det er denne oppveksten ho vil hjelpe andre ut av, gjennom overskotet frå musikken sin.
Ho er forretningsmessig knallhard og sosialt engasjert.
Ho er forretningsmessig knallhard og sosialt engasjert. Mange som ikkje kjenner musikken hennar, vil likevel kjenne til namnet og utsjånaden. Ho har ein stil ho sjølv kallar ei overdriving av feminitet, blond parykk, store bryst og mykje sminke. Ho eig stereotypien før andre får bruke han mot henne. Det gjer henne vanskeleg å redusere eller latterleggjere, fordi ho alt har teke kontroll over forteljinga. Det «vulgære» ytre står i direkte kontrast til innhaldet. Ho har sjølv sagt at folk ofte undervurderer henne, og at det har vore ein fordel. Stilen hennar er eit uttrykk for klasseopprør, humor, sjølvkontroll og ein djupt gjennomtenkt identitet. Ho brukar det mange ser ned på, og gjer det til eit maktmiddel.
Når ho no rundar 80 år, er det ikkje som nostalgisk ikon. Ho er framleis aktuell, fordi ho heilt sidan ho starta har forstått musikk som meir enn eit uttrykk: som kommunikasjon, som forhandling og som verktøy.
Det er lett å feste seg ved éin låt eller éi tolking. Men «I Will Always Love You» er ikkje eit unntak i Parton sitt virke, det er ein del av eit mønster. Ho har skrive over 3000 låtar, og gong på gong brukt låtskriving som ein måte å styre situasjonar på, personleg, profesjonelt og kunstnarisk.
At låtane hennar no lever vidare i TikTok-utfordringar og moderne omskrivingar, er ikkje eit teikn på at ho er vorten overkøyrd av historia, men at ho har ei takt- og formkjensle få andre kan vise til. Og ei forståing av augneblinken.
Ho har treft tromma på slaget. Kvar gong.