Musikk

Musikk som nektar å te seg

Eit sensasjonelt ungt osloband utfordrar sjølve ideen om både pop, punk og rock på det krevjande fjerdealbumet.

Nesten alle bandmedlemmene i Hayeminol fekk plass på pressefotoet.
Publisert Sist oppdatert

Kva ein skulle bli då ein var liten, og kva ein faktisk har enda som, er to ting som ikkje nødvendigvis samsvarar. Sjølv gjekk eg i barnehagen med ein draum om å bli gatefeiar. Leve det frie livet med kost og feiebrett. Førebels har det vorte med draumen.

Ånon Sørnæs Bakkjen har følgt draumen sin sidan han var så liten at han brukte kost og feiebrett som erstatning for mikrofon. Det kan ein sjå i heimevideoklipp på YouTube. Der kan ein òg sjå ein då elleve år gamal gut dryle til med knallhard punk i fullt band. Sjølv er han ikkje større enn at han nyttar ei ukulele som elgitar.

Eit seinare klipp viser same gut på konsertstaden Rockefeller. Her er han rundt 14 og tolkar Jokke og Valentinerne-låten «Hvis jeg var deg». Ein desperat, men òg morosam låt om angst og sosial ulikskap forkledd som tigging av øl. Bakkjen gjer han som om han har kjent på tomleiken i teksten personleg. Det har han nok ikkje, han har berre eit usedvanleg talent.

Bakkjen (sannsynlegvis folkeregistrert som Bakken) starta sitt fyrste band i barnehagen. Bandet kalla han Hayeminol. Det vert uttala hajeminål og kjem frå då han fann opp sitt eige engelskliknande språk, hayeminolsk.

Det er denne kreativiteten og sjølvtilliten som har bygd opp til at Hayeminol no er ute med sitt fjerde album. Ja, fjerde. Ikkje same band som i barnehagen, men med same Ånon i front.

Noko som festar seg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement