Kulturkommentar

Fredelege stjernereiser og diktelskande dragar.
Ursula K. Le Guins forfattarskap viser at science fiction-litteraturen er allsidig og djuptloddande.
  

FILE - Author Ursula K. Le Guin poses for a photo at home in Portland, Ore., on Sept. 9, 2001. Le Guin’s family has donated their three-story house to the Portland, Oregon-based community nonprofit for what will become the Ursula K. Le Guin Writers Residency. Le Guin, the award-winning science fiction and fantasy writer who explored feminist themes and was best known for her Earthsea books, died Jan. 22, 2018, at 88.(Benjamin Brink/The Oregonian via AP)

Med stjernereiser til sjølvinnsikt

Forfattar Ursula K. Le Guin fotografert i heimen sin i Portland i Oregon i 2001.
Publisert

«Jammen var det på tide at ein forfattar av science fiction- og fantasy-litteratur fekk denne gjeve prisen, som i femti år har gått til realistane!» 

Ursula K. Le Guin var som vanleg krystallklår og provokativ frå podiet då ho i 2014 fekk National Book Foundation Medal for Distinguished Contribution to American Letters. Ho bruka utopien og det fantastiske til å seie noko essensielt om grunnvilkåra for den menneskelege eksistensen.

Le Guins posisjon var spesiell, ho var sjeldan høgt verdsett både av litteraturkritikarar og eit breiare publikum. Science fiction (sci-fi) og fantasy, som kan samlast under omgrepet spekulativ fiksjon, blir ofte møtte med fordommar. Visse teikn i tida viser at dette moglegvis er i endring: Mary Shelleys klassikar frå 1818, Frankenstein, er i vinden, både med ei ny filmatisering av stjerneregissøren Guillermo del Toro på Netflix og på kino – og ikkje minst i den eminente P2-serien Leseklubben.

Dessutan går Solvej Balles grensesprengande Om utregning av romfang sin sigersgang gjennom den litterære verda. Romanserien tar utgangspunkt i at tida har stansa opp, og same dagen blir gjentatt i det uendelege. Verket utfordrar både gamle og nye idear om dei konstruksjonane vi har laga oss for å halde rammene rundt tilværet på plass.

Allsidig litteratur

Poenget med sci-fi-litteratur er ikkje først og fremst høgteknologiske stjernereiser eller gruoppvekkjande rom-monster. Som all litteratur speglar bøkene nødvendigvis den tida dei er skrivne. Historier med ein sterk Verfremdungseffekt (underleggjering) kan opne auga våre når det gjeld avgrensingar og moglegheiter her og no. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement