Bok

Attende til den attande

Dei tidsstagnerte både ønskjer og fryktar ei mogleg reise tilbake til normaltid.

Den danske forfattaren Solvej Balle slo gjennom som forfattar på 1990-talet og har eitt bind att av serien om Tara Selter.
Publisert Sist oppdatert

Vi er komne til band seks i Solvej Balles grensesprengande romanverk. Bøkene fortel om den tidsreisande (eller tidsstagnerte) Tara Selter og dei andre som har oppdaga at tida har stansa på den 18. november. Først er Tara aleine om erfaringa. Samlivet med kjærasten Thomas, som vaknar på nytt og på nytt til same dagen utan å merke noko, blir umogleg.

Ei stund lever Tara aleine, ho reiser mykje rundt blant anna på leit etter årstider. Utetter i bøkene dukkar stadig fleire tidsreisande opp, no er dei blitt ein svær flokk. Dei har busett seg i koloniar rundt omkring i Europa og samarbeider om å finne ut av dette merkelege tilværet. Tara bur i Italia, dyrkar grønsaker og deltar litt nølande i ei forsking som har som mål å gjere det mogleg å reise attende. Attende til den attande!

Tankevekkande

Kritikarane har stridst noko om alt er like strålande gjennom heile bokverket, men respekten for at serien er djupt original og tankevekkande, er sameint. Balle utfordrar både gamle og nye idear om avgrensingar og moglegheiter ved den menneskelege eksistensen. Som all god spekulativ fiksjon er dette bøker som gjer at den som les, får auge på kor tilfeldige og menneskeskapte dei er, dei konstruksjonane vi har laga oss for å halde rammene rundt tilværet på plass.

Det gjeld ikkje berre tidsinndeling i veker, månader og år, men også måten vi har organisert samfunnet vårt på. Språk blir også grundig tematisert gjennom verket, og særleg i desse nyaste banda: Korleis skal ein namngje dei ulike dagane, vekene, månadene når alt er same dagen? Og er kanskje studiet av gresk, så ein kan lese gamle filosofar på originalspråket, ein inngang til å forstå kva som har hendt med tida?

Einsarta flokk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement