Bok

Med skam som favorittkjensle

Anna Skjervum veit kva det vil seie å gå i terapi. No har ho nytta eigne røynsler til å skrive roman om det.

Anna Skjervum zoomar inn på forholdet mellom ei kvinne og den eldre, mannlege terapeuten hennar.
Anna Skjervum zoomar inn på forholdet mellom ei kvinne og den eldre, mannlege terapeuten hennar.
Publisert

En historie om kjærlighet er ikkje ein roman med eit ein-til-ein-forhold til røynda, fortel den 40 år gamle oslokvinna. Boka er tilpassa ei litterær form, med alt det bringar med seg. Dessutan er slike terapiprosessar i stadig rørsle, det som var sanning på eitt tidspunkt, treng ikkje vere det nokre månader seinare.

Skjervum debuterte med romanen Kvelertak i 2019, og sjølv om bok nr. 2 ikkje er ein oppfølgjar, går tema som tunge traume og ei kvinnes asymmetriske forhold til ein langt eldre mann, att frå debutromanen.

– Eg går i behandling no og har gjort det i mange år. Derfor er dette tema som interesserer meg. Korleis ein blir møtt av helsevesenet, korleis ein blir forstått, og kvar på diagnosekartet ein blir plassert og kvifor.

– Ut over at temaet interesserer deg, kva var det som fekk deg til å skrive roman om dette?

– Eg kjende vel ein trong for å klarleggje det som kan oppstå i møte med ein psykolog. Kanskje spesielt kor sterke kjensler som kan komme fram. Og å seie noko om korleis det er å vere prisgitt eit system, for mange ei ukjend verd med eigne normer og reglar. Men også meir allment: å falle for feil person, og kor vanskeleg det er å forstå kvarandre, også når intensjonane er gode.

Sara, den 33 år gamle hovudpersonen, lever i eit godt ekteskap med mann og to born. Ho har alt gått i terapi hos den 25 år eldre psykologen Bjørn i meir enn tre år då vi møter henne. Bakgrunnen er nokre svært traumatiske opplevingar ho har hatt i slutten av tenåra. Vi følgjer prosessen deira gjennom halvtanna år, fram til behandlinga tek slutt. Sentralt i denne prosessen er Saras stadig tettare tilknyting til – kanskje forelsking i – terapeuten sin. Men det er også ei historie om å opne seg for å nå målet med behandlinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement