JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Vanskeleg kjærleik i eit land som gjekk under

Med romanen Kairos har tyske Jenny Erpenbeck omsider kunna skrive boka ho lenge hadde ønskt å skrive. No var avstanden i tid blitt stor nok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Katharina Behling / Oktober

Foto: Katharina Behling / Oktober

9926
20220617
9926
20220617

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Kairos, som i gresk mytologi er namnet på guden for den heldige augneblinken, handlar om 19 år gamle Katharina, som forelskar seg i den 34 år eldre forfattaren Hans. Historia dekkjer perioden 1986–1991, nokre heilt avgjerande år for den austtyske arbeidarstaten. Dette er ei forteljing om sterke kjensler og intens kjærleik, men også grenselaus sjalusi og ditto manipulering.

Erpenbeck (55) er sjølv fødd og oppvaksen i den delen av Berlin som høyrde til DDR, og ho har opplevd korleis det var å leve under overvaking og diktatur. På spørsmål om kva ho trur norske lesarar treng vite om henne, svarar ho berre «at eg mange gonger gjerne sit ved kjøkkenbordet og skriv». Udramatisk og greitt.

– Du har lagt handlinga til ei tid som var kritisk for DDR, og kanskje også for deg sjølv?

– I prinsippet er dette ei historie om å bli vaksen – og det har sjølvsagt òg å gjere med at slutten på DDR skar eit djupt snitt mellom ungdomstida mi og tida då eg brått blei vaksen. Frå då av høyrde fortida mi heime på museum. Kvardagen som eg hadde kjent, og som hadde prega meg, var på kortast mogleg tid forsvunnen.

– Katharina, hovudpersonen, er jamgammal med deg. Det vesle eg veit om deg, får meg til å tru at romanen inneheld element av sjølvbiografi ut over det som har med tida å gjere.

– Utan noko sjølvbiografisk er det uråd å skrive ei bok. Men denne romanen er nettopp ikkje gjenfortalt liv, men eit blikk på samanhengar. Dette blikket er det eigentleg intime, som eg deler med lesaren.

Makt og maktmisbruk

– Totalitarisme og overgrep i regi av ulike regime synest oppta deg sterkt som forfattar. Har det å gjere med dei formative åra dine i DDR?

– Sannsynlegvis, ja. Det verkeleg interessante punktet er rett nok kvifor dei gode ideane som førte til danninga av staten DDR, blei så mangelfullt sette om i handling. Der hjelpte det heller ikkje med «arbeidarklassens diktatur». I den tyske fascismen, derimot, blei eit mordarisk diktatur praktisk talt bore fram av heile folket, til og med gjennom holocaust og til krigens slutt. Omgrepet totalitarisme i seg sjølv seier altså ikkje noko. Det finst graverande skilnader, difor er det viktig å differensiere. Nettopp i den seinare tid har lengten etter den «sterke faren» komme til uttrykk att i mange av verdas land. Diverre.

– Kva ser du sjølv som bokas hovudtema: kjærleikshistoria eller skildringa av kvardagslivet i eit DDR i ferd med å gå i oppløysing?

– Slik eg ser det, er temaet det som held begge desse aspekta saman: spørsmålet om makt og maktmisbruk, og spørsmålet om den store visjonen og grunnane til at han stranda.

– I romanane dine behandlar du svært ulike spørsmål, som jødeutryddinga, dei mange som berre forsvann under ymse diktatur i Latin-Amerika for nokre tiår sidan, eller no oppløysinga av DDR. Det er heile tida dei store spørsmåla du utforskar?

– Alle spør vi oss jo om kven vi er, kvifor vi er her, kvifor tida vår på jorda er avgrensa, om det er noko vi kan gjere. Dei store spørsmåla er der heile tida, også når vi spring frå avtale til avtale – eller rett og slett tømmer vaskemaskina. Også når vi ikkje vil sjå. Men når eg skriv, har eg det privilegiet at eg kan sjå nærmare på ting.

– Katharina kjenner stor avstand, men ikkje direkte opposisjon, til DDR-staten ho er ein del av. Korleis skal vi forstå det? Hyser ho ein umedviten kunnskap om det som kjem til å skje?

– Eg har gitt Katharina den haldninga som eg sjølv, og mange av vennene mine, kjende: DDR-røyndommen var på mange område mangelfull, på mange vis også verre enn det. Men ideane om ei meir rettvis, fredelegare, ikkje-kapitalistisk organisert framtid kunne vi identifisere oss med. I ventinga på at regjeringa, full av gamle menn, skulle gå av, stod vi fast mellom røyndom og utopi.

Fridommens vrangside

Eit særdrag ved Kairos, som er omsett til norsk av Ute Neuman, er dei mange skildringane av gater og stader i den austtyske delen av Berlin, gjeve att med stor detaljrikdom. Forfattaren fortel at ideen hennar var å lage ei bok lesarane kunne gå ikring i som på eit museum – men mykje meir levande.

– Eg trur at når ein lesar verkeleg vil skjøne noko, hjelper fordomar lite. Og for å kunne differensiere er presis forteljing viktig. Eg hadde den lykka å kunne gripe attende til eigne notat frå denne tida. Mykje oppdaga eg då på nytt, ting eg for lengst hadde gløymt.

– Katharina blir innvilga ein tur til Köln, i Forbundsrepublikken, for å besøke bestemor si. Der går ho inn i ein sexbutikk, og etterpå tenkjer ho: «Kan man bare være seg selv når ingen lenger vet hvem man er?» Kva er ditt svar på det spørsmålet?

– Når folk trur at ingen ser dei, gjer dei stundom svært stygge ting. Men også det er fridom. Vrangsida av den totale fridommen har mykje med einsemd å gjere. Absolutt alt kan berre det mennesket gjere som har falle fullstendig ut av alle relasjonar.

Møtet med vestleg overflod kallar også fram eit anna spørsmål i Katharina: «Og når oppfyllelsen av lengsler bare er et spørsmål om pris, vil ikke alle lengsler da forvandles til lengsel etter penger?» Når eg spør om ikkje dette er kapitalismen i eit nøtteskal, svarar Erpenbeck lakonisk:

– Sannsynlegvis.

– Boka di utforskar også kjærleikens vilkår, ikkje berre i DDR, men meir allment?

– Absolutt. Ein slik Hans og ei slik Katharina finst overalt i verda.

Hjernevasking

– Slik historia om kjærleiken deira utfaldar seg, kom eg til å tenkje på ei erkjenning i Thomas Manns kortroman Tonio Kröger: «Den som elskar mest, er den underlegne og må lide.»

– Ja, men kven som er den som elskar mest, er ofte eit skjønsspørsmål. Kjærleiken er jo heller ingen sementert tilstand, snarare ein prosess. Då kan makta i løpet av eit forhold mange gonger uventa skifte side.

I romanen får sjalusien eit stadig sterkare grep om Hans. Sjølv om han er gift, har ein son og held seg med fleire elskarinner, kjenner han ein sterk eigarskap til den unge, vakre Katharina. Dette gjer seg nærast groteske utslag, med grov manipulering og systematisk utspørjing. På spørsmål om han utviklar seg til ein psykopat, svarar Erpenbeck slik:

– Eg vil ikkje fordømme ein figur eg sjølv har skapt. Hans er eit menneske, han er prega av tapserfaringar, til eigen fordel nyttar han ofte manipulasjonsteknikkar som han har lært seg. Men vi bør ikkje gjere det for lett for oss ved å erklære han som psykopat. Han har sine gode sider og sine dårlege. Og diverre lèt ikkje dei seg så lett skilje frå kvarandre.

– Ser du hjernevaskinga av Katharina som ein parallell til det tallause DDR-borgarar blei utsette for i kommunisttida?

– For det første definerte DDR aldri seg sjølv som ein kommunistisk stat, men alltid som ein sosialistisk. Og det finst også «tallause DDR-borgarar» som ikkje har vore gjennom hjernevask. Vi hadde forstanden i behald.

Lengten

– Vil du seie at boka også er ein studie i psykologisk nedbryting?

– Når ein overlever det, og det gjer jo Katharina, kallar ein det erfaring.

– Hans har ein interessant dobbelkarakter. På den eine sida er han ekstremt sjølvsentrert, på den andre sida synest kommunismens fellesskapstenking å appellere sterkt til han?

– Eg tenkjer at den kommunistiske attityden hans har mykje å gjere med den intellektuelle lengten han har etter å høyre til avantgarden. Mindre med ein konkret «kjærleik» til arbeidarklassen.

– Han snakkar med Katharina om Grimm-skikkelsen Rumleskaft, som hadde som sitt høgste ønske å ha noko levande heilt for seg sjølv. Er det ikkje slik han sjølv er, med sin eigartrong andsynes Katharina?

– På sett og vis. Eit viktig tema i boka er jo ikkje berre kjærleiken, men saman med kjærleiken også lengten etter å kunne gi vidare til neste generasjon det som er viktig for ein sjølv, både i privatlivet og politikken. Men ei slik levande overlevering lykkast naturlegvis berre når den eldre elskande lèt den unge levande vekse, altså set henne fri.

– Kor representativ vil du seie at Katharinas sterke ambivalens er andsynes Berlinmurens fall?

– Det kan eg sjølvsagt ikkje angi i prosent, men eg har fått mange positive reaksjonar frå lesarar av begge kjønn, som har funne att sine eigne haldningar og røynsler i boka.

– Er Katharinas reaksjon politisk, eller snarare bygd på ei kjensle av tap, især identitetstap, altså ei slags framandgjering?

– Begge delar. Då muren fall, var rett nok Katharinas generasjon i riktig alder til å kunne jamne ut dei tunge sidene ved gjenforeininga med den nyvunne fridommen. For foreldregenerasjonen var det ofte vanskelegare.

Muren i hovudet

– I mange år etter at muren fall, snakka folk om å ha muren i hovudet, at gamle haldningar ikkje lét seg slette ut. Eksisterer dette framleis?

– Når vi kjem til neste generasjon, tenkjer eg det er borte. Men i røynda haltar aust stadig etter oss. Det gjeld talet på dei som har ein leiande posisjon i vitskap, justis og store føretak, i digitaliseringa og i statistikken over sysselsette. Den manglande interessa på vestleg side og dei manglande nettverka på austleg side har stadig mykje med muren å gjere.

Jenny Erpenbeck skriv med svært rike referansar til mytologi, klassisk musikk og kunst og litteratur frå dei to siste hundreåra. Det har ho ikkje gjort for å halde fast ved det gamle DDR, men for å syne kor essensielt viktig dette var for det intellektuelle livet i aust.

– Vi nytta uendeleg mykje tid på teater, kino og utstillingar eller, sjølvsagt, på å lese. Å ta innover seg kunst betydde i den tida ikkje berre underhaldning, men å skjøne samfunnet betre. Å tyde setningar, lese bilete, avsløre skjulte bodskapar i ei teaterframsyning – det var den gongen den største moroa vi hadde, og noko heilt sjølvsagt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Slutten på DDR skar eit djupt snitt mellom ungdomstida mi og tida då eg brått blei vaksen.

Jenny Erpenbeck, forfattar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis