Tyskland
Krigsnederlaget er politisk
80 år etter kapitulasjonen er tyskarane framleis usikre på korleis dei skal forstå krigsnederlaget i 1945.
Russiske og belarusiske offiserar markerer at det er 80 år sidan slaget om Seelow nordaust i Tyskland, 16. april. Tyske styresmakter ville ikkje ha dei der.
Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB
Frigjering eller nederlag? Det er spørsmålet som blir stilt i tyske aviser denne veka. Spørsmålet er langt frå nytt, for datoen har alltid vore vanskeleg i tysk ålmente. Då Tyskland blei delt i to, blei det markert på ulikt vis i dei to tyske statane. I DDR blei dagen feira som ein frigjeringsdag frå fascismen, med takkebrev til Stalin. Om frigjering var det første borgarane tenkte på når dei tenkte på regimet sitt, er eit anna spørsmål.
I vest var styresmaktene atterhaldne med å markere datoen. Først når president Richard Weizsäcker skulle tale under 40-årsmarkeringa i 1985, kom det i stand ein større offentleg diskusjon om dagen. Ikkje ulikt styresmaktene i aust snakka han òg om dagen som ein frigjeringsdag, men med eit anna forteikn: Presidenten la vekt på tysk skuld.
Til den dag i dag er skuldkjensle nærmast for statsideologi å rekne i Tyskland. Styresmaktene i Berlin gjorde eit poeng av det i år, då dei gjorde dagen til offentleg fridag for å feire frigjeringa. Men frigjeringsretorikken er ikkje uproblematisk. Dei allierte hadde ikkje som mål å gjere tyskarane frie, men å knuse nazismen. Og heller ikkje tyskarane opplevde dagen som noka frigjering: Dei hadde i stor grad støtta heilhjarta opp om regimet. Så seint som på 1950-talet synte meiningsmålingar at eit overveldande fleirtal av vesttyskarar meinte motstand mot Hitler-regimet var landsforræderi.
Russisk offensiv
Korleis ein skal minnast krigen, har det aldri vore full semje om. Det gjer det mogleg for andre aktørar å skrive si historie.
I Seelow, ein liten tettstad nordaust for Berlin, står det ein 15 meter høg sovjetsoldat med maskingevær. Bronsestatuen vaktar over 7000 sovjetgraver. Det var nett her slaget om Berlin, det siste slaget på europeisk jord under andre verdskrigen, tok til. Framleis er staden omstridd. I midten av april kom den russiske ambassadøren for å markere at det var 80 år sidan slaget tok til. Det gjer han eigentleg kvart år. Men i år hadde det tyske utanriksdepartementet åtvara mot at russiske styresmakter ville freiste å politisere markeringa. Ambassadøren kom likevel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.