Utanriks
Der alt er mangelvare og døden alltid nær
Også dei som berre vil hjelpe, kan bli skotne i Gaza. Jordmor Hanna Oommen tenker dagleg på Røde Kors-kollegaene sine i Rafah.
Ved feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah er det utført 3400 operasjonar sidan mai i fjor. 408 barn er fødde ved sjukehuset.
Foto: Røde Kors
I meir enn to månader har den israelske blokaden stogga naudhjelp til Gaza. No blir krigen trappa opp igjen, og ei ny massefordriving av palestinarar er venta. Hanna Oommen fryktar det verste for kollegaene sine og resten av sivilbefolkninga i Gaza. Ho er jordmor, og arbeidde i vinter i seks veker ved feltsjukehuset til Røde Kors ved byen Rafah nær grensa til Egypt.
– Eg var i Gaza både før og under våpenkvila i vinter. Sidan eg kom heim att, har eg hatt tett kontakt med kollegaene mine der. Situasjonen no liknar på slik det var før våpenkvila, men det er enda verre no.
– Fortel om sjukehuset og arbeidet der.
– Sjukehuset opna i Rafah i mai i fjor. Det er eit enkelt, men ganske komplett sjukehus, med 60 senger, poliklinikk, to operasjonsstuer og ei fødeavdeling. Vi var 24 utanlandske tilsette og 230 lokalt tilsette. Sjølv var eg leiar for eit team på 14 jordmødrer.
– Kva typar forsyningar mangla de medan du var der?
– Vi hadde for lite av alt – enkle smertestillande middel, antibiotika, sutur, reservedelar til maskinene, kva som helst. Til og med såpe var det lite av, så vi måtte passe på å ikkje bruke for mykje om gongen. Vi måtte ofte halvere medisindosane for å få lageret til å vare lenger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.