Leiar

Den viktige rettsordenen

A Pakistan Army soldier stands in front of damaged Bilal Mosque after it was hit by an Indian strike in Muzaffarabad, the capital of Pakistan-administered Kashmir, May 7, 2025. REUTERS/Stringer
Ein pakistansk soldat står framføre ein moske i Muzaffarabad som vart råka av eit indisk åtak 7. mai.
Publisert Sist oppdatert

Det er på nytt militær konflikt om Kashmir mellom Pakistan og India. Dette er ein gamal strid mellom to statar som begge krev eigarskap og suverenitet over området nordvest i Himalaya. Resultatet har vore stadige situasjonar med vald og direkte krigshandlingar.

I eit terroråtak i Kashmir 22. april vart over 20 sivile hinduar drepne. India hevdar at Pakistan var involvert i dette terroråtaket. Denne veka kom så eit indisk bombeåtak mot Pakistan som skal ha drepe og såra mange. India hevdar dei har drepe eit tital militante pakistanske terroristar.

Pakistan kallar det indiske åtaket for ei krigshandling og har lova hemn. Så langt skal Pakistan ha bomba mål i det indisk-kontrollerte området i Kashmir. Fleire sivile skal ha vorte drepne i desse hemnåtaka.

Det seier seg sjølv at situasjonen mellom India og Pakistan no er kritisk og farleg. Vi talar her om to atommakter der mistilliten og fiendebileta, med sterke religiøse undertonar, vert nytta aktivt av ulike grupper på begge sider for å hissa til konfrontasjon.

Situasjonen er forverra ved at maktbalansen mellom stormaktene er i endring. Samstundes er den internasjonale rettsordenen drastisk svekt dei siste åra – takka vere land som Russland, Israel og no meir og meir USA under Trump.

Ein internasjonal rettsorden er avhengig av at stormaktene opptrer ansvarleg og respekterer folkeretten. Utan ei grunnleggjande semje mellom stormaktene vert FN makteslaus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement