JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Relasjonar
i rørsle

Kristin Vego hadde trong for at ein autoritet utanfrå skulle seie at det ho heldt på med, var godt nok. Så fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris for novellesamlinga Se en siste gang på alt vakkert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristin Vego er frå Aarhus og bur i Oslo. Ho er kritikar i den danske avisa Information og redaktør i tidsskriftet Vagant.

Foto: Erika Hebbert

8121
20220422
8121
20220422

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Det spesielle med denne tildelinga er at den 30 år gamle debutanten er fødd og oppvaksen i Aarhus, og at ho skreiv manuset på dansk. Men det var også ho sjølv som laga den norskspråklege versjonen, som under omskrivings- og redigeringsarbeidet blei kraftig endra.

Ein viktig grunn til det, trur ho, var at ho då fekk eit framandt blikk på det ho hadde skrive. Og det var i Noreg ho debuterte, på norsk. Men ho talar dansk, det aktar ho å halde fram med – sjølv om ho sidan august 2020 har vore busett i Oslo med norsk sambuar.

Overgang

Kvinnene i novellene til Vego står på overgangen bort frå noko og over til noko anna, og det kan gjerne vere henta frå forfattarens eige liv. Vego er norsk ikkje berre i kraft av moras statsborgarskap, men òg ved at ho i mange år har lese mykje norsk litteratur. Så står ho med ein fot i dansk kulturliv, som litteraturkritikar i avisa Information, der ho melder mange norske bøker, og i norsk kulturliv som redaktør i tidsskriftet Vagant sidan 2017.

– At det eg skriv har samanheng med mitt eige liv, trur eg godt vi kan seie. Det er ikkje noko eg har tenkt på under skrivinga. Men eg stod på eit punkt i livet der det kunne ta fleire ulike retningar. Det gav meg kjensla av at her låg mange små historier, her var det mange vegar å gå.

På veg

Novellene handlar om kvinner som er i om lag same livsfase som henne då ho skreiv dei, på veg ut av noko eller inn i noko nytt.

– Det kjem ganske sikkert av at livet mitt var slik i nokre år. Splitta var eg ikkje, men heller ikkje fullt etablert nokon stad. Kanskje finst det ei form for lengt etter tilhøyrsle i desse tekstane, noko varig å vere i som får kvinnene til å føle at dei «fell på plass». Slik har eg sjølv hatt det i fleire år. Ikkje fordi eg var utilpass – eg elska å bu i Berlin, i København, i Wales og andre stader – men når ei kvinne nærmar seg dei tretti, og folk kring ein giftar seg, blir bufaste og får born, kjenner ein det i kroppen.

Novellene i prisvinnarboka vitnar om eit farande liv, med handling henta frå ei engelsk bygd, Roma, Hay-on-Wye, København, Oslo, Berlin, byar i Belgia. Skildringane av desse stadene tyder på nær kjennskap.

– Eg skriv om stader eg kjenner, om ting som ligg meg nær. For å skrive ein tekst skal eg helst ha ei stemning og ein stad. Då tyr eg gjerne til ein stad der eg har budd eller opphalde meg over lengre tid, fordi det er noko der som pirrar meg, noko eg har lyst å skildre. Eg har også skrive om stader eg har lagt bak meg og som eg saknar. To noveller går føre seg i Storbritannia, og ein periode som tenåring budde eg der, i to år gjekk eg på college i Wales. Der har eg ikkje vore sidan, men eg tenkte at om eg skriv om desse stadene, så kan eg gjere dei verkelege for meg igjen.

Venninneforhold

Dette er stader som betyr noko for henne, som ho har eit sterkt forhold til.

– Men i somme høve er eg nøydd til å gjere meg fri frå det faktiske, for det duger ikkje om eg blir altfor bunden av røyndommen.

– Dette er jo råd å sjå i to av historiene, som sprengjer rammene for det realistiske. Føler du at tradisjonell realisme kan bli ei tvangstrøye?

– Realistisk eller ei var ikkje i tankane mine under skrivinga. I novella der ei kvinne møter ein engel, er det hennar subjektive oppleving eg skildrar. Og den dystopiske novella i boka kan lesast som allegori. Det nokre av personane mine opplever, kryssar normalen. Men det ville vere forstyrrande om eg sa til meg sjølv: «Slik kan du ikkje skrive!» Eg skriv ikkje sosialrealisme. Personane mine er på reise, oppheld seg på stader der dei ikkje høyrer til, ser og sansar ting for første gong, får kanskje auge på det mystiske i verda.

– Dette merkar vi i skildringane dine, som er svært visuelle, ofte også sensuelle og taktile?

– Ja, det er der det heile kjem frå. Det er slik eg skriv, slik eg ser. Det er dette som interesserer meg, dette som brenn for meg. Eg kan godt tenkje meg å ha meir narrativ drive i skrivinga mi, men for meg kjem andre ting først.

Livsglimt

Mange av kjenslene og situasjonane ho skriv om, kjenner ho frå seg sjølv, men så har ho dikta rundt dei, fortel ho.

– Små livsglimt eg har lyst å halde fast, eller hente fram og kikke litt på. Eg nyttar jo meg sjølv når eg skriv, trekkjer på alle moglege kjensler og røynsler. Det er ikkje slik at hovudpersonane har eit stort prosjekt med å finne seg sjølv, men heller tale om ein livsfase der ein stadig er på leiting etter kven ein er og kvar ein høyrer til. Alle elementa har ikkje falle heilt på plass enno. Derfor kan ein sjå andre folk som eit haldepunkt, eller òg kjenne angst for at desse haldepunkta ikkje er stabile.

– Kvinnefellesskap og kvinnerelasjonar er eit sentralt tema i det du skriv. For ein forfattar som aldri har vore heilt bufast, er det kanskje særleg viktig?

– Det trur eg du har fullstendig rett i. Den første novella handlar nettopp om korleis eit nesten intimt venninneforhold er blitt brote opp ved flytting og korleis det kan vere når ein freistar fornye det på eit langt seinare tidspunkt. Kan dei finne tilbake til det som var? Eg skriv ikkje berre for å halde fast ei stemning eller eit landskap, men i somme tilfelle også personar. Ei venninne frå studietida har betydd svært mykje for meg, men vi har budd i forskjellege land. Eit sakn etter henne har vore noko av drivkrafta i desse historiene, der ho til ein viss grad er til stades.

Stadfestinga

Den som les novellene til Vego, vil merke ein forfattar med fin kontroll over mediet sitt, ein som synest å ha skrive heile livet. Og det har ho. Alt frå ho var barn. Fleire gonger har Kristin Vego søkt opptak på skriveskular, men ho kom aldri inn. Då kjendest det «sjovt» nyss å vere gjesteførelesar på Skrivekunstakademiet i Bergen – der ho heller ikkje hadde fått innpass. På Universitetet i Aarhus møtte ho omsider eit litterært miljø med opne skrivegrupper, som ho etter kvart glei inn i.

– Det tok meg mange år å finne røysta mi som skrivande. Som tenåring fann eg det frykteleg vanskeleg å skrive, for då blei det så seriøst. Det var ikkje leik lenger. Ti år tok det meg å finne fram til korleis eg skulle skrive, frå eg var 16 til 26. Eg kan godt skjøne kvifor eg ikkje kom inn på skriveskulane i dei åra, for mykje av det eg skreiv, var etterlikning.

Inspirasjon

Kristin Vego har ein mastergrad i litteraturhistorie frå Universitetet i Aarhus. Ho var ferdig i 2016, og same år byrja ho som kritikar i Information. Masteroppgåva skreiv ho om den tyske novelleforfattaren Judith Hermann.

– Ho har vore svært viktig for meg. Ho synte meg ein måte å skrive noveller på som eg ikkje hadde sett før, og som gav meg stor inspirasjon. Eit år etter at eg var ferdig med masteroppgåva, skreiv eg den første novella, der låg nok Hermann i bakgrunnen. Men eg har også lese mange andre novellistar, som har inspirert meg. Dessutan Virginia Woolf, som har gitt tittel og epigraf til boka. Eg har lese fleire forfattarar systematisk for å lure av dei tekniske løyndommar. Ikkje slik med Woolf, ho har berre vore ein litterær fascinasjon sidan eg som 19-åring las Mrs. Dalloway.

– Kva betyr det å få debutantprisen med alle dei rosande orda frå juryen?

– Utruleg mykje. Å få si første bok utgitt er ei fantastisk oppleving. Men eg var redd for at ingen ville melde boka. Så kom meldingane, alle svært positive, og prisen gjer at samlinga får eit lengre liv. Dette var svaret på den anerkjenninga som eg i mange år hadde hungra etter, stadfestinga, no føler eg at eg kan halde fram med å skrive.

Kristin Vego ser novella som sitt perfekte medium og såg føre seg at ho skulle halde fram i det sporet og foredle handverket. Men etter at ho blei ferdig med den siste novella i samlinga, har ho ikkje fått sving på novelleskrivinga. No leiter ho etter ei form, så den neste boka blir kanskje ein roman. På dansk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– For å skrive ein tekst skal eg helst ha ei stemning og ein stad.

Kristin Vego, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis