JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Profet i eigen by

Georg Johannesens evne til å mobilisere var viktigare enn sakene han tapte. Og lyrikken hans vil leve lenge, meiner Alfred Fidjestøl, som er ute med biografi om poeten, politikaren, akademikaren og barrikadestormaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georg Johannesen heime ved arbeidsbordet i 2003.

Foto: Per Anders Todal

10131
20220916
10131
20220916

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Biografien har fått tittel etter ei av dei mest siterte diktlinjene til Johannesen: Innerst i hjertet har jeg min forstand. Alfred Fidjestøl tenkte, då han fekk oppdraget, at Georg Johannesen måtte bli eit godt biografiobjekt. Han har dukka opp i så mange ulike samanhengar. Samstundes meinte biografen at det var noko uavklart over Johannesen og den posisjonen han hadde hatt i det offentlege.

– Han var ikkje ein av desse som folk føler dei har godt tak på. Det såg eg som eit perfekt utgangspunkt for å gå inn i eit slikt prosjekt.

– Som boka di syner, var Johannesen vikla inn i tallause kvinnehistorier. Kva fortel det om han?

– Framfor alt at han hadde karisma, og det gjeld både kvinner og menn. Mange menn fortel at ein-til-ein-møta med Georg Johannesen var noko heilt spesielt. Det var tydelegvis noko ved utstrålinga og nærværet hans som gjorde inntrykk på folk – og som gjorde at mange kvinner fall for han. Nokre av desse kvinnehistoriene har blitt viktige i boka mi fordi dei kastar lys over litteraturen hans.

– Mykje av det Georg Johannesen har skrive, er meir sjølvbiografisk enn vi har trudd?

– Eg har funne mykje som er sjølvbiografisk – og sjølvgeografisk. Han skriv gjerne om stader han har vore på. I boka har eg prøvd å gi nokre av dikta hans ein ekstra dimensjon ved å knyte an til det sjølvbiografiske.

Spenningar

I boka fortel Fidjestøl om då Studentersamfundet i Oslo, der Georg Johannesen sat i styret, ville demonstrere mot Sovjets intervensjon etter Ungarn-oppstanden hausten 1956. Men Sovjet-vennen Johannesen ville ikkje vere med om ikkje også England og Frankrike blei kritiserte for framferda si i Egypt. Då studentane marsjerte mot den sovjetiske ambassaden, sette han og meiningsfellane hans kursen for den franske og engelske ambassaden, som låg i det same stroket. Medan hovudtoget song «Ja, vi elsker», song dei andre «Internasjonalen». Då Johannesen blei oppmoda offentleg til å grunngi kvifor han ikkje hadde sunge nasjonalsongen, svarte han provoserande at han ikkje kunne fordra «Ja, vi elsker».

– Var det ikkje slik ålmenta kom til å kjenne Georg Johannesen etter kvart? Kan dette vere uttrykk for at han faktisk var utrygg på seg sjølv?

– Det kan ein gjerne spekulere på. Han var berre 25 år gammal, og i litterære diskusjonar og i samtale med forlagsdirektør Harald Grieg på Gyldendal var tonen ærbødig og usikker. Men i somme av dei politiske utspela står han fram som knallhard og kontrær og sterk.

Det kan tyde på at det fanst visse spenningar i han, meiner Fidjestøl.

– Samstundes var han der dei avgjerande tinga skjedde. Han stod midt i det som blei forløparen til ei organisert venstreside til venstre for Arbeidarpartiet. Han hadde nase for kvar det nye oppstod, og kva som var rett å gjere.

– Også kva som var rett å gjere? Er det ikkje heller slik at han ikkje var nokon god taktikar eller strateg, fordi han så ofte kom med provoserande utsegner og utspel?

– Jo, men han var ein mann som ofte var der ideane og noko nytt oppstod. Så sleppte han dei gjerne og blei litt borte. Men han var ganske sentral fram mot etableringa av Sosialistisk Folkeparti (SF), ikkje minst retorisk. Han formulerte setningar som dei unge radikale opplevde som sjokkerande, grunnleggjande maktkritikk, mykje skarpare enn dei var vane med på femtitalet. Men når partiet oppstod og dei trong folk til posisjonar og verv, hadde dei ikkje bruk for han på same måte, han kjende seg kanskje litt forbigått. Så stridbar som han var, eigna han seg heller ikkje til å vere politisk frontfigur, og dimed blei han mindre viktig.

– I striden om atomvåpen på norsk jord og brotet med Arbeidarpartiet i 1960–1961, «formulerte og inkarnerte Georg Johannesen den retoriske sjølvtilliten til den nye norske venstresida», skriv du. Var det kanskje hans viktigaste politiske bidrag?

– Det kan godt vere, ja. Påfallande mange av dei eg har intervjua til boka, vitnar om kor mykje han betydde for dei i den tida, Dag Solstad, Espen Haavardsholm, Harald Berntsen, Einar Økland og andre. Måten han formulerte seg på om politikk desse åra, opna augo på mange.

Framand

– Alt tidleg må Johannesen ha merka at han var blitt fanga inn og gjord ufarleg av dei kreftene han forakta og arbeidde mot. Kva gjorde det med han?

– Konkret gjorde det det vanskeleg å halde fram som lyrikar. Tidsskriftartiklane hans var framleis kontroversielle, dei vekte irritasjon, motinnlegg og debatt. Men lyrikken han skreiv, blei omfamna av alle. Det fekk han til å kjenne seg «tannlaus» som lyrikar og at han hadde mist si injurierande kraft.

Han var blitt «dame», for å nytte hans eige uttrykk.

– Han sa sjølv at desse opplevingane bidrog til at det gjekk så lang tid mellom utgivingane hans, og at han lenge gav seg som lyrikar. Han var ekstremt omtykt og vellykka, og kulturøkonomisk og litterært låg alt til rette for at han kunne halde fram. Ubehaget i lyrikarrolla fekk han til å søkje seg bort frå diktinga.

Når vi kjem utpå syttitalet, var Georg Johannesen blitt «framand for norsk politikk», skriv Fidjestøl. I det ligg både at han kjende seg framandgjord, og at det han stod for, var framandt for dei førande på venstresida. Mange av dei som hadde dyrka han som politisk profet på sekstitalet, gjekk no til m-l-rørsla. Han orka ikkje lenger engasjere seg og var framleis tru mot Sovjetunionen i den kalde krigens tid.

– Var forholdet til Sovjetunionen og kommunismen kanskje det mest konstante gjennom heile det vaksne livet hans?

– Det er i alle fall ein konstant faktor. Noko av dette går nok heilt attende til barndommen hans og krigsrøynslene, då han smugla inn mat til russiske krigsfangar i Bergen. Og sjokket etter krigen då Noreg ganske så kjapt gjekk i forsvarsallianse med Tyskland mot Sovjetunionen. Han følte at verda blei snudd på hovudet.

– Sett i ettertid, kva oppnådde Georg Johannesen politisk?

– Ikkje så mykje. Han tapte alle dei store sakene han engasjerte seg i. Det har han felles med dei fleste norske skjønnlitterære forfattarane. Men han spelte trass i alt ei politisk viktig rolle på 1950- og 1960-talet. Gjennom det han skreiv og gjennom måten han blei lesen på, verka han mobiliserande. Det er viktigare enn sakene han tapte.

Uforsonleg

– Kva trur du låg bak det omsynslause og kompromisslause som ofte prega Georg Johannesens offentlege utspel, ofte til skade for han sjølv?

– Til skade både for han sjølv og ein del av offera hans. Eg trur ikkje han alltid skjønte kor hard han blei oppfatta som. Han meinte det var noko demokratiserande og utjamnande i å ta folk hardt. Det opna for ein gjensidig debatten, dei kunne ta igjen med same mynt. Men svært få var slik laga at dei svara på same nivå.

– I lys av dette er det interessant korleis Johannesen reagerte og agerte då Gyldendal-sjef Andreas Skartveit, som han var i konflikt med, ville arbeide for at han skulle bli statsstipendiat. Når han kunne ha personleg fordel av det, var han korkje prinsipiell eller kompromisslaus?

– Sine eigne interesser, økonomiske og andre, forvalta han ganske flittig heile livet. Det du nemner, er eit døme på at han kunne ta strategiske omsyn. Han var økonomisk medviten, oppteken av å overvake avtalene og rettane sine, trass i at han visste at dei smale bøkene ikkje kasta stort av seg.

– Du skriv at Georg Johannesen «kunne bryte med kven som helst kor tid som helst om kva som helst». Kva oppnådde han ved å vere så uforsonleg?

– Han tapte nok ein del på det, både i nær slekt og med gamle venner. Samstundes sat han igjen med ein del lojale venner og allierte som lærte seg å leve med det. Ein av dei sa: «Ein skal ha gode nervar for å vere venn med Georg Johannesen.» Men mange peikar òg på omsorga hans, som kunne vere like sterk som aggresjonen.

– Kor stor plass trur du avmakta hadde i tenkinga, skrivinga og kanskje livet hans?

– Det påverka truleg sjølvforståinga til den seine Georg Johannesen. Etter kvart byrja han med ei slags tilbaketrekking, sa at det viktigaste for han ikkje var å gi ut bøker og bli lesen, men å ha det godt og lese gode bøker – samstundes som han kunne dukke opp hos Akerø og Skavlan. Eksilmotivet blei viktigare for han, han tok til å identifisere seg med figurar som motreformasjonsleiaren Klosterlasse, snakka om taparar i historia.

Arven

– Etter kvart kom han til å sjå seg som eksilant. Men eksilet var vel sjølvvalt?

– Absolutt. Spørst det om lykke, trur eg kanskje han hadde det best på slutten. Han var statsstipendiat, professor II, blei dyrka av unge studentar i Retorisk Forum og naut stor fridom. Eksilet hans var behageleg, han hadde læresveinar omkring seg og enda som ein slags profet i eigen by.

– Georg Johannesen var kontrær. Var det like mykje ein positur som uttrykk for overtyding?

– Eg trur det handla om at prosjektet hans ofte var å undersøkje premissane for den offentlege debatten. I ein debatt kunne han gå til åtak på ordstyraren i staden for debattantane. Han stilte spørsmål ved måten vi diskuterte ting på, som gjer at det kan oppfattast som kontrært, men som var ein metode han hadde for å opne samtalen eller få folk til å tenkje litt annleis.

– Er lyrikken det viktigaste han lét etter seg?

– Ja. Lyrikken står enormt ut i forfattarskapen, med linjer som verkeleg er skrivne for framtida. Han kjem til å bli viktig i mange år.

– Kva står elles igjen etter han i dag?

– Eg har aldri vore borti eit menneske som har slik todelt posisjon i ålmenta. Mange anar ikkje kven han var, men ganske mange har eit sterkt forhold til han. Om ikkje det blir skrive så mykje om han, står han utruleg sterkt blant påfallande mange av dei viktigaste norske skjønnlitterære forfattarane i dag, seier Fidjestøl.

– Den akademiske innsatsen hans syner også att i form av at han var den som førte essayteori, sakprosa og sakprosateori inn i litteraturforskinga ved universiteta våre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Han tapte alle dei store sakene han engasjerte seg i.

Alfred Fidjestøl, forfattar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis