KOMMENTAR
Stoltenberg er fangen i statsbudsjettet
Krefter regjeringa ikkje rår med, et opp det meste av utgiftsveksten neste år. Finansministeren må betala store rekningar før han kan skaffa fleire hender på sjukehuset.
Teikning: May Linn Clement
Utgiftene i forslaget til statsbudsjett for 2026 er godt over 2000 milliardar kroner. Det er ein svimlande sum som påverkar kvardagen for alle. Her skulle det vera mogleg for politikarane å boltra seg med gode tiltak for by og bygd.
Slik er det ikkje. Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) er fanga av fortida og krefter han ikkje rår over. Det er liten plass til ny politikk. Svært lite endrar seg frå år til år.
Alt som blir kjøpt inn på statsbudsjettet, vert dyrare neste år. 900.000 offentleg tilsette skal ha den avtalte lønnsveksten. Alle med pensjon og andre pengar frå folketrygda har rett på meir i 2026 enn i år. Stoltenberg må berre punga ut.
Større rekningar
Etter fråtrekk for ein del svingande utgifter aukar dei samla utgiftene på statsbudsjettet med 84 milliardar kroner frå i år til neste år. Av dette går så mykje som tre fjerdedelar til å betala for dyrare innkjøp, høgare lønningar og oppjusterte pensjonar i folketrygda.
Dette er som rekningar flest. Dei er sure, men må berre betalast. Når Stoltenberg har betalt, har han att berre 20 milliardar kroner til nye tiltak på 2026-budsjettet. Først no kan han bruka pengar på fleire hender innan helse og omsorg, fleire politifolk og endå meir straumstøtte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.