JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Opnar døra til Eikemo-huset

I 1947 bygde Lars Eikemo eit tolv meter høgt familiehus i Odda. No har Marit Eikemo skrive om arven etter bestefaren, som brått døydde frå fem ukonfirmerte søner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marit Eikemo har skrive om familie og etterkrigstid i boka  Vi er brødrene Eikemo.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

9254
20240524

Bakgrunn

Marit Eikemo

Debuterte som forfattar i 1999. Har sidan skrive ei rekkje romanar, i tillegg til noveller og essays.

Aktuell med den sjuande romanen sin, Vi er brødrene Eikemo (Samlaget).

Har hatt ei rekkje leiarstillingar i kulturbransjen.

Fødd i 1971, er frå Odda og bur i Bergen.

Vi er brødrene Eikemo er den sjuande romanen frå Marit Eikemo.

Litteratur

christiane@dagogtid.no

– Eg trur rett og slett eg følte at det hasta litt.

Eg møter Marit Eikemo ein strålande varm maidag i Bergen sentrum.

På toget over fjellet har eg lese den nye boka hennar Vi er brødrene Eikemo, som fortel historia om dei fem sønene til bestefaren Lars Eikemo, det vil seie faren hennar Per og onklane Martin, Reidar, Kåre og Einar. Det har slått meg at eg kanskje helst skulle treft henne i Odda, der barndomsheimen hennar ligg, og der eg sist trefte henne, under Litteratursymposiet for etter kvart ganske mange år sidan.

Men hei, det er jo i Bergen ho bur. Og historia har ho skrive med utgangspunkt i det livet ho lever her og no. Som forfattar og «kulturleiar», som ho vert kalla på Wikipedia, som mor til to vaksne barn og to i grunnskulealder, som bonusmor til endå to og – ikkje minst – som barnebarn av Lars Eikemo og dotter av eldstesonen Per Eikemo.

Det er frå posisjonen som vaksen utflyttar ho har skrive om barndomsheimen, Berjaflotvegen 9 i Odda, det tolv meter høge huset, som snikkar og bestefar Lars bygde, og som far Per i dag bur i åleine. Det er frå denne posisjonen ho har kjent presset: Det hasta.

Avgrensa tid

– Historiene har alltid vore der. Huset har alltid vore der. Og så kjem det eit punkt der eg ikkje kan ta det for gjeve lenger. Huset inneheld spor av alt og alle. Spor av alle som har budd der, spor av alle tider. Eg høyrde til det huset. Og, som eg skriv i boka, så har søstera mi byrja å rydde litt. Og då går det jo opp for meg at forteljingane forsvinn med alle tinga. Eg følte det var rett å ta vare på dei, seier ho.

Og sjølv onklar som såg ut til å skulle leve evig, byrjar å verte gamle. Som onkel Martin, «familiens Petter Smart, amerikafararen, den eminente mekanikaren, [som] har sine eigne løysingar på det meste», for å sitere frå boka.

– Kollegaene til onkel Martin har jo spurt kva dei skal gjere når han ikkje er her lenger og dei ikkje lenger kan spørje han om ting. Han kan jo ikkje leve evig. Då har eg tenkt at det skal vi ikkje vere så sikre på. Men det går jo den vegen med han også.

Omslaget på boka Vi er brødrene Eikemo viser det einaste biletet som er teke av dei fem brørne samla. Frå høgre Per, Martin, Reidar, Kåre og Einar Eikemo. Biletet er frå 1953, og Marit Eikemo veit ikkje kven som har teke det.

Foto: Privat / Samlaget

«Ingenting i boka er dikta opp.»

Kraftfulle karakterar

25 år har gått sidan Marit Eikemo debuterte som forfattar med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Sidan har ho skrive bøker i ulike sjangrar – romanar, noveller og essay.

Vi er brødrene Eikemo er den sjuande romanen hennar, men skil seg frå dei andre ved å skildre verkelege menneske, med dei faktiske namna deira. Ho skriv også om seg sjølv.

Og for nokre karakterar. Dei anekdotane ho ikkje har fått plass til i denne boka, vil kunne komme til nytte i seinare romanar, om ho skulle ønskje det. For brørne Eikemo er like fulle av verketrong som av risikovilje. Der dei er, vert det bygd hus, hytter, fjellbuer, båtar og idrettslag.

I 1980-åra vart dei kjende som «maraton-brørne» i avisoppslag, og i London sprang alle fem inn til ei samla tid på under 15 timar. Innsatsen Per Eikemo gjorde for idretten, vart premiert med kongens fortenstmedalje i sølv i 2008.

– Du skriv om verkelege personar. Kva omsyn har du teke til dei under skrivinga?

– Eg føler meg veldig forplikta til røynda. Og no har eg jo ikkje skrive om veldig private ting. Alle eg skriv om, har fått lese og berre hatt små innvendingar. Eg tek det som eit godt teikn på at dei føler seg tekne vare på. Det har vore viktig for meg.

Familietraume

Trass i kraftfulle brør – familiehistoria er ikkje ei solskinshistorie. Familiar vert løyste opp, og folk flyttar inn og ut av Berjaflotvegen 9. Brørne lever gjennom ulukker og kriser. Den største krisa rammar dei alt som barn: Faren Lars Eikemo døyr brått frå dei, berre 42 år gammal.

I arbeidet med å rive eit gammalt tak på eit pakkhusbygg på Smelteverket, raste taket under han, og tre arbeidarar fall mellom fire og fem meter rett ned. Med det forsvann både farsfiguren og inntekta i husstanden. Dei fem brørne skulle vekse opp i fattigdom.

Tapet av faren prega dei fem brørne på ulikt vis gjennom livet. Den eldste, Per, måtte brått verte vaksen alt som 14-åring og forsørgje resten av flokken. Broren Martin drog til Amerika, kanskje for å unngå den same skjebnen.

Etterkrigshistorie

Boka ville ikkje vore ei Marit Eikemo-bok om ho ikkje på ein eller annan måte tok tempen på tida. Familieforteljinga er også ei forteljing om å jobbe seg opp frå nærmast ingenting i ei industribygd i etterkrigstida. Og om endringane som har ført Marit til ein heilt annan stad enn dei eldre «eikemoane», til eit forfattartilvære i Bergen.

– Eg har alltid tenkt at eg ville skrive denne historia frå 50-talet, og om mentalitetsendringane vi har vore gjennom fram til i dag. Familieforteljingane teiknar eit godt bilete av dei. Som forteljinga om huset. Huset eg kjem frå, er jo veldig interessant, seier ho.

Då Lars Eikemo bygde stort i 1947, var det for at huset skulle kunne romme mange folk. Men i dag er det ikkje lenger så mange som vel å bu fleire generasjonar mellom dei same fire veggene. For mora til Marit Eikemo vart det litt vel mykje Eikemo i veggene, kan vi lese.

– Kva forhold har du til Berjaflotvegen 9 i dag?

– Det er jo barndomsheimen min. Og då eg arbeidde med Litteratursymposiet, brukte eg ein av etasjane som pendlarbustad. No står mykje av huset tomt, og eg synest det er litt vemodig at far min bur der åleine. Det store huset vart bygd med ei heilt anna livsform som ideal. Huset er ein slags samtidsruin over ei livsform.

Marit Eikemo (nummer to til venstre) fotografert saman med storesøstre og to eldre søskenbarn, i Odda på 1970-talet.

Roman om røynda

– Du kunne kalla boka ei dokumentarbok. Kva gjer henne til ein roman?

– Ingenting i boka er dikta opp, og vi diskuterte sjangeren i forlaget. Men eg ville gjerne ha fridommen til å kunne komponere boka, plassere hendingar fritt i forhold til kvarandre.

– Det er noko romanaktig over slutten av boka?

– Ja, men sjølv det som skjer der, er eg vorten fortald. Eg vil seie at det er ein roman som forpliktar seg til røynda. Og eg kunne vel ikkje funne betre romankarakterar.

Lite ferie

Vi vert kjende med brørne Eikemo som hardtarbeidande og handlekraftige. Dei eigenskapane kan vi kanskje kjenne att i den neste generasjonen?

Ved sida av å skrive bøker har Marit Eikemo både hatt fulltidsjobbar og vore aktiv i diverse styre og utval. Forlagsredaktør, festivalsjef og informasjonssjef er stikkord på CV-en hennar. I tillegg har ho sett til verda meir enn dobbelt så mange barn som den norske gjennomsnittskvinna.

I den siste boka kan vi lese om korleis Marit Eikemo må prioritere hardt for å sikre seg nokre timar til å skrive.

– Har du fått eit arbeidsgen i arv?

– Eg trur det. Det er ei ibuande side ved meg at eg aldri kviler, men berre køler på. Eg har ei grunnleggjande kjensle av at eg må stå på, sjølv om eg ikkje alltid har trunge det økonomisk. At ingenting kjem av seg sjølv. Som student vart eg overraska over dei som tok ferie. Eg har stort sett jobba om somrane, og det har teke meg nesten eit liv å ta ferie.

Marit Eikemo har skrive om familie og etterkrigstid i boka Vi er brødrene Eikemo.

Marit Eikemo har skrive om familie og etterkrigstid i boka Vi er brødrene Eikemo.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

«Huset er ein slags samtidsruin over ei livsform.»

Til scenen

For tida står Eikemo faktisk utan fulltidsjobb. Ho har nok med verv, oppdrag og skriving. Og framfor seg har ho to premiereklare tekstar til scenen.

Neste vår skal det vere klart for premiere på ein nyskriven opera, Terminus, tinga av dei tre operahusa i Oslo, Bergen og Trondheim, der Eikemo står for teksten, Therese Birkelund Ulvo for komposisjon og Maren E. Bjørseth for regien.

I sommar vil ungdommar ved Den Unge Scene framføre eit nyskrive stykke. Her har Eikemo henta inspirasjon frå demonstrasjonane mot gruvedeponi i Førdefjorden, som den eine dottera hennar har teke del i.

– Det er mykje godt stoff i dette. Vi har sivil ulydnad, ein heil jordklode som står på spel, konfliktar som går på tvers av bygda og familiar. Eg er veldig stolt og imponert over aksjonistane. Dei føler seg forplikta på ein måte min generasjon ikkje har følt like sterkt.

Driven av angst

Kva er det som driv Marit Eikemo? Er ho kanskje veldig disiplinert?

– Eller driven av ei form for angst. Det kjennest som om det brenn under føtene mine. Det er den generelle livskjensla, ler ho.

– Eg jobbar mykje. Litt sånn ustoppeleg, og eg skriv sjølv når det er tungt. Eg ventar ikkje på ein betre dag, for å seie det sånn.

Og det er visst inga oppskrift på god helse. I boka spør ho seg om dei brå vekslingane i kjensler har gått i arv frå faren: «Denne vekslinga mellom sterk lidenskap – det som gjer at du får jobben gjord – etterfølgd av ei nesten lammande kjensle av tap.»

Men Eikemo har òg eit rom for å skeie ut. Dessutan har ho ønskt å delta i arbeidslivet og vere ein del av samfunnet.

– Det gjev mykje informasjon og erfaring. Og i kulturlivet er det mykje sjauing og styr. Driv ein eit kulturhus, jobbar ein også med teknikk og med å levere øl. Dei kulturjobbane er ikkje så forfina som mange skal ha det til.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis