Leiar
EU-tull
Utanriksminister Espen Barth Eide og næringsminister Cecilie Myrseth informerer om at EU vil innføre toll på jernlegeringar.
Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
EU vil innføra toll eller minstepris på norsk jernlegering som vernetiltak for å sikra eigen produksjon av den same legeringa. Jernlegering vert fyrst og fremst nytta i produksjonen av stål.
Det er eit direkte uvenleg vedtak av EU mot eit land som har vore tett knytt til EU gjennom EØS i over 30 år. Vi er ein viktig handelspartnar som ikkje minst er ein heilt avgjerande leverandør av energi til EU. I tillegg bidreg vi med stor pengesummar årleg i EØS-midlar til dei mindre velståande landa i EU.
EU-tilhengjarar meiner denne saka på nytt syner at vi må ha ei ny EU-avrøysting. Det må vi gjerne. Særleg sidan ingen av dei som er fødde etter 1976 og er over 18 år, har fått røysta om spørsmålet. Det gjeld rundt 40 prosent av folkesetnaden vår. Dessutan har verda endra seg mykje sidan 1994. Argumenta for og imot er langt frå dei same som då.
Men ei ny folkerøysting vil dominera den politiske debatten over lang tid og snu opp ned på politiske alliansar. Så før ein set i gang ein slik opprivande prosess, bør meiningsmålingar syna eit tydeleg folkeleg krav om ei ny folkerøysting.
Den nye tollsaka kan uansett verta alvorleg for norske industriarbeidsplassar, og ho skapar uvisse om EØS-avtalen er til å stola på når det røyner på. Sjølv om det er freistande, er det likevel uklokt å koma med spontane mottiltak. Det kan slå negativt ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.