Litteratur
Etterkommaren
Kvifor er forfattaren Kjersti Ericsson einaste etterkommar av ein syskenflokk på sju? Det har ho prøvd å finne svar på i den nye romanen sin.
Kjersti Ericsson har gjeve ut ei rekkje romanar og diktsamlingar sidan debuten i 1968. I 2009 fekk ho Språklig samlings litteraturpris.
Foto: Pernille Marie Walvik
Dei sju var fødde i Trondheim mellom 1894 og 1914. Tre av dei døydde i mellomkrigstida, av tuberkulose. Av dei fire som unngjekk tæringa, fekk berre éin barn. Den nest yngste fekk ei dotter, den seinare AKP-leiaren og stadig produktive forfattaren Kjersti Ericsson, som med den biografiske romanen Den andre døden har gitt dei sju og foreldra deira eit litterært liv.
På Vestre gravlund i Oslo kviler seks sysken og foreldra under ein stein som berre ber innskrifta «Familiegrav Ericsson», ingen førenamn, ingen årstal. Far til forfattaren braut ut, i døden som i livet.
På spørsmål om ho har kjent ei plikt til å skrive denne familiehistoria, svarar Ericsson at det heller er tale om ei undring som lenge har lege i henne og gradvis vakse seg større.
– Fire sysken overlevde, og så blei det berre éin etterkommar. Eg blei interessert i dynamikken bak dette: Var det berre tilfeldig, eller låg det noko i familiehistoria og forholdet mellom alle i familien som gjorde at det blei slik? Så har eg prøvd å nøste i det og lage ei forteljing ut frå materialet eg fann.
– Var det pandemien som fekk deg til å skrive denne historia no?
– Eg var i gang med boka før pandemien slo til for alvor. Men då han først kom, låg pandemien der som ein underklang som gjorde det ekstra interessant å sjå korleis dei takla ein frykteleg smittsam sjukdom som i hovudsak råka dei unge, og korleis dei som gjekk fri, levde med tapa etterpå. Tante Ingeborg heldt til dømes fram med å vaske epla med såpevatn heile livet. Røynslene med tuberkulose må ha sett seg kraftig i henne, også i kvardagshandlingar og vanar. Kan hende får også pandemien slike verknader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.