JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Einsemda vi alle kjenner på

Forfattaren Oda Malmin veit ikkje om ho nokosinne klarar å skrive ein roman med berre éi stemme. Til det finst det altfor mange «sanningar» der ute.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Det er fascinerande korleis vi kan gå gjennom ein situasjon og oppleva han så forskjellig, seier Oda Malmin.

Foto: Oda Berby / Aschehoug

8058
20211022
8058
20211022

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Oda Malmin (34) er frå Stavanger, men har vore busett i Oslo frå 2010. Ho debuterte i 2018 med romanen Steinauge, som blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. No er ho tilbake med ein ny roman, Skinliv, som har flytta handlinga frå ein gard på Jæren til ein bygard i Oslo. I denne samlinga av psykologiske studiar følgjer vi dei tre hovudpersonane Astrid, Bjørn og Cecilie, som kvar på sitt vis slit med sine demonar. Astrid er kroppsleg og psykisk nedfor, Bjørn har med rette eller urette vore skulda for eit overgrep i fortida, Cecilie er i ferd med å gjera karriere, men trur ikkje ho er kompetent for oppgåvene som ventar henne. Og einsemda kjenner dei alle.

– Du går frå tjukkaste landsbygda i debutboka di til livet i ein bygard i hovudstaden i bok nummer to?

Skinliv er noko heilt anna enn Steinauge, men begge bøkene handlar om menneske som kjenner seg einsame i eit miljø. I Steinauge er det sentrale kor låst ein kan vera i ein viss type bygdemiljø, i Skinliv lever personane tett på folk, men kjenner seg likevel isolerte.

– Dei tre i Skinliv bur i ein bygard med balkongar ut mot ein felles gardsplass. Dei bur tett på einannan, men likevel sit dei i kvar si leilegheit og strevar med kjensla av å vera åleine. Dei har ingen, trass i at dei har folk kring seg. Då blir einsemda sett meir på spissen.

– I debutboka blei historia fortald frå to perspektiv, i denne er perspektiva fleire. Kvifor er det fleirstemde så viktig for deg?

– Eg lurer på om eg nokon gong klarar å skriva med berre éi stemme. Hovudtematikken i boka, korleis vi ser på kvarandre og kor stor avstanden kan vera mellom det blikket og slik vi ser oss sjølve, interesserer meg sterkt. Det er fascinerande korleis vi kan gå gjennom ein situasjon og oppleva han så forskjellig. Det kan vera tale om kva som blei sagt, kva tone det blei sagt i, korleis vi opplevde intensjonen og stemninga, men vi kan òg hugsa heilt ulikt om kven som sat kor, kva folk hadde på seg eller kva vi fekk å eta.

Etter som tida går, forvaltar vi desse historiene sjølve, legg til og dreg frå.

– På vegen blir forteljinga mi meir heilskapleg, men ofte også meir og meir ulik forteljinga di. Då er det interessant om det finst ei sanning. Det er ikkje rart vi går gjennom livet og misforstår og kranglar og ikkje klarar å gjera opp, når vi genuint har ulikt minne om kva som har skjedd.

Trøyst

– Kva vil du med forfattarskapen din?

– I hovudsak prøva å skildra røyndommen så nært som det lèt seg gjera, slik at lesarar kan kjenna seg att og tenkja «ja, akkurat slik er det». Den kjensla gir meg mest når eg sjølv les litteratur. Å komma gjennom dei tynne laga som ligg mellom livet i diktinga og det verkelege livet, er ein evig ambisjon for skrivinga mi. Dessutan ønskjer eg å skriva slik at dei som kjenner seg att i bøkene mine, òg kan finna ei slags trøyst eller forsikring.

Sjølv om Oda Malmin aldri har budd på ein gard, skildrar ho gardslivet i debutromanen på overtydande vis. Bygardar i Oslo har ho derimot budd i.

– Når ein er nysgjerrig på andre folk og dessutan bur i ein bygard der alle har balkong mot den same bakgarden, får ein jo eit innblikk i livet til andre.

– Og der er du?

– Eg får vel vedgå det. Absolutt. Det er lett å få fantasiar om kven folk er, kva dei jobbar med, kva for relasjonar dei har.

– Tittelen Skinliv tyder på at desse personane ikkje lever noko eigentleg eller ekte liv. Er det slik du ser dei?

– Nei, men eg ser at dei blir sterkt hemma av ulike ting, og at dei balar og strevar mykje med livet sitt. Måten dei prøver å løysa det på, kolliderer til tider med kva ein i samfunnet ser som eit fullverdig og fullt realisert liv. Men kva er eit godt liv? Bak tittelen ligg nett det spørsmålet. Kva føresetnader har vi for å få eit godt liv? Det finst jo ikkje berre eitt svar. Kanskje er det så enkelt at eit anna liv er eit liv med andre kvalitetar, men ikkje dermed dårlegare enn det ein hadde drøymt om.

– Du skildrar tre svært ulike personar, men berre ein av dei får sjølv fortelje si historie. Dei andre blir skildra utanfrå?

– Det blei slik fordi det Astrid slit med, kjem i så stor grad frå henne sjølv. Problema hennar blir skapte inni hovudet og kroppen hennar, og det får store konsekvensar for relasjonen hennar til dei kring henne og livet ho lever. Bjørns lagnad er i hovudsak blitt slik på grunn av noko ytre, ei hending og andre sine blikk og vurderingar. Cecilie står i ein mellomposisjon. Ho har eit dårleg sjølvbilete, men også forventningar og krav i arbeidsmiljøet.

Politisk brutalitet

– Korleis har du skrive fram desse skikkelsane?

– Det har vore ein lang prosess. Astrid med sine problem, styrkar og veikskapar stod klart for meg ganske tidleg. Kanskje fordi eg lenge har hatt lyst til å skriva om angst, sjå om det går an å formidla det på ein måte som gir meining for menneske som ikkje sjølve har opplevd det.

Dei to andre tok det mykje lengre tid å forma, det blei mykje prøving og feiling, seier ho.

– Ein skal jo laga heile karakterar, der reaksjonane deira i ulike situasjonar skal gi meining med bakgrunn i kven dei er, men kanskje òg overraska. Å laga heilstøypte karakterar, personar lesarane kan tru på, er ei ganske krevjande øving. Det er så lett at dei blir sjablongar, ikkje heile menneske.

Alt debutboka til Oda Malmin bar preg av eit gjennomarbeidd språk. Ho fortel at språket er noko ho jobbar svært mykje med, og forklarar det med stor språkinteresse. Ein master i nordisk og to år som manusredaktør i Samlaget fortel sitt.

– Ingen av dei to bøkene er skrivne på den nynorsken eg sjølv nyttar til dagleg. I Steinauge speglar språket det jærske, og i Skinliv har eg lagt vekt på at språket skulle reflektera hovudpersonane. Bjørn er skriven i eit normalisert bokmål sidan han kjem frå Oslo og ikkje vil stikka seg ut. Grenseoverskridande som Astrid er, ofte utan sjølvkontroll, kan ho vera frekk og dryg, og ho er derfor skriven i ein nynorsk mange vil oppfatta som utstikkande eller svært markant. Cecilie er skriven i ein meir bokmålsnær og nøytral nynorsk. Det heng saman med den søkjande posisjonen ho har, der ho strevar med å navigere mellom familie og jobb.

– Gjennom det Cecilie opplever, teiknar du eit interessant bilete av kor brutalt det politiske spelet kan vera på toppnivå i eit politisk parti. Det verkar som om du har vore på innsida?

– For tida jobbar eg i Arbeidarpartiets stortingsgruppe. Eg har vore aktiv AUF-ar sidan eg var 15–16 år, og har jobba i Arbeidarpartiet og AUF i fleire omgangar. Cecilie med sin tvil på eigne evner og kompetanse plasserte eg inn mot toppen av partiapparatet for å la henne prøve seg i eit miljø med høge krav, mykje arbeid, spisse olbogar og mange maktkampar.

Attkjennande?

– Sidan du er så oppteken av å skriva attkjennande; kva seier partikollegaer om boka?

– Det var viktig for meg å ikkje skriva om ei spesiell hending som nokon kunne kjenna seg att i. Difor valde eg ein konflikt som rett nok var attkjennande, men som høyrde til i fiksjonen. Fleire kollegaer har lese, og eg har inntrykk av at dei aller fleste ser boka som ei truverdig skildring, så eg trur eg har klara den balansen ganske bra.

– Sjølv om bokas siste ord er positive, er det ingen heilt god slutt for hovudpersonane?

– Eg har absolutt tenkt at slutten skal vera open, og at lesarane sjølve skal tenkja vidare på korleis det går med dei tre. Eg vil ikkje leggja føringar for lesinga, men det er ikkje heilt openbert at det går bra.

– Lagnadene du skildrar, kunne vore nok til tre romanar. Med den opne slutten kan vi kanskje håpa at det kjem meir?

– Eg har ingen konkrete planar om å halda fram. Men dei tre lever vidare i hovudet mitt, så det finst jo ei moglegheit. Samstundes kjende eg meg ferdig med dei då boka var ferdig. No må dei klara seg sjølve.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vil ikkje leggja føringar for lesinga, men det er ikkje heilt openbert at det går bra.

Oda Malmin, forfattar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis