Litteratur

Då Noreg, Sverige og Danmark kunne blitt eitt

I 1864 var vi «snublande nær» å få ein union av Noreg, Sverige og Danmark. Det fanst planar om å kidnappe den danske kongefamilien for å nå målet. Blant dei mest rabiate var vår seinare kong Oskar 2.

Tre skandinaviske soldatarar symboliserer skandinavismen.
Tre skandinaviske soldatarar symboliserer skandinavismen.
Publisert

Hadde Sverige-Noreg i 1864 stått ved den moralske lovnaden om å støtte den danske hæren med 20.000 mann i krigen mot Preussen, som ville leggje under seg Holstein, Lauenburg og heile Slesvig, kunne ein skandinavisk union eller føderasjon blitt resultatet. Det er konklusjonen i boka Union eller undergang. Kampen for et forent Skandinavia, skriven av dei to førsteamanuensane Morten Nordhagen Ottosen ved Forsvarets høgskole/ Krigsskolen i Oslo og Rasmus Glenthøj ved Syddansk Universitet i Odense.

– Eit slikt utfall var mykje nærare enn vi har kunna førestille oss, seier Ottosen.

– Dersom Sverige-Noreg hadde gått aktivt inn i krigen mot Bismarck og Preussen, ville Frankrike og Storbritannia intervenert. Det ville raskt ført partane til forhandlingsbordet, der ei løysing med ein skandinavisk føderasjon ville vore heilt i tråd med interessene til desse stormaktene. Bismarck ville helst ha eit Stor-Sverige, der Sverige og Preussen delte Danmark mellom seg, men såg seg også tent med eit Skandinavias sameinte statar. Både Englands dronning Victoria og Frankrikes Napoleon 3. ønskte ein slik union som ein buffer mot Russland.

– Dersom den tysk-danske krigen i 1864 hadde blitt ein tysk-skandinavisk krig, ville vi då fått ein skandinavisk føderasjon eller union, same kva utfallet av krigen blei?

– Storbritannia og Frankrike venta berre på eit høve til å gripe inn. London og Paris ville kravd time out og forlangt forhandlingar. Bismarck visste at ein skandinavisk union ville bli lagd på bordet i den augneblinken dei to landa intervenerte. Sjølv etter at krigen var over, var Bismarck innstilt på ei slik løysing, som eit stormaktsdiktat.

– I kva grad var norske styresmakter og leiande politikarar involverte i det som skulle skje?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement