Kommentar
Burde Trump fått fredsprisen?
Mange trudde Trump var ein isolasjonist. Det har han vist seg ikkje å vera. Men kva er eigentleg Trumps utanrikspolitiske dagsorden?
USAs president Donald Trump held ein tale under fredstoppmøtet i Sharm el-Sheikh 13. oktober.
Foto: Yoan Valat / Reuters / NTB
Det var
eit fantastisk PR-stunt og ein utruleg siger for Donald Trump: biletet av den
amerikanske presidenten på podiet under fredstoppmøtet om Gaza. Bak han stod
leiarar frå 27 ulike land og klappa. Benjamin Netanyahu nominerte han til
fredsprisen.
Med
truslar om å trekkja USA ut av både Nato og FN har mange trudd at Trump var
ein slags isolasjonist. Det har vist seg å vera feil. I staden har han vorte
svært aktiv på den internasjonale arenaen. Han er ikkje imot internasjonalt
samarbeid, det må berre skje på hans måte. Trump er eksepsjonalist: Dei reglane
som gjeld for andre, gjeld ikkje for han.
For dei som lurer på korleis Trumps innmarsj på den internasjonale scena vil arta seg,
kan det vera nyttig å ta ein kikk på korleis han opptrer på heimebane. Den
manglande respekten for konstitusjonell rett og sedvane er gjennomgåande. Så
langt er det amerikanske rettsvesenet sylta ned i over 200 saker som på ulike måtar handlar om
politikken til Trump-regjeringa. Eitt døme er forsøket på å ta kontroll
over rentepolitikken frå sentralbanken ved å avsetja ein av medlemmene i bankens
renteråd. Klarer han å avsetja éin medlem, kan han sjølvsagt også avsetja
fleire, og indirekte få kontroll over sentralbanken. Så langt har han ikkje
lykkast, men saka er langt frå avgjord.
Sjølvstendet
til direktorata er viktig i eit demokrati: Påstandar skal kunna sjekkast og
kontrollerast utan at ein skal frykta represaliar frå presidenten. Dette bryr
Trump seg lite om: Då direktoratet for arbeidsstatistikk publiserte data som
viste aukande arbeidsløyse, sparka Trump leiaren for byrået. Han har også
sparka fleire av styremedlemmene i arbeidstilsynet, og dessutan leiaren for konkurransetilsynet
og leiaren for forbrukartilsynet.
Fleire
amerikanske delstatar og selskap har saksøkt Trump-regjeringa for ulovleg
handelspolitikk. Store endringar i tariffane skal i utgangspunktet forankrast i
Kongressen. Men kverna til rettsvesenet mel langsamt, og i mellomtida opptrer
Trump som om han har retten på si side. Nasjonalgarden er send inn i fleire
amerikanske delstatar. Det eksisterer sjølvsagt mange lovmessige skrankar som skal
hindra ein president i å bruka nasjonalgarden på denne måten. Men også her
utnyttar Trump sommelet til rettsvesenet.
Dette er
berre nokre døme på korleis Trump utfordrar amerikansk rettsorden. Andre døme er nedlegginga av utdanningsdepartementet, oppretta gjennom eiga lovgiving i
1979, og måten han har halde tilbake føderal støtte til universiteta på, for å
tvinga fram sin eigen politiske dagsorden. Det me såg i Sharm el-Sheikh, er at Trump
no tek i bruk dei same verkemidla han har brukt heime, til å skaffa seg makt
ute: Han bryt ned tilliten og støtta til internasjonal rett og mellomfolkeleg
samarbeid, samtidig som han byggjer opp seg sjølv som den som kan «fiksa»
problema.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.