Kommentar
Sarpsborg – byen staten gløymde
I Sarpsborg kneler det kommunale tilbodet under vekta av innvandring frå andre delar av landet. Eg forstår ordføraren som kjenner seg forlaten av staten.
Fleire tusen innvandrarar har dei siste åra skifta bustad frå andre kommunar til Sarpsborg. Med sekundærinnvandring følgjer ingen statlege støttekroner, trass i at dei kommunale utfordringane knytte til denne gruppa er store og inntektsevna lita.
Foto: Thomas M. Hansen / Wikimedia Commons
Dei mellomstore byane i Noreg vert sjeldan omtalte i det nasjonale ordskiftet, berre når fotballklubbane deira spelar viktige kampar. No er det annleis for Sarpsborg, den gamle industristaden ved nedre del av Glomma. Både i valkampen og i det seinare ordskiftet vart kommunen nytta som døme på ei farleg utvikling i ungdomskriminaliteten.
Dei siste hendingane kom ikkje som eit sjokk, meir som noko det var varsla om. Ein er ikkje framand for debatten om «svenske tilstandar», og når eg har intervjua folk i kommunen, fortel dei om utfordringar som trugar med å vekse dei over hovudet.
Attraktiv flyktningby
Paradoksalt nok har desse problema å gjere med at staden har vorte særs attraktiv for visse grupper av innvandrarar. Fleire tusen har dei siste åra skifta bustad til kommunen, oftast etter at dei opphavleg vart busette i mindre kommunar og stader i Vest- og Nord-Noreg. Til dette kjem at mange av dei er flyktningar med særskilt store utfordringar – flyktningdelen av den totale innvandringa er på 50 prosent i Sarpsborg (og eit fleirtal av desse er frå Irak og Somalia), medan snittet i landet er 30 prosent og omfattar fleire arbeidsinnvandrarar.
Med sekundærinnvandring følger ingen statlege støttekroner, i motsetnad til når innvandrarar først vert busette i ein kommune. Ja, Sarpsborg er kanskje den kommunen med den mest krevjande innvandrarbefolkninga, skal vi tru dei eg har snakka med som jobbar med desse sakene. No har kommunen flest låginntektsfamiliar i heile Noreg.
Ordførar Magnus Arnesen (H) svarar straks ja då eg spør om kommunen kjenner seg gløymd av staten. Han meiner sekundærinnvandring utgjer eit stort, stort hòl i integreringspolitikken:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.