JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

«Lausunge» og stjerneforfattar

Dotterdottera minnest Johan Bojer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattaren Johan Bojer levde frå 1872 til 1959.

Foto: Nynorsk kultursenter / Digitalt museum

3429
20221125
3429
20221125

Litteratur

bent.kvalvik@nb.no

Eit av kulturjubilea i 2022 vedgår den mangslungne forfattaren Johan Bojer. Det er 150 år sidan han kom til verda, under tronge kår, sett bort gardimellom av ei stakkars ugift ungjente som hadde kome «i uløkka». Men livet stelte etter kvart betre med han. I førre veka heldt dotterdotter hans, Anne Joronn Sætre, eit foredrag om bestefar sin på Asker Museum. Det var òg i «kunstnardalen» i Asker Bojer fann sin lengstvarande heim.

– Endå eg hadde bestefar heilt til eg var vaksen, er det helst i ettertid eg har vorte kjend med han, paradoksalt nok, seier Anne Joronn i dag.

– Det er rart no å tenkje på kor langt han nådde fram. Han fekk ingen lett start. Han måtte arbeide frå han var fem–seks år gamal, og den tidlegaste skulegangen var så som så. Men han hadde ei fostermor, mor Randi, som kunne fortelje om draugar og tussar og troll, som ho trudde på sjølv. Av henne var det han lærte forteljingsmagien.

Etter at den biologiske mora var død, kom faren inn i biletet med stønad, og så rakk Johan både amtsskulen og underoffiserskulen. Da vart litteraturinteressa tend for alvor.

– Så fekk han første jobben sin som betjent i eit handelsfirma i Trondheim. Då fekk han òg bli med på lofotfiske, og det gav sterke inntrykk som seinare skulle inspirere han i skrivinga.

– Forfattardebuten kom tidleg?

– Ja, han fekk ut første boka da han var 21 år, men det tok tid før merksemda skaut fart. Etter at faren døydde, fekk han ein del pengar mellom hendene, men det var først etter at han trefte kona si, Ellen, at livet hans kom på skjener. Dei fekk reist ein del i utlandet, og Bojer fekk knytt kontakt med fleire samtidige norske diktarar.

– Journalist vart han òg?

– Han vikarierte som teatermeldar i Aftenposten, og under første verdskrigen vart han sendt til Paris som korrespondent. Heime derifrå drog han på foredragsturnear og fortalde om krigstilhøva. I denne tida var det òg han kjøpte tomt på Hvalstad og blei askerbøring.

Med det var i 1921 det store internasjonale gjennombrotet kom.

– Han hadde vore «heime» i Rissa, der han var kvar sumar så sant han var i Noreg. Inspirert av det skreiv han Den siste viking, skildringa av det beinharde fiskarlivet, som vert lesen over heile Europa og i Amerika. Der la han det store gullegget og fekk signert ein verkeleg klassikar.

– Er den boka din favoritt òg?

– Eg kjem stadig attende til Den siste viking, les litt her og der og opplever gjensynsglede. Men nett no er eg mest oppteken av Fangen som sang frå 1913, som er ei forteljing om identitet. Den frykta kritikaren Carl Nærup slakta den boka, men det var høgst ufortent. Bestefar skreiv jo 40 verk på nærare 60 år, og alt blei ikkje like bra.

Ho meiner det framleis er imponerande kor vidfemnande han var.

– Nokon særskild sjanger trur eg ikkje han eigna seg til. Han var nok mest oppteken av å fortelje ei historie. Forresten, kjem du frå Dag og Tid, sa du? Den har eg abonnert på i alle år, men det trur eg ikkje bestefar ville gjort. Vel blei han god til å skrive på Rissa-dialekt, men han stod faktisk i Riksmålsforbundet. Mot slutten blei han samnorsktilhengar.

– Han vart ein gamal mann, trass i ujamn helse?

– Det vart han. I siste fasen er det eit fyndord som lever etter han: «Den som spiser, drikker og røker lite og danser meget, særlig med vakre kvinner, han har utsikt til å leve meget lenge.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis