Kultur

Landstad hadde meir på hjartet

I fjor blei Landstads einaste diktsamling gjeven ut på nytt.
   

Portrett av Magnus Brostrup Landstad.
Publisert Sist oppdatert

«Han bidro i høy grad til å gjøre nordmenn klar over sitt eget verd, sin kulturarv og sin plass mellom nasjonene», sa kronprins Olav om diktarpresten Landstad i 1951.

Det er lite som gir ein betre inngang til norsk tankeverd gjennom hundreåra enn hans Norske Folkeviser (1853) og Kirkesalmebog (1869), som inneheld både visene me song på fritida og salmane me song i kyrkja. Likevel er Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) i dag snart like ukjend for ålmenta som folkevisene var då han berga dei frå gløymsla. Litteraturhistorikarane ser han ikkje som særleg relevant lenger, kanskje med rette? Sjølv kan eg ikkje hugsa å ha høyrt eitt ord om Landstad då eg gjekk på skulen. Eg var kanskje ikkje den flinkaste eleven, men tviler på om dei som gjekk ut med karakter 6 i alle fag, lærte stort meir om han.

Eg er meteorolog, men for nokre år sidan trong eg jobb og fekk napp i Vest-Telemark blad. Eg hadde ingen kjennskap til Vest-Telemark – ikkje hadde eg høyrt om Seljordsormen, ikkje visste eg om Dalen Hotel, og ikkje hadde eg lese Tarjei Vesaas, for å seia det mildt. Eg trudde eg kom til eit land fullt av fagre budeier og stavkyrkjer.

Eg såg litt av det òg, men i dag er det Landstad eg har teke med meg mest av alt. Føreordet til Norske Folkeviser, som opphøgjer Vest-Telemark til sjølve midtpunktet i den norske folkeviseheimen, var spanande stoff for ein som tilfeldigvis hadde hamna nett der. Det var òg noko litt meteorologisk med det, syntest eg: Slik kaldlufta kan bli liggjande att i avskjerma dalar i fleire dagar medan eit mildvêr et seg gjennom landet, så kan ein visekultur òg overleva i fleire hundreår i dei litt fjernare bygdene utan å missa si eigenart, medan motane skiftar elles. Og det gjeld ikkje berre Vest-Telemark – Folldal har til dømes ein rik slåttetradisjon, og er samstundes eit av dei verste kuldehola i heile Sør-Noreg.

Men Landstad «er i ferd med å få et glemselens slør trukket over seg og gli ut av den kollektive norske kunnskapen», skriv Stiftinga Nasjonalt Landstadsenter. Dei gir ut hans skriftlege arbeid, bind for bind, i bokverket M.B. Landstad. Skrifter. Heldigvis får me òg grundige innleiingar og kommentarar i kvart bind, hovudsakleg av folkeminneforskaren Ørnulf Hodne.

Fyrste bind blei sleppt i 2012 og omtala i Dag og Tid, og sidan har dei kome jamt og trutt. Fjerde og femte bind, om høvesvis Norske Folkeviser og Landstad som salmediktar og salmebokredaktør, blei òg melde i denne avisa av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Det sjuande og førebels siste bindet kom i fjor, og Hodne sjølv, som no er 90 år, presenterte boka på Nasjonalbiblioteket. Denne gongen var temaet Landstads einaste diktsamling Sange og Digte af forskjellige Slags, mest fra gamle Dage, frå 1879. Landstad var då ein gammal mann som hadde dikta heile livet, men dei fleste dikta er frå 1840- og -50-åra.

Få la merke til samlinga då ho kom, truleg fordi andre, yngre forfattarar storma fram på denne tida.

Få la merke til samlinga då ho kom, truleg fordi andre, yngre forfattarar storma fram på denne tida. Likevel kan det i dag vera interessant å bli betre kjend med denne diktarpresten og folkeminnesamlaren, då debatten om Noreg har blussa opp att, om kven me er og kvar me skal. Landstad-tekstane er prenta i gotisk skrift, som er litt framandt, men me kjem fort inn i det.

I den 150 sider lange innleiinga loser Hodne oss gjennom det heile, med utdrag og bilete. Samlinga er variert og inneheld kvardagsdikt om bygdelivet, om prestegjerninga, om fuglane, trea og blomane, og polemiske dikt.

Dei mange hyllestdikta til notabilitetar og nær familie er kanskje ikkje ein fest å lesa i seg sjølve, men med litt tolmod og nyfikne får me her likevel eit bilete av kven Landstad sette høgt. Me lærer òg nokre nye namn, som Fredrikke Egeberg (1815–61), i dag ein svært ukjend komponist, men som var vidkjend på 1850-talet. Ho tonesette tekstar av diktarar som Landstad, Grundtvig og Wergeland. Dei som vil høyra, finn henne i nokre nyare innspelingar, mellom anna av mezzosopranen Marianne Beate Kielland.

Det som er ein fest å lesa, er nokre av dei polemiske dikta. Her ser me ei anna, friskare side av nasjonsbyggjaren. Mest kjend er diktsyklusen «Neslands kirke», som vart ein brannfakkel i samtida og enno i dag står som eit mektig protestdikt mot dei som reiv den gamle stavkyrkja i Vinje i 1847.

I eit anna dikt, «Abeste, abeste, profani» («Vik bort, de vanheilage») skriv han:

«Pietet for Sten og Stas / som af Alder lider, / hvad er det for Tant og Fjas / i disse oplyste Tider?»

Diktaren tek her til motmæle mot at verdslege val skal gå føre seg i kyrkja – for Landstad endå eit døme på korleis den nye tidsånda herja med gudshusa.

Dissentarlova frå 1845 var eit anna døme. Lova gav kristne trussamfunn rett til å skipa frie kyrkjelydar utanom statskyrkja – det fyrste steget mot religionsfridom i Noreg. Landet låg no ope for all slags «falske Aander», som baptistane, mormonarane og kvekarane. Særleg var det metodistane som provoserte Landstad, for dei slo rot i Halden, der han sjølv var sokneprest frå 1849. 

Dissentarlova har medverka «til Splid og Forvirring i vore Menigheder ved, at disse bleve en yndet Missionsmark for alskens fremmede udenlandske Sekter, Proselytmagere og Vranglærere», skriv han i ein fotnote til diktet «Morten Luthers Minde». Her manar han til ei luthersk vekking som vern mot dissentarane, «Basilisker» som no fritt kan få ruga sine egg:

«Ser du ei, hvor skammelig, / med din Arv man rusler? / Ugagnskryb forsamler sig / og i Mørket pusler (...)»

Han gjer seg såleis til ein «mørkemann» og åtvarar sterkt mot trusfridom. Det er ikkje særleg liberalt, og heller ikkje relevant for vår tid. Men om me ikkje tek han altfor bokstaveleg, kva kan me få ut av han i dag? 

Diktaren Landstad minner oss mest av alt om våre kristne røter. I dag vil mange ikkje høyra tale om slikt. «Kristne verdiar, meiner du då undertrykking av skeive og samar?» Kristne i Noreg har sin del av skulda for at me har hamna der. Kan henda hadde det vore meir tenleg å halda seg til konkrete spørsmål om tendensar og fenomen i samfunnet som kristne bør ta stilling til, utan å slengje inn dei mest splittande omgrepa heile tida. Med andre ord: fylla orda «kristne røter og verdiar» med meining.

Landstad gjorde det i sine dikt. Gud og kyrkja går som ein raud tråd gjennom det meste, og i «Et Sognebud» kjem me tett inn på sjelesørgjaren Landstad. Han rir oppover eit vått og myrlendt vårlandskap og inn til ei elendig hytte, der han gir nattverd til ei fattig enke som ligg for døden, og dottera hennar på åtte år: «Jeg bredte min Dug på Tilje, / der var ikke Bord eller Pald – / og takket min Frelser milde / for Krybbeleiet i Stald.» Jolemotivet kjem til han kanskje fordi han opplevde nett det som pave Leo XIV sa i si fyrste jolepreike: Guds allmakt skin i eit nyfødt barns avmakt, eller i avmakta til ei dødssjuk aleinemor. Det er uforståeleg, men som Landstad seier i ein nattverdssalme: «Ei forstanden det utgrunner, / troen ene ser Guds under».