JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarKultur

Ord for ord

Bør det vera greitt å plagiera berre litt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3364
20171103
3364
20171103

Kommentar

britaksnes@gmail.com

Sjølvsagt finst det grader av brotsverk – det er verre å rundstela ein kåk enn å ta berre stereoanlegget. Men fortel du ungane dine at det er OK å stela lite grann? Bør dei læra seg at det er greitt å ta nokre snarvegar sjølv om det strengt talt ikkje er lov? Kjapt overført til skriving: Er det noko som er meir OK å plagiera enn anna?

Daniel Butenschøn vart teken for juks i Dagens Næringsliv, Håvard Nyhus det same som kommentator i Bergens Tidende. Til og med redaktør Helge Øgrim i fagbladet til journalistane, Journalisten, måtte vedgå å ha omsett heile avsnitt frå utanlandske artiklar. For nokre dagar sidan kom nok ei plagieringssak for dagen, denne gongen litteraturkritikar i Bergens Tidende, Silje Stavrum Norevik. Ho hadde kopiert store delar av innhaldsoppsummeringa til ein kollega i Dagsavisen og i si eiga melding. Ho vart oppsagd på dagen og la samstundes ut ei orsaking, både i avisform og på Facebook-sida si. Støtteerklæringane har sete laust. Det skal utvilsamt løna seg å vera ærleg om feilskjera sine, og gode vener stiller opp i tjukt og tynt, som dei skal, særleg på den private sida hennar. Å skilja sak frå person er på sin plass, men la ikkje saka forsvinna av den grunn.

Handlingsorientert

«Det dreier seg særlig om passasjer knyttet til handlingsreferat eller beskrivelser av bøkene, og handler om at jeg har tatt noen snarveier i arbeidet med å presentere bøkene for leserne.» Ho har valt å presisera at ho angrar på å ha gjort det, men peikar så på at meiningane om boka, altså den eigentlege dommen, er skriven av henne åleine. Og dette har falle folk langt lettare, viser det seg. Somme synest til og med at ho burde få halda fram i jobben, sidan det var så lite alvorleg. Men då kjenner eg at på vegner av kritikarstanden, som eg sjølv så audmjukt tilhøyrer, vert kraftig irritert. Det å skriva kva boka – eller filmen, i mitt tilfelle – handlar om, kan kanskje verka som plankekøyring, men dette er både vanskeleg, tidkrevjande og ofte beint ut kjedeleg. Viss me skal byrja vektleggja ulike delar av ein tekst som meir innanfor å plagiera, er me ute å køyra. Berre det at ein kritikar vel å lesa kva andre meiner om boka før ho eller han set seg ved datamaskina, er ei svært underleg tilnærming til stoffet. Det styrker iallfall ikkje meldarstanden, som i utgangspunktet er ein stand som går for å ha integritet.

Prinsippfast

Så kan ein godt diskutera om ein i det heile teke treng ein meldarstand. I lys av kulturminister Linda Hofstad Hellelands tidlegare utspel i år om at ho håpa det blei slutt på at nokon skulle setja seg til doms over kva som var god og dårleg kultur, kan ein kanskje sjå det som kritikk av at me har kritikarar. Men så lenge me har kritikarar, er det minste ein kan forlanga av desse, at dei sjølve har produsert teksten bak meiningane sine. Slike saker er sjeldne, noko som tilseier at dette prinsippet framleis står sterkt. Så lenge me torer ta det opp og ikkje berre tilgjev og gløymer. Men viss plagiering er det verste ein skribent kan verta teken for, kvifor skjer dette i det heile? Risikoen er stor, skamma endå større. Kanskje dei lyt til, desse som vert avslørte og utskjemde, for å minna oss på at det ikkje er lov å stela.

Brit Aksnes er frilans kultur-
arbeidar og filmmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.

KunstMeldingar
Mona Louise Dysvik Mørk

Etterlysing og turné

Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.

Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Studieopptak og skulifisering

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis