JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Jon Michelet

(1944–2018)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjømann Michelet har mønstra av.

Sjømann Michelet har mønstra av.

Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix

Sjømann Michelet har mønstra av.

Sjømann Michelet har mønstra av.

Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix

3704
20180420
3704
20180420

Kva assosierer vi med den stolte sjømannen? Vidsyn, toleranse, å vere raus og ha evne til på like fot å omgåast menneske av alle slag. Der har du sjømann Michelet! Om han berre sigla til sjøs nokre få år, var han sjømann heile livet. Sjølv om Jon Michelet var mykje anna, òg, er det så rett at han skulle runde av det eventyrlege livet sitt med storverket om krigsseglarane.

Om ikkje noko anna blir ståande att etter den mangslungne mossingen, vil dei seks banda om norske sjøfolks harde lagnader og vonde opplevingar i den andre verdskrigen bli ståande som ein bauta. Ikkje berre over ein sjømannsstand som ikkje fekk sin rett, men også over mannen som til slutt gav dei rett.

Bøkene skulle sjølvsagt vore skrivne fleire tiår før. Men ingen tok på seg å gjere det. Då Jon Michelet gjekk laus på oppgåva, som vart mykje meir omfattande enn han hadde sett for seg, var det som om han igjen vart sjømann med heile seg. Forfattaren trekte på alt han hadde av kunnskap om sjøen og sjømannslivet, henta frå eigne og andre sine røynsler. Og så skaffa han seg osean av kunnskap – historiske, geografiske, maritime og andre, som han med stor forteljarglede delte med lesarane.

Mange av dei han lyfte opp, hadde lenge lege nede, vore miskjende. Utan store ord gav Jon Michelet dei heltestatus og synte oss kva for helvete dei hadde vore gjennom for å sikre forsyningar til allierte styrkar på ulike frontar.

Det ligg eit perspektiv i dette, eit perspektiv som går gjennom heile Jon Michelets allsidige forfattarskap og liv: Han var på dei svake og undertrykte si side. Enten han jobba som sjølvproletarisert bryggesjauar eller redaktør for Klassekampen, var programleiar i NRK eller politikar og aktivist, var han den same. Han visste kvar han høyrde heime, visste kva solidaritet er, visste at ord ikkje alltid er nok, men at det også må handling til. I ettertid var han nok ikkje like stolt over alt han hadde vore med på som ml-ar, men han var heller ikkje den som kritikklaust følgde partilinja i eitt og alt.

Det uvørdne, omsynslause og direkte, som han beundra slik hos Arthur Omre, ser vi i krim- og spenningsromanane, som først skaffa Michelet eit forfattarnamn. Og politisk er han på den antikapitalistiske sida, sjølvsagt. Men med playboytendensane sine var nok ikkje Vilhelm Thygesen, gjennomgangsfigur i ti krimromanar (to av dei fekk Rivertonprisen), heilt slik partiideologane ønskte – sjølv om han også var passe rufsete og rabulistisk. Med åra vart denne antihelten meir tam, og den lenge så tydelege samfunnskritikken litt mindre skarp. Sjølv på sitt veikaste ryddar han likevel opp, og like til det siste synest han vere talerøyr for forfattaren.

Om Thygesen var opprørsk, slår han ikkje opphavsmannen. Femten år gammal vart han fakka av politiet innan han rakk å måle den siste bokstaven i «Fritt Angola» på fortauet utanfor den portugisiske ambassaden i Oslo. Han vart utvist frå Ullern Skole, blei ekskludert frå AUF (kva hadde han no der å gjere!?), fekk sparken frå redaksjonen i avisa Nordlys og var ikkje alltid elska av AKP. Jon Michelet gjekk sine eigne vegar og følgde si eiga overtyding. Som politisk debattant og aktivist fekk han alltid overskrifter, for media elska spissformuleringane hans, og han var ikkje redd for å rope ut mot urett.

Den dagen det ikkje lenger er «noe gærent» med meg, vert eg vel gravlagd, sa han for mange år sidan. Den kritiske røysta og den intense opposisjonen hadde ikkje heilt forstumma då dødsbodskapen kom. Rett nok hadde det stilna merkbart dei siste åra, sjukdommen og skrivinga tok alle kreftene, men saknet av denne rungande samfunnsrøysta og ruvande historieforteljaren vert ikkje mindre av den grunn.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis