JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

8746
20240516

Kunstsilo

Kunstsilo forvaltar tre kunstsamlingar: Christianssands Billedgalleri, Sørlandssamlinga og Tangen-samlinga.

Opningsutstillinga Nordiske lidenskaper viser nordisk modernisme frå perioden 1910–1990.

Kurator er Åsmund Thorkildsen.

Kunstsilo var opphavleg ein kornsilo som blei bygd og teken i bruk i 1935.

I 2015 starta planlegginga, og i 2019 starta sjølve ombygginga frå silo til kunstmuseum.

Totalt bruttoareal er i dag 8500 kvadratmeter.

Ombygginga fekk ein prislapp på 710 millionar kronar.

Arkitekten bak kornsiloen var Arne Korsmo.

Bygningen slik han framstår i dag, er teikna av det spansk-norske arkitektkontoret Mestres Wåge Arquitectes.

Utstilling

Nordiske lidenskaper

Kunstsilo på Odderøya
i Kristiansand

Den 8. april 1935 starta arbeidet med siloen som var det første eksempelet på funksjonalistisk arkitektur i Kristiansand. Den unge arkitekten Arne Korsmo hadde henta inspirasjon frå utanlandsreiser, og bygginga gav mange kjærkome arbeid i ei tid prega av stor arbeidsløyse.

Dette var første gong glideforskalingsteknikk blei teke i bruk i Noreg. Her blei forskalingsformene gradvis flytta oppover før betongen var tørr, og ein unngjekk svekkande skøytar. Same teknikk blei seinare nytta i konstruksjonen av oljeplattformer.

Femten sylinderforma celler på 38 meter blei bygde i løpet av tre sommarveker. Alt i desember same år blei siloen teken i bruk. På det meste hadde han plass til 15.000 tonn korn.

Gåve?

I 2015 starta omforminga frå forfallen kornsilo til eit museum med tre faste samlingar: Tangen-samlinga, Sørlandssamlinga og Christianssands Billedgalleri. Enkelte har stilt seg kritiske til i kva grad forretningsmannen og oljefondsjefen Nicolai Tangen faktisk har gitt si samling som ei gåve til museet. Eigar er framleis Ako Kunststiftelse, som Tangen sjølv oppretta og der han i dag er styremedlem, men museet har evig disposisjonsrett. Andre plasserer kritikken under janteloven og peikar på at ingenting hadde blitt noko av utan Tangens initiativ og ressursar.

«Det er forfriskande å sjå dei norske kunstnarane i selskap med svenske, danske, finske og islandske.»

Inngangsbilletten på 190 kroner har òg blitt gjenstand for kritikk. Høge billettprisar er ei utfordring som gjeld mange av musea i Noreg i dag. Ein kan undre seg over at andre store institusjonar i Europa, som til dømes Tate Modern i London, har nok midlar til å tilby gratis inngang, med ei klar målsetting om at kunstopplevingar skal vere tilgjengelege for alle.

Imponerande hall

Tangen-samlinga består i dag av over 5000 verk, og i utstillinga Nordiske lidenskaper får me sjå heile 600 av desse. Kurator er Åsmund Thorkildsen, og her er både skulpturar, keramikk, tekstil, foto, grafikk og måleri av nordiske kunstnarar frå 1900-talet.

Ein rusletur frå togstasjonen til kornsiloen på Odderøya tek ti minutt. Vel inne i bygningen blir publikum ståande i ein imponerande hall der fleire av sylindercellene er fjerna, bortsett frå dei øvste delane, som no dannar betongsirklar i himlingen, om lag 20 meter over golvet.

Ei flott spiraltrapp i tre dempar det rå inntrykket og snirklar seg oppover ein sylinder som er delvis opna i sida. I alle etasjane er det balkongliknande opningar der publikum kan sjå utover den nærmast sakrale midthallen. Trass i mange besøkande blir lyden dempa av alle dei avrunda veggane.

Trongt om plassen

Ein kan tenke at eit bruttoareal på 8500 kvadratmeter er meir enn nok, men her som andre stader er det berre eit lite utval av samlingane som kan stå framme. Akkurat som eplebøndene må knipe av dei fleste av blomane for å få store eple, så må også ein kurator gjere vanskelege val.

Dessverre opplever eg at mange av romma er overfylte. Særleg gjeld dette romma med både måleri og skulpturar. Det eine forstyrrar det andre. Skulpturar som «Le Combattant/ Krigeren» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba blir berre ein del av eit virvar på midten. Same kor eg går, så er det ikkje mogleg å sjå denne flotte skulpturen mot nøytral bakgrunn.

Innimellom fungerer det bra med mange verk tett saman, som i rommet med Per Kleivas måleri «Fangar du meg – nei (kom)»og Albert Mertz’ ulike variantar av «Svevende rumkasse» (1968) hengande i taket.

Mange av fotografia er litt stemoderleg plasserte i smale siderom som ein lett kan oversjå. «Solen» (1968) av Synnøve Anker Aurdal er eit av dei flotte verka som eg ville sett med meir luft rundt, og gjerne med ein benk framfor som kunne invitert til nokre minutt med ettertanke. Det er forståeleg at ein vil vise fram mykje, men paradokset er at me fort ser mindre av alt.

Litt vel kjapt

Det er forfriskande å sjå dei norske kunstnarane i selskap med svenske, danske, finske og islandske. Veggmonterte tekstar set kunstverka i ulike historiske perspektiv, og viser i stor grad korleis dei nordiske kunstnarane reiste til byar som Paris og Berlin og tok med seg inspirasjon heim att.

«Murere» (1932) av Carl von Hanno, er ei tidstypisk idealisering av arbeidaren. Teksten på veggen presenterer dette som ei retning med utspring i Tyskland som representerte ein sterk kontrast til modernistane. Kanskje ville ikkje tekstforfattaren vere ein festbrems, men her blir det hoppa vel kjapt over det faktum at dette også var ein stilart på full fart inn i nazistisk propaganda, og at nazistane i tillegg konfiskerte og brende modernistisk kunst som dei såg som degenerert og ein moralsk trussel.

Ubehageleg kopi

Eit av verka som gjer stort inntrykk er «Gjerdeløa» (1980) av Marianne Heske. Under svære avskorne betongsylindrar står ei lita tømmerløe. Det er alt over 40 år sidan dette verket blei vist på sjølvaste Pompidou-senteret i Paris. Etterpå blei løa flytta tilbake til Tafjord, heimbygda til Heske, før ho på ny dukka opp på Astrup Fearnley i 2014, no med ein kopi i kunstharpiks.

Kopien har alle dei same detaljane som originalen, heilt ned til dei innskorne bokstavane og teikningane på tømmerstokkane. Kontrasten mellom original og kopi er først fascinerande, så ubehageleg, for same kor nøyaktig alt er gjenteke, så blir det feil. Verket tek i aller høgaste grad pulsen på vår tid, og sender tankane mot ulike dystre slagsider ved teknologiske framsteg.

Etter å ha sett alle etasjane blir det uklart kor verk frå dei andre to samlingane er. Om ein tilfeldigvis løftar opp verklista frå ein boks på veggen, viser det seg at det eine bordet har keramikk frå Sørlandssamlinga. Alt anna ser ut til å vere frå Tangen-samlinga. På heimesida finn eg ingen informasjon om dette, og heller ingenting om kor lenge Nordiske lidenskaper skal stå.

Eit hinder

I 2019 blei fleire kunstnarar inviterte til å gjere nytolking eller omarbeiding av verk frå Tangen-samlinga. Ei av dei inviterte, Marthe Elise Stamrud, reagerte på at samlinga som då var på rundt 3000 verk, berre hadde 357 verk av kvinnelege kunstnarar. Ho laga 76 keramiske verk med referanse til kunstnarar som ho meinte mangla.

At ei såpass nyinnkjøpt samling har ein andel kvinnelege kunstnarar nede på rundt 12 prosent, er oppsiktsvekkande. Faktisk er dette lågare enn dei fleste gamle, faste samlingane i Noreg. Ein kan håpe at innkjøp frå dei siste fem åra har justert dette noko. Kuratoren har med utvalet sitt fått andelen noko opp i opningsutstillinga.

Ambisjonane er høge med god grunn. Her er flotte verk og ein bygning som imponerer stort. Samstundes må enkelte faktorar på plass om dette skal bli det dei sjølv annonserer som eit av Nord-Europas mest nyskapande kraftsenter for kunst- og kulturopplevingar. Først og fremst ligg det i Tangen-samlinga eit stort potensial i auka innkjøp av kvinnelege kunstnarar som det i dag ikkje lenger finst unnskyldning for å oversjå eller undervurdere.

At ei tidlegare privat samling no er offentleg tilgjengeleg, er fantastisk. Samstundes ligg det eit auka ansvar opp mot publikum som fortener at museet er bevisst samfunnsrolla si. Utvalet i ei samling legg føringar for det publikum opplever som viktig og verdfullt frå fortida.

Kulturdirektoratet annonserte i museumsprogrammet for 2015–2017 tydelege mål for alle norske museum, der dei oppmoda om å vere bevisst rolla som viktige premissleverandørar i eit moderne demokratisk samfunn.

Her og no er klare hol i Tangen-samlinga eit hinder på Kunstsilo sin veg mot å bli ein aktuell og truverdig nasjonal og internasjonal aktør.

Mona Mørk

Saka vart oppdatert torsdag 16. mai kl. 14.05.

Kornsiloen på Odderøya i Kristiansand.

Kornsiloen på Odderøya i Kristiansand.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis