JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

3055
20240516
3055
20240516

Thriller

Regi: Ole Bornedal

Nattevakten: Demoner går i arv

Med: Fanny Leander Bornedal, Nikolaj Coster-Waldau, Kim Bodnia
Kinofilm

Det er gått mange år sidan mor til Emma (Bornedal) tok livet av seg. Ho klarte ikkje traumaa etter at ho og kjærasten (og no far til Emma) Martin nesten vart drepne. Dette skjedde for tretti år sidan, då ein seriemordar gjekk laus på sjukehuset der Martin jobba som nattevakt. Og som tittelen avslører: Marerittet vender tilbake. Kanskje dreping faktisk er arveleg?

Off-følgjar

Eg hugsar godt då den fyrste Nattevakten (1994) kom på kino. Det må vera den skumlaste filmen eg såg det året, berre skikkeleg ekkel. Heile tida lurar du på kva lyden rundt hjørnet er, og samtidig veit du at det kjem til å vera fælt. Når settingen er nattevakt på rettsmedisinsk, altså likhuset, veit du at det ikkje blir koseleg.

Regissør Ole Bornedal har samla mesteparten av gjengen frå 1994, utanom Sofie Gråbøls Kalinka, som då ifølgje manus gjorde sjølvmord. Den gongen spelte Kim Bodnia den sprø jusstudentkompisen til Martin, og det var han som la til rette for alle dei gufne likhuspåfunna som bygde opp til skrekken.

«Eg lurar på kva i alle dagar Bornedal vil med dette her.»

Bornedal må ta all skulda – han har skrive manus og regissert begge filmane, og han kan umogleg ha brukt gode konsulentar på dette her, snarare fått grønt lys på grunn av det lovande utgangspunktet, som eg jo forstår at det er freistande å laga ein oppfølgjar til – men dette er den tammaste, kjedelegaste, blodfattigaste, minst skrekkgrøssande horrorfilmen eg kan tenkja meg.

Faktisk – eg skulle klart å tenkja meg til ein langt skumlare film sjølv. Kinoen har slengt på kategoriane skrekk, grøssar og horror, noko som må vera tidenes lovar-og-lyg frå den kanten.

Kvifor?

Skrekkfilmar er ofte ikkje truverdige, og det kan vera greitt, men her går det på så teite ting som at ho får veninna til å ta vakta for seg, som om det ikkje er rutinar for noko på eit moderne sjukehus. Eller moderne – det er totalt usannsynleg at noko som helst dansk sjukehus held denne standarden. Me snakkar møll i lampane og ein resepsjonsdisk som ser ut som noko rekvisittavdelinga fekk inn frå den hippaste bruktdesignsjappa i byen.

Kvar gong noko verkar som om det byggjer seg opp, kjem ein lang sekvens med mas og mimring, og eg lurar på kva i alle dagar Bornedal vil med dette her. Dottera gjer ein god nok skodespelarjobb som Emma, men eg får jo tru at nepo baby-fenomenet ikkje har gått så langt som til at far lagar film berre for hennar skuld. Demonar går jo i arv, som Bornedal insinuerer med tittelen.

Eg trur ikkje pulsen steig ein einaste gong, med unntak av då døra gjekk igjen i kinosalen før visninga og eg blei letta over at eg ikkje skulle sitja og vera redd åleine. Akkurat det hadde eg ikkje grunn til å uroa meg for.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Nattevakten

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis