JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

2884
20240516
2884
20240516

Drama

Regi: Ladj Ly

De uønskede (Orig.tit.: Bâtiment 5)

Med: Anta Diaw, Alexis Manenti, Aristote Luyindula, Steve Tientcheu
Kinofilm frå 24. mai

I ein fransk forstad tek legen Pierre (Manenti) ordførarrolla framom varaordførar Roger (Tientcheu), sjølv om sistnemnde kjenner strøket klart best. Unge Haby (Diaw) er ei populær ung kvinne som hjelper folk med bustadproblem.

Ordføraren vil helst jamne blokka ho bur i, med jorda. Haby lèt seg ikkje pille på nasen. Ho og kameraten Blaz (Luyindula) er rasande, men har ulik strategi. Som i røynda kan konfliktar ta kjapt av.

Finslipt

Då Ladj Ly debuterte som regissør med De elendige i 2019, hylla eg filmen hemningslaust. Han held seg i same strøket, der han vaks opp. Ly forstår problema og politikken. Tematisk ligg De uønskede tett på debuten, sjølv om fokus er dreia over frå politivald og småkriminelle miljø til byutvikling og politikk. Om temaet dels er gentrifisering, er filmen litt for oppussa. Dei ru kantane frå debuten er slipte ned.

«Eg hadde kanskje for høge forventingar til De uønskede.»

Håkon Tveit

Ein høyrer det på musikken med det same: klare signal om dramatikk. Skodespelet er litt tydelegare, replikkane meir finstuderte. Kjensla av melodrama gjer meg mindre engasjert. Når det er sagt, er Haby ein figur eg heiar heilhjarta på, og Anta Diaw er lovande i hovudrolla.

Det er fint å sjå fleksibiliteten til Alexis Manenti, som var hardbarka politi i førre film. Som høgt utdanna ordførar lukkast han i å skape ein heilt annleis figur. Steve Tientcheu spelte gatesmart leiar sist, og han er solid igjen som varaordførar i klem mellom gruppa han høyrer til som barn av afrikanarar, som kom med tomme hender til landet, og den politiske klassen i Frankrike.

Medrekna

I likskap med De elendige har De uønskede fleire samansette figurar. Ly kan nyansar. Til dømes er ikkje alle politifolk skurkar. Ordførar Pierre er den kjipaste. Han viser effektivt korleis feige politikarar tyr til politimakt for å løyse kvar konflikt. Slik mange franske politikarar har gjort, svekkjer han demokratiet ved å stadig utfordre rettane til innbyggjarane.

Filmen har mange trådar. Ein syrisk familie som nett har kome til landet, viser paradoks. Dei er kristne. Politikarane vil helst handplukke kva folk som har rett til å flykte frå krig, basert på religion og hudfarge, nett som i Noreg.

Eg hadde kanskje for høge forventingar til De uønskede. Filmen føyer seg liksom for filmindustrien, med meir konvensjonell stil retta mot trygg rekneskap. Likevel er det mykje bra. Regissøren er faktisk best når han tar i bruk trappegangen for lange, klaustrofobiske og intense scener. Eg voner Ly finn tilbake til den friske stilen i neste film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

De uønskede

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis