JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2732
20240516
2732
20240516

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ukraina-krigen

I siste utgåva av Dag og Tid (10. mai) utfordra Jon Lund Hansen meg på spørsmålet om kven som ynskjer fred i Ukraina. Hansen skriv at Russland i 2014–2015 underteikna Minsk-avtalane, og at Russland tok kontakt med Nato hausten 2021 for å unngå krig i Ukraina. Han nemner òg forhandlingane i Belarus og i Tyrkia i februar–mars 2022, der partane møtte kvarandre for å snakka om ein mogleg fred.

Skal eg tolka Hansen rett, meiner han at Russland heile tida har vore på tilbodssida når det gjeld fred, mens Ukraina har ynskt krig. Eg trur ikkje – mildt sagt – at historikarane i framtida vil vera einige med Hansen i dette synet.

Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar. Fyrst gjekk Putin til ein brutal, uproporsjonal krig mot folket i Tsjetsjenia, der han lét hovudstaden Groznyj bli bomba flat. I 2008 gjekk han til åtak mot den sjølvstendige staten Georgia og okkuperte delar av landet. I 2014 gjekk han til åtak på Ukraina fyrste gongen. I 2022 gjekk han til fullskala invasjon av Ukraina etter å ha erklært at det eigentleg ikkje finst nokon ukrainsk stat.

Poenget mitt i alle artiklar eg har skrive i Dag og Tid om krigen i Ukraina, er at Russland er aggressoren. Ukraina har frå tid til anna forsøkt seg på diplomati for om mogleg å bremsa aggresjonen, men det har vore like fåfengt kvar gong. At Russland sende eit ultimatum til Vesten hausten 2021, der dei kravde at alle statane som hadde meldt seg inn i Nato etter 1997, skulle bli kasta ut av alliansen, kunne ingen i Vesten ta alvorleg. Det ville innebera at Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Estland, Latvia og Litauen fyrst skulle bli ekskluderte av Nato og i neste omgang bli overlatne til den russiske militære overmakta.

Problemet med heile innlegget til Hansen er at han forvekslar aggressoren med den som forsvarar seg. Tidlegare i historia har mange andre gjort det same, ikkje minst dei som fram til september 1939 forsvara Hitler med at han «berre tek tilbake det som hadde høyrt til Tyskland tidlegare».

Hansen spør om eg kan «dokumentera» påstandane mine om at Putin vil halda fram med ekspansjonen om han vinn fram i Ukraina. Like lite som nokon kunne dokumentera kva Hitler ville gjera etter at han hadde erobra Austerrike og Sudetland i 1938, kunne nokon i 2013 dokumentera at Putin ville gå til åtak på Ukraina.

Men det eg meiner at eg forstår, i motsetnad til Hansen, er korleis tyrannar gjennom historia har gått fram mot statar som desse tyrannane trur er for svake til å forsvara seg.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fastskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis