Roy Jacobsen.
Foto: Fredrik Arff
Jacobsen på
kortlista
Roy Jacobsen har teke steget frå langlista til den gjæve kortlista over nominerte til The Man Booker International Prize. Jacobsen er nominert med romanen De usynlige. Ifylgje forlaget Cappelen Damm er Jacobsen den fyrste nordmannen som er kommen så langt i nominasjonsprosessen.
København får litteraturhus
Mange europeiske storbyar har litteraturhus, men det har faktisk enno ikkje København fått. No har danskane vitja kulturhusa i Berlin og Oslo, og late seg inspirere:
«Det skal være et levende hus. Vi vil ha åpent daglig. Fra tidlig morgen, hvor man kan komme inn og lese morgenavisen og spise frokost, til kvelden, hvor man kan komme og spise middag. Samtidig kan man snuse rundt i bokhandelen», seier ein av intiativtakarane, Claes Benthien, til bok365. Litteraturhuset Vandkunsten skal opne alt i mai og vil liggje i Nybrogade 28 i Indre By, med utsikt til Christiansborg.
Ny rekord for NFF
NFF (Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening) har i år fått rekordmange søknader. 18. april gjekk fristen ut for å søkje prosjektstipend, treårig arbeidsstipend for frilansforfattarar og eittårig arbeidsstipend for frilansomsetjarar frå det faglitterære fondet.
NFF har mjuka opp reglane – etter intens intern debatt – og responsen var stor: om lag 800 søknader frå over 1000 stipendsøkjarar. Søkjarane er fleire og yngre, men NFF fortel òg at psykologi og yoga ser ut til å vera ein trend i søkjarbunken.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jacobsen på
kortlista
Roy Jacobsen har teke steget frå langlista til den gjæve kortlista over nominerte til The Man Booker International Prize. Jacobsen er nominert med romanen De usynlige. Ifylgje forlaget Cappelen Damm er Jacobsen den fyrste nordmannen som er kommen så langt i nominasjonsprosessen.
København får litteraturhus
Mange europeiske storbyar har litteraturhus, men det har faktisk enno ikkje København fått. No har danskane vitja kulturhusa i Berlin og Oslo, og late seg inspirere:
«Det skal være et levende hus. Vi vil ha åpent daglig. Fra tidlig morgen, hvor man kan komme inn og lese morgenavisen og spise frokost, til kvelden, hvor man kan komme og spise middag. Samtidig kan man snuse rundt i bokhandelen», seier ein av intiativtakarane, Claes Benthien, til bok365. Litteraturhuset Vandkunsten skal opne alt i mai og vil liggje i Nybrogade 28 i Indre By, med utsikt til Christiansborg.
Ny rekord for NFF
NFF (Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening) har i år fått rekordmange søknader. 18. april gjekk fristen ut for å søkje prosjektstipend, treårig arbeidsstipend for frilansforfattarar og eittårig arbeidsstipend for frilansomsetjarar frå det faglitterære fondet.
NFF har mjuka opp reglane – etter intens intern debatt – og responsen var stor: om lag 800 søknader frå over 1000 stipendsøkjarar. Søkjarane er fleire og yngre, men NFF fortel òg at psykologi og yoga ser ut til å vera ein trend i søkjarbunken.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.