JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2758
20220805

SKYGGER I SOLEN

Den første morgenen bader

i sol, Magalháes, ditt land!

Jeg hører ditt havs kaskader

inn mot den lyse strand…

Camóes, – dine Lusiader

kastes som perler i sand.

Vasco da Gama – ! ditt stjerneblikk fant

leden mot øst, der solen rant.

Skrev du ditt navn i vann?

Du skrev det i Portugals hjerne

og dypt i dets hjerteblod.

Ensomt som månens lanterne

vandret din morild-glo.

Og landet fulgte din stjerne

Og lykken var lenge god …

Men seilende sekler gikk og kom

og skiftet med rikdom og fattigdom

som stranden med ebbe og flod.

(…)

I landets historie knirker

hendøende kriger-ritt.

Spøkelsesaktig virker

ruinenes grå granitt.

Forkalkede klosterkirker

smuldrer litt efter litt.

Det er som de kravler i ur og stein

ennu idag under korsets tegn

med stavrende munkeskritt.

(…)

Herman Wildenvey

I 1948 reiste Herman Wildenvey til Portugal, til strand- og kasinobyen Estoril, rett ved Lisboa. Der skreiv han «Portugisisk» – ein diktsyklus av fire dikt som kom på prent i samlinga Polyhymnia (1952). Den gongen var Wildenvey mellom få nordmenn som reiste til «Syden». I dag kan mange kjenne seg att i dikta, ja, særleg no, etter to år med korona, kunne vi skrive under på desse versa: «Et frikvarter fra det kalde nord/ måtte vel finnes et sted på jord./ Jeg fant det i Estoril» og «Men la meg fortelle om skjønn natur/ her under solens diktatur».

«Solens diktatur» – det skulle varsle ein kritisk passasje om Salazar, diktator i landet fram til 1968. Men metaforen er tvitydig, og det er nok den sterke sola han meiner. Wildenvey var ingen politisk diktar, vi går til verka hans for å nyte andre kvalitetar.

Då Wildenvey var i Portugal, var det andre ting som stod i hovudet hans. Det fortel Tom Lotherington om i biografien Wildenvey – et dikterliv (1995). Det var for å koma unna alkohol og for å skrive dikt. «Alt flasker seg, uten flasker av noe slag. Jeg har begynt å arbeide. Å Gud velsigne deg. Jeg tror jeg kan skrive», skreiv Wildenvey til Gisken, sin kjære.

Og han reiste for å koma unna dei sure bokmeldingane til Philip Houm. Kanskje er det Houm Wildenvey tenkjer på her, med «sure miner», men Houm hadde likevel neppe vorte imponert: «Her syntes de sure miner/ å være en saga blott./ Jeg hilser fra appelsiner,/ bananer og annet godt,/ fra sekelgrå borgruiner/ som lenge i fred har stått./ Jeg hilser fra Sigurd Jorsalfar/ som kom her og vikinge-våpen bar/ mot maurernes Cintraslott».

Wildenvey er meir heldig i utdraga frå diktsyklusen som står ved sida av. Magalhães og Vasco da Gama er sjølvsagt dei kjende oppdagarane, medan Camões er kjend for eposet Os Lusíadas (1572). Passasjen endar i skildring av ein stordom oppsmuldra i fattigdom – eit syn som enno finst i Portugal, men òg eit memento mori til store sivilisasjonar.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

IdaHauge Dignes

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis