Litteratur
Fiksjon eller sanning?
Brått melder ei forteljarstemme seg i hovudet på Kristine Næss. Det kan vere byrjinga på ein ny roman. Slik var det også med Mitt følelsesliv er som en åpen bok.
Kristine Næss debuterte som forfattar i 1996 med diktsamlinga Obladi.
Foto: Finn Ståle Felberg
Dette er hennar tiande bok og sjette roman. Ofte går det lang tid mellom bøkene; især denne, som kom sju år etter den førre. Det forklarar den 61-årige forfattaren med store omsorgsoppgåver for fleire familiemedlemer, og at ho har teke ein mastergrad i idéhistorie – til liks med hovudpersonen i den nye romanen. Men ho gjer det klart at dette ikkje er ei sjølvbiografisk historie.
– Hanne i boka er på mange vis ekstrem, eg er meir alminneleg og veltilpassa, skundar ho seg å forklare.
– For ti år sidan blei du nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Bare et menneske. Har det hatt noko å seie for deg som forfattar?
– Nominasjonen skaffa meg nok litt fleire lesarar og mange begeistra meldingar. Å få anerkjenning for arbeidet sitt gjer at ein kjenner seg tryggare, får ei kjensle av at andre finn det ein jobbar med, interessant.
Fiksjon og sanning
Mitt følelsesliv er som en åpen bok handlar om Hanne, som er nokolunde jamaldrande med forfattaren og har bestemt seg for å ta ein pause frå lærargjerninga og satse på ein mastergrad om den lenge gløymde engelske naturfilosofen Margaret Cavendish (1623–1673) – som også Næss skreiv masteroppgåva si om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.