Litteratur

Einsemda vi alle kjenner på

Forfattaren Oda Malmin veit ikkje om ho nokosinne klarar å skrive ein roman med berre éi stemme. Til det finst det altfor mange «sanningar» der ute.

– Det er fascinerande korleis vi kan gå gjennom ein situasjon og oppleva han så forskjellig, seier Oda Malmin.
– Det er fascinerande korleis vi kan gå gjennom ein situasjon og oppleva han så forskjellig, seier Oda Malmin.
Publisert

Oda Malmin (34) er frå Stavanger, men har vore busett i Oslo frå 2010. Ho debuterte i 2018 med romanen Steinauge, som blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. No er ho tilbake med ein ny roman, Skinliv, som har flytta handlinga frå ein gard på Jæren til ein bygard i Oslo. I denne samlinga av psykologiske studiar følgjer vi dei tre hovudpersonane Astrid, Bjørn og Cecilie, som kvar på sitt vis slit med sine demonar. Astrid er kroppsleg og psykisk nedfor, Bjørn har med rette eller urette vore skulda for eit overgrep i fortida, Cecilie er i ferd med å gjera karriere, men trur ikkje ho er kompetent for oppgåvene som ventar henne. Og einsemda kjenner dei alle.

– Du går frå tjukkaste landsbygda i debutboka di til livet i ein bygard i hovudstaden i bok nummer to?

Skinliv er noko heilt anna enn Steinauge, men begge bøkene handlar om menneske som kjenner seg einsame i eit miljø. I Steinauge er det sentrale kor låst ein kan vera i ein viss type bygdemiljø, i Skinliv lever personane tett på folk, men kjenner seg likevel isolerte.

– Dei tre i Skinliv bur i ein bygard med balkongar ut mot ein felles gardsplass. Dei bur tett på einannan, men likevel sit dei i kvar si leilegheit og strevar med kjensla av å vera åleine. Dei har ingen, trass i at dei har folk kring seg. Då blir einsemda sett meir på spissen.

– I debutboka blei historia fortald frå to perspektiv, i denne er perspektiva fleire. Kvifor er det fleirstemde så viktig for deg?

– Eg lurer på om eg nokon gong klarar å skriva med berre éi stemme. Hovudtematikken i boka, korleis vi ser på kvarandre og kor stor avstanden kan vera mellom det blikket og slik vi ser oss sjølve, interesserer meg sterkt. Det er fascinerande korleis vi kan gå gjennom ein situasjon og oppleva han så forskjellig. Det kan vera tale om kva som blei sagt, kva tone det blei sagt i, korleis vi opplevde intensjonen og stemninga, men vi kan òg hugsa heilt ulikt om kven som sat kor, kva folk hadde på seg eller kva vi fekk å eta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement