Rettsvesen

Åtvarar mot den klassedelte rettsstaten

Tida er komen for å bli sint, meiner rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde. Difor har han skrive pamfletten Har eg rettstryggleik?, der han hevar røysta mot det han kallar det rettsstatlege forfallet i Noreg.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

I snart tjue år har Jørn Øyrehagen Sunde vore professor i rettshistorie, først ved Universitetet i Bergen, no ved Universitetet i Oslo. I løpet av desse tiåra har han på nært hald sett korleis rettsstaten Noreg har utvikla seg i negativ retning. Førebels er utviklinga reverserbar, men no ser han eit aukande behov for akutt handling. Han hevdar vi er på veg mot ein klassedelt rettsstat, og det kan i neste omgang skapa grunnlag for eit illiberalt demokrati.

– Vi er nesten komne til den klassedelte rettsstaten, skriv du. Kva skal til for at vi kjem dit?

– Vi skal berre halda fram slik som no i kanskje ti år til. Rettsstaten er som luft; så lenge han fungerer, pustar du heilt normalt og tenkjer ikkje over han. Straks du får ei kvelingskjensle, er det for seint. Eg skriv denne boka for at vi skal ha nok krefter og nok perspektiv til å gjera noko før det er for seint.

Autoritære krefter

Boka kunne vore skriven for fem år sidan, med nett det same innhaldet, seier forfattaren.

– Men trykket frå dei autoritære kreftene i den demokratiske verda har blitt så sterkt at eg no måtte skriva boka. Rett nok har ikkje dette trykket nådd Noreg enno, men boka kjem om lag samstundes med at Norden som ein siste skanse òg blir utsett for det som England opplever med Nigel Farage og Reform UK, Tyskland med AfD, Austerrike med Fridomspartiet og sjølvsagt USA med Maga-rørsla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement