ESSAY
Bucuresti, er eg ein sau?
Den rumenske valkampen handla om konkurrerande påstandar om kva som er ekte og ikkje. For å orientere meg møtte eg filmskaparen Radu Jude, kjent for svarte komediar om rumensk politikk og historie.
Angela, spelt av Ilinca Manolache, bruker ledige stunder til å lage TikTok-videoar der ho er Bobita, det Andrew Tate-liknande alter egoet hennar.
Foto: 4 Proof Film
No skal det godt gjerast for Nicusor Dan å slå George Simion, skreiv eg her i avisa for to veker sidan, etter første runde i det rumenske presidentvalet. Godt skulle gjerast. Etter mykje drama i innspurten søndag tok den EU-vennlege matematikaren Dan innersvingen på Simion, den trumpske ultranasjonalisten.
Tidlegare same dag hadde regjeringa igjen gått ut og sagt at Moskva freista påverke valet, denne gongen med ein kampanje på Telegram som sende meldingar til alle brukarar i landet om at Vesten knebla konservative røyster.
Tysdag denne veka kom skuldinga tilbake som ein bumerang. George Simon bad regjeringa kansellere valet, av same grunn som gjorde at dei kansellerte første valrunde i haust: utanlands innblanding. Simion meinte at det var Vesten, ikkje Russland, som var skuldig i påverknad, særleg Frankrike. Han sa som Trump sa då han i haust førebudde seg på å nekte for eit eventuelt valnederlag: Millionar av døde folk blei registrerte ved valurnene.
Denne veka har eg spurt meg sjølv om eg er hjernevaska av journalistikk frå Brussel. Min indre Mr. Hyde meiner det. Alter egoet mitt, som lever sitt eige liv i eit pratsamt hjørne av hovudet, meiner at eg dei siste par åra har skrive meir og meir som eit barn av mi tid, mindre kritisk og motstraums, riven med av krigspropaganda og politisk korrekt dyrking av offerroller. Dette var prov på det, meinte kverulanten: Eg hadde jo vore så sikker på at Simion kom til å vinne, fordi det var inntrykket eg hadde fått av å lese krisemaksimerande vestlege aviser.
Og sjølv om Simion ikkje eingong var uttalt Russland-vennleg og var villig til å halde Romania i både EU og Nato, hadde eg akseptert som ei vedteken sanning forteljinga om skjebnetimen då Romania no skulle velje mellom vestleg demokrati og demokratiets vrengebilde. Dei siste åra har eg skrive liknande saker frå land som Georgia, Kypros og Tyrkia, og blitt kritisert både utanfrå og innanfrå for å svelge heile den Russland-demoniserande tidsånda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.