Teknologi

Vil bryte lenkene til teknokjempene

Det er vanskeleg å forlate eit sosialt medium der «alle andre» er. Men det finst ei enkel løysing, ifølgje forfattar Bår Stenvik.

Selskapa bak apper som Snapchat, TikTok, Messenger, Instagram, Facebook tener pengar på å gjere oss avhengige.
Publisert Sist oppdatert

Kort tid før mobilforbodet i skulen vart innført i 2024, inviterte journalist og forfattar Bår Stenvik elevane i ein 9.-klasse i Oslo med på eit eksperiment: Dei skulle ta fri frå sosiale medium i ei veke. Kva skjedde så? Det kan vi lese om i boka Hvem styrer feeden min. Kunstig intelligens, sosiale medier og kampen om oppmerksomheten vår.

Før eg møter forfattaren til ein prat om tematikken, gjer eg meg kjend med Stenviks digitale alter ego. Han har ein blogg med innlegg som tek meg vidare til profilane hans på YouTube og TikTok. På YouTube ser eg ein fyr som klunkar på piano medan han syng i kabaretstil:

«Ungen spring mot mæ/ kjæm så lett som i dans/ søker visdom og svar/ om sin nettbruk/ Æ ska valider dæ/ og vær en god far/ straks æ får svart på en kommentar/ på Facebook».

I TikTok-profilen ser eg ein forfattar som med blikket rett i kameraet på få sekund formidlar innsikter frå boka eg nett har lese. På Spotify finn eg Bår Stenvik-podden, der Stenvik har samla intervju i lydformat.

Kunnskap på TikTok

Den digitale interessa til Stenvik er nok litt over snittet. Blant dei åtte bøkene han har skrive, finn vi ei faktabok for barn og unge om dataspel, ein spenningsroman med kunstig intelligens som ingrediens, og ei bok om algoritmane som har «teke over verda», som han skriv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement