JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ei feiring av vest norsk motkultur

Når lyrikaren Erlend O. Nødtvedt i haust har teke eit sidesprang over til prosa, legg han skulda på ein hovudlaus lærdøl som under skrivinga sneik seg inn i og tok styringa over romanen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erlend O. Nødtvedt då han las frå ei tidlegare bok under Aschehougs presentasjon av haustbøkene i Oslo.

Foto: Kyrre Lien / NTB canpix

5925
20171215
5925
20171215

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Anders Lysne hadde ingen plass i historia då skrivinga tok til. Men så fekk forfattaren høyre om denne lærdølen som sette seg opp mot styresmaktene og blei lønt med å misse hovudet på Sydneshaugen i Bergen i 1803.

Trass i at bøndene i Lærdal hadde avtale om å sleppe militærteneste dersom dei tok på seg vedlikehaldet av den livsfarlege vegen opp mot Filefjell, blei dei likevel kalla inn til teneste. Dette utløyste opprørstrongen i dei, og fremst i fylkinga stod Anders Lysne.

No vil dei to hovudpersonane i romanen Vestlandet bringe det avhogde hovudet tilbake til Lærdal og samstundes teikne eit motbilde av Vestlandet. Etter å ha stole skallen, legg forfattaren Erlend og kunstnarvennen Yngve ut på ein vestlandssafari i ein gammal, nikotingul Toyota Camry.

– Som i tidlegare bøker held du deg i det topografiske med skildringar av vegar, kaier, fjordar og fjell?

– Det er noko med å undersøkje skodeplassen for eins eige liv og dei forteljingane som ligg i landskapet. Det er lett å lese denne boka i forlenginga av lyrikken min, ei rad spor og motiv går igjen her. Slik utgjer ho slett ikkje eit radikalt brot i forfattarskapen.

Vestlandet er ein krevjande tittel.

– Med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane var timinga perfekt. Som privatperson skal eg ikkje meine så mykje om fusjonen. Men romanen er mot alle typar samanslåing og eit forsvar for dei små einingane, det partikulære og det spesielle. Hovudpersonane er redde for alt som kan gå tapt av eigenart og stadbundne tradisjonar i forflatande samanslåingar.

– Er dette òg uttrykk for ditt eige syn på saka?

– Det kan ein i alle høve lett mistenkje, svarar han og lèt det bli med det.

Overdrivingar

Forfattaren vil slett ikkje vere med på at hovudpersonane er bakstreverske. Nei, dei er tradisjonsmedvitne motstandarar av alt den instrumentelle fornufta austpå ser på som framsteg.

– Det er ein reaksjon som går føre seg kring dei, der dei er progressive, kanskje. Ein slags utopistar som drøymer om eit Vestland som ikkje eksisterer, men forsøksvis blir skrive fram i romanen.

Sterke overdrivingar er eit berande element i heile boka. Det gjeld også Erlend og Yngve, som knapt er edrue ein time under den fleire dagar lange ferda via det som finst av omvegar mellom Bergen og Lærdal.

– Overdrivingane er ein reiskap til å drive handlinga framover, forklarar forfattaren.

Han legg til at når dei to karane drikk heile tida, kan det ha samanheng med at dei kjenner seg litt malplasserte i verda og derfor opplever ein eksistensiell «grunnkvalme».

– Du nyttar historiske personar til å skape scener og historier av mytisk karakter?

– Boka har ei rad portrett og hyllingar av levande og døde kulturpersonar. Både ærbødige og litt mindre ærbødige. Dette er folk som er viktige for hovudpersonane, og som representerer eit verdssyn karane i Toyotaen identifiserer seg med.

«Sentralmakten, embedsmennene, vinkelhjernene» anno 1803, desse som vil jamne ut både tankar og landskap, blir i romanen likestilte med dagens statsbyråkrati. For slik Nødtvedt ser saka, er det tale om strukturar som framleis lever godt her i landet.

– Du speler rått på konflikten mellom sentrum og periferi, og førestillinga om hovudstaden som sug ut det verdiskapande Vestlandet.

– Eg teiknar opp eit tydeleg fiendebilde, ja. Også det overdrive og karikert, men med ein kjerne av sanning i seg. Det er først og fremst forflating dei to fryktar, både åndeleg og topografisk.

I hælane har dei Austmannen, som talar med den «mest heslige østlandsdialekt». Han personifiserer embetsmannen og sentralmakta og står for alt som er gale – tvangssamanslåing og instrumentell fornuft, maktovergrep og nedlegging av ferjefarten.

På sitt sære vis er dette også ein politisk roman.

– Ingen tvil, svarar forfattaren.

– Men ikkje berre. Boka handlar også om kulturhistorie og dels om klimahistorie, og ikkje minst om gleda ved å vere på vegen.

Tvisynet

– Kor mykje alvor ligg bak dette stykket vestlandsk opprør?

– Alt er alvorleg meint på ein måte. Dette er ikkje ei ironisk bok. Folk som har lese boka, finn henne meir morosam enn eg hadde venta; for meg er historia mørkare, dystrare, slik det er å køyre på glatte, svingete vestlandsvegar i mørke og regn. Men Vestlandet er også ei bok der eg har gitt meg sjølv rom til å følgje alle slags innfall, frå det poetisk høgstemte til det nærast slapstickprega.

– Det ultimate teiknet på motstanden mot alt hovudstaden står for, møter vi vel då den erkebergenske hovudpersonen går over til å tale nynorsk?

– Ja, og det har fått altfor lite merksemd. Dette kom til meg i ein draum. Sjølv ser eg det som nyskapande at målforma i ein roman blir endra som ein konsekvens av innhaldet.

Erlend Nødtvedt har ingen problem med å vedgå at han har henta inspirasjon frå Ragnar Hovland. Og Yngve kan stundom minne ikkje så lite om Dr. Munk.

– Den som skriv vegroman frå Vestlandet, kjem ikkje unna Hovland. Eg helsar til han i boka og gjentar ei scene frå romanen hans, Paradis. Samstundes har eg prøvd å fornye ein sjanger han har hatt hevd på. Eg listar opp eit anegalleri på tretti namn som alle har inspirert boka.

– Det er ikkje alltid like lett å skilje mellom kjærleik og satire i skildringane dine?

– Tvisynet er ein sjølvsagt ingrediens. Vestlandet med vêret og topografien er jo ein forferdeleg stad å vere. Men eg har fokusert på den vitale galskapen og replikkunsten, overdrivingane og ironien, seier Erlend Nødtvedt, som mellom fine meldingar gler seg særskilt over at Dagbladets meldar har lese boka så feil at ho har fått historia til å bli ein regionsatire.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vestlandet med vêret og topografien er jo ein forferdeleg stad å vere.

Erlend O. Nødtvedt, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis