JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Gyldendal

Foto: Gyldendal

1836
20211022
1836
20211022

Vi lever i eit Hofmo-år. 100 år er gått sidan Gunvor Hofmo vart fødd – 26 år sidan ho døydde. Hennar 700 Samlede dikt i dei bøkene ho gav ut, er vortne til 1100 når hennar Etterlatte dikt vert rekna med – dessutan finst 250 sider med tekst i det bandet som heiter Prosa, med noveller, artiklar, brev, dagboknotat og anna.

Hofmos tema var tungt: lidinga i det 20. hundreåret, nazismens ufattelege vondskap: «Gud, hvis du ennå ser:/ det er ingen hverdag mer.» Ho insisterte på å minne om dei vilkåra som rår, den døden ho såg overalt: «Vi som er viet til mørke, til stillhet og Gud.»

Noko som mange kanskje ikkje har fått med seg, er at Gunvor Hofmo også skreiv om kvardagen, like levande som om lidinga. Difor diktet om katten Mascot, frå den tida Hofmo budde på Sørlandet, i Staubø utanfor Tvedestrand, i eit hus ho fekk leige billig av ei klasseveninne. Staden delte ho med poesikollegaen Astrid Tollefsen, i åra 1951–1953.

Gunvor skriv til Tarjei Vesaas: «Etter omstendighetene har en det ikke så verst her, naturen er jo der, havet og heiene. Og lille raggepus Mascot, som gjør tilværelsen litt enklere for en.»

Diktet står i samlinga Gi meg til berget (1984), som også går i dialog med Nebukadnesar, Shakespeare, Väinämöinen, Mandelstam, og Bibelens Jeremias og Esekiel. Men katten Mascot er den som kjem diktaren heilt nær, når han legg seg som ein pels over hovudet hennar om natta – Gunvor som var så redd for å liggje åleine (seier ho sjølv, ein annan stad).

Jan Erik Vold

Mascot, min katt, in memoriam

Som en adstadig frøken

vugget du på stien

opp fra huset

Din nysgjerrighet var

som en jomfrus over kaffekoppen

som snakker om alt

som kanskje er til

og kanskje ikke.

Og lyngen på bergnabbene

var dine sladresøstre

og heien var deres

ånds arena.

Men om natten lå

en pels over mitt hode

som en salig tornekrone

Gunvor Hofmo

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis