JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Diktaren med dei djupt solidariske tekstane

Vigdis Hjorth ser ikkje bort frå at ho kjem til å skrive memoarar, men for tida er ho meir oppteken av danske Tove Ditlevsen, som ho nett har redigert eit utval noveller av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den danske forfattaren Tove Ditlevsen døydde i 1976.

Foto: NTB scanpix

6525
20180202
6525
20180202

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Tove Ditlevsen (1917–1976) var Vigdis Hjorths første store leseoppleving, og forfattarskapen hennar har følgt henne gjennom heile livet. Ein tankefull, festleg og spennande kjennskap, kallar ho kollegaen, som gjorde seg sterkt gjeldande både som poet og prosaist – og i den uvørdne måten ho levde livet sitt på. Særleg på eitt punkt kjenner Hjorth slektskap med Ditlevsen.

– Eg tok til som barnebokforfattar og har såleis ein del av repertoaret mitt i det barnlege. I fokuset hennar på born og det barnlege kan eg kjenne meg att. Men eg kan ikkje skryte på meg den harde arbeidarklassebakgrunnen hennar, som òg prega henne, både måten å skrive på og å vere i verda på. Ho insisterte på å vere tilgjengeleg og usnobbete, for det finst jo mykje snobberi i litteraturen, som eg er ein del av. Uredd som ho var, kunne ho ta i stoff som andre forfattarar aldri ville røre.

– Tove Ditlevsen nytta mykje av sitt personlege liv i diktinga. Ser du likskapar der mellom dykk?

– Til ei viss grad, men det finst éin skilnad. Dei mest omstridde bøkene hennar, der ho henta mest direkte frå sitt eige liv, kalla ho «erindringer». Eg skriv, inntil vidare, romanar. Det er stor skilnad på å skrive om sitt eige liv og å bruke eigne erfaringar. Eg vil ikkje sjå bort frå at eg kan komme til å skrive memoarar. Det er jo freistande når så mange prøver å dra parallellar mellom livet mitt og litteraturen min. Så skal folk få sjå at ikkje alt er slik dei trur.

Hjorth har henta utvalet sitt frå dei fire novellesamlingane Tove Ditlevsen skreiv. Einaste kriteriet har vore kvalitet, for i periodar med dårleg råd hende det at Ditlevsen sende frå seg tekstar som ikkje heilt heldt mål. Sjølv om den danske diktaren helst såg seg sjølv som poet, meiner Hjorth at novellene er ein viktig del av forfattarskapen.

– Memoarbøkene hennar skapte furore, dei fekk ein eigen dimensjon fordi dei var så røyndomsnære og uttalt biografiske. Men i novellene synest eg at ho nærmar seg essensen av ei form for livskjensle som jo pregar heile forfattarskapen, men som alt det skandaløse kan forstyrre litt. Ho viser ei form for sårbarheit og noko truskuldig som ho beheldt heile livet.

Mykje smerte

Novellene til Ditlevsen viser kor vanskeleg menneska har for å sjå kvarandre, oppføre seg skikkeleg mot kvarandre og klare å sameine ulike behov. Alle desse heilt uløyselege situasjonane som krev stor modenskap. Og så viser ho fram kor vondt det blir når ein ikkje er moden nok.

– Heile diktinga hennar er rik på smerte?

– Absolutt. Eg tykkjer ho er best når ho skriv om barnet, for barnet er så overgitt. Det kan ikkje rømme, kan ikkje springe nokon stad, kan ikkje velje vekk foreldra sine. I skildringane av forholdet mellom foreldre og born er ho heilt fantastisk. Det treng ikkje vere så dramatisk, kan vere bitte lite og likevel så heilt avgjerande. Sjølv om novellene er prega av si tid, er dette noko som gjer dei tidlause.

– Som regel er forholdet mellom foreldre og born, som står så sentralt i forfattarskapen, prega av angst og utryggleik?

– I diktet «Erindring» står ei setning eg ser som ein slags nøkkel til Tove Ditlevsen: «Min far var tavs og grå. Min mor var altid sorgfuld.» Det finst enkelte augneblinkar då far ikkje er taus og grå og mor er glad, men helst var det sorg og tristesse. Sakn som ingen såg. Uforløyste menneske.

– Somme tider, som i novella «Eggedosis», klarar den vaksne med eitt ord å løyse opp i det vonde?

– Det er vel noko av det som gir håp: kor lite som skal til. Ein treng ikkje endre heile seg for å berge stumpane. Dette trur eg heng saman med arbeidarklassebakgrunnen hennar. Ho snakkar om «søndagsfemøre», det skal svært lite til. Ho vedgår i mange samanhengar at ho ikkje er ei god mor, men har samstundes røynt at det ikkje alltid skal så mykje til.

Utvalet Vigdis Hjorth har laga, er prega av stor breidd i tematikk, situasjonar og personlegdommar. Og mellom skikkelsane Ditlevsen skapar, finst nokre underlege sjeler. Som hovudpersonen i novella «Ansvar», som blir så overvelda av tanken på alt han kan komme til å øydeleggje, at han flyktar frå kona han elskar – og som elskar han. Eller Helga i «Paraplyen», som synest høyre heime i si heilt eiga verd. Slik forfattaren levde, meiner Hjorth at denne breidda speglar livet hennar.

«Proletarinstinktet»

– Når det heiter om Alice i «Det gjenstridige livet» at ho hadde «en inngrodd overbevisning om at kjærlighet og ekteskap sjelden har noe med hverandre å gjøre», uttrykkjer vel det både livsrøynsle og litterær praksis hjå Ditlevsen?

– Det trur eg nok du kan seie. Men i ekteskapet med Victor Andreasen, den tredje og siste ektemannen hennar, trur eg ho opplevde den store kjærleiken. Men det kan vere at dei etter kvart brukte kvarandre opp. Ho klarte å slutte med dop fordi ho møtte han. Det var eit langt og sterkt ekteskap. Som heilt ung gifta ho seg med ein eldre mann berre for å komme seg fram i verda. Det er ein kynisme ho ikkje legg skjul på. Men samstundes hadde ho evne til kjærleik.

– I kva grad finn du det Ditlevsen sjølv kalla «proletarinstinktet» sitt, i novellene hennar?

– Eg ser det i korleis ho alltid tar parti med den svakaste, viser fram kor sårbare, utsette og sterkt kjenslevare kanskje især arbeidarklasseborn den gongen kunne vere. Eg tenkjer at somme av dei fattige i Noreg i dag kan kjenne på det same. Det er noko djupt solidarisk ved tekstane hennar. Samstundes viser ho fram korleis dei svake, som burde stå saman, likevel er så aleine med veikskapane sine. Er ein svak, kan ein lett gjere andre vondt, og Ditlevsen idylliserer ikkje fattigdom.

Det sjeldne ved denne forfattaren, slik Hjorth ser det, er at ho aldri slutta å bry seg om dei svake og sårbare. Ho såg det vesle enkeltmennesket, kjende ømheit for det og lét ikkje sitt eige ry og sin eigen kjendisfaktor prege haldninga. I alt ho skreiv, var ho jordnær og trufast mot arbeidarklassebakgrunnen sin.

– Tove Ditlevsen har dei siste åra fått ein renessanse i Danmark. Trur du det same kan skje her i landet?

– Mange i min generasjon har hatt eit sterkt forhold til henne. Ho var i si tid folkelesnad i Noreg òg. Eg trur nok bøkene hennar finst i ein del bokhyller framleis. Så vi kan jo håpe.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I skildringane av forholdet mellom foreldre og born er ho heilt fantastisk.

Vigdis Hjorth, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis