JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Det danna menneskedyret

Forfattaren og aktivisten Erland Kiøsterud trur at løysinga på klima- og naturkrisa ligg i å forstå menneskenaturen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I heimebiblioteket har Kiøsterud sortert bøkene etter tema, forfattarskap og tidsepoke. Same kva ein talar om, kan forfattaren trekkje fram ei relevant bok.

Foto: Julie Killingberg

11791
20230224

Erland Kiøsterud

Forfattar og aktivist fødd i 1953

Har mellom anna sete i styret til Morgenbladet og Ny tid

Er gift med poet Karin Haugane og har eit bonusbarn og eit barnebarn

Er aktuell med den sjølvbiografiske økoromanen Fire norske sanger og essayet Skjønnhetens økologi

Litteratur

julie@dagogtid.no

I ein gamal herskapeleg bygard på Oslos vestkant bur forfattaren og aktivisten Erland Kiøsterud. Velkledd og talefør står han fram som særs danna. Likevel kallar han seg for menneskedyret. Det er difor ein særs overraska journalist som står i døra – nyfiken på kven dette er for kar.

69-åringen seier han likar seg i naturen. Han fiskar, vandrar, går på ski og rir. Han har vore med i miljørørsla og drive mykje med sivil ulydnad, men no konsentrerer han seg mest om skrivinga. Forfattaren er oppteken av kva som vert rekna som vakkert, og trur dei estetiske ideala er forma av tida.

– Om me skjønar at desse preferansane ikkje er tidlause, men kjem av kjensler og opplevingar, vert det enklare å forstå vår eigen natur, trur Kiøsterud.

Desse tankane har nett resultert i ei dobbelutgiving. I to nye bøker blandar han sjølvbiografiske element med filosofiske tankar om både menneske, naturen og menneskenaturen.

Plikter og privilegium

Takrosettar og klassiske stilmøblar. Levande ljos. Bognande drueklasar. Knitring i peisen. Eige bibliotek, og ein eigen atmosfære. Hyllemeter på hyllemeter med bøker teiknar eit bilete av kven heimen husar. Her er både skjønnlitteratur og sakprosa av alle slag – og alt er sortert tematisk.

– Eg les alt. Poesi, faglitteratur, tidsskrift og aviser.

Forfattaren seier at han er oppdregen slik. Oppveksten baud rett sagt på privilegium, men òg ei rekkje plikter. Som son av ein fabrikkeigar vart Kiøsterud budd på å føre familiearven vidare. Framtida for elvedalen Drammens industrihistorie kvilte på skuldrene hans, og som åttande ledd i rekkja vart han kalla Erland den 8. Dette var hans identitet. Det var slik han hadde sett seg sjølv.

– Eg kjende meg tidleg att i historia til Tarjei Vesaas, forklarar Kiøsterud.

Det vennlege smilet vert raskt alvorsamt. Forfattaren fortel at då han i ungdomen braut med forventningane, opplevde han å hamne i ei eksistensiell krise som seinare vart grobotn for dei fyrste bøkene. Då han i 1983 gav ut romanen Jordens salt, dreidde det seg om å forsvare livsvalet. Han måtte stå skulerett då, og han gjer det framleis.

Høgt spel

Kiøsterud undra seg tidleg over kven han var, og på leiting etter svaret dukka det opp fleire spørsmål. Han byrja spørje seg om meininga med livet og om menneskets plass i naturen. I vekslinga mellom å fundere over eigne røynsler og store filosofiske spørsmål skreiv han i det han kalla eit utvida eg. Her dreidde det seg om å sjå seg sjølv – ikkje berre i høve til andre menneske, men òg som del av ein flokk.

Gjennom heile forfattarskapet har han halde fast på å utforske den same tematikken, og kvar gong har han skrive som om det var den siste boka. Heile tida har han prøvd å tømme seg for å sjå om det kjem noko nytt.

– Eg investerer heile meg sjølv i skrivinga: kropp og sinn, økonomi og sosial status. Så får det breste eller bere. Det er kanskje ein gamaldags tanke, men utan denne investeringa opnar ikkje verda seg.

Målet hans er ikkje fyrst og fremst å gje ut bøker eller å formidle, men å undersøkje. Forfattaren seier han skriv for å ta ut potensialet i stoffet, og at han medvite har valt å utsetje seg sjølv for situasjonar han ikkje veit om han vil meistre. Han forklarer at nye løysingar ofte tvingar seg fram i møte med motstand.

– Eg såg tidleg høvet for å skape kreative rom ved å ta stor risiko.

– Kva fryktar du?

– Hovudproblemet er at eg manglar ei viss redsle. Hadde eg tilpassa meg og levd trygt, ville eg nok hatt det betre både sosialt og økonomisk, men det er det litterære som gjeld for meg. Eg har vore ridd av filosofiske spørsmål sidan eg var ung, svarar Kiøsterud som trur at det å vere nyfiken er ein del av hans natur.

– Dette er det finaste eg har, seier Erland Kiøsterud om den gamle handlaga sleiva.

– Dette er det finaste eg har, seier Erland Kiøsterud om den gamle handlaga sleiva.

Foto: Julie Killingberg

Rebelske nykker

Kiøsterud har vore strategisk rådgjevar for fleire av aksjonane til Extinction Rebellion, og han har fleire gongar vore arrestert for sivil ulydnad. Fyrste gongen var då han okkuperte foajeen i det gamle regjeringsbygget for å støtte samane i kampen for Altavassdraget. Seinare vart han arrestert for å demonstrere mot Frankrikes atomprøvesprengingar i Mururoa-atollen.

I mars 2019 signerte 25 kjente kunstnarar, kulturarbeidarar og vitskapsfolk ei oppropserklæring til støtte for den store skulestreiken for klimaet. Erklæringa er basert på Extinction Rebellion UKs «Declaration of Rebellion», men tilpassa norske forhold, omsett og med innleiing skriven av forfattarane Ingvild Burkey og Erland Kiøsterud, som òg samla underskriftene. Den siste gongen han demonstrerte, var for to år sidan. Då sat han fyrst framfor statsministerens kontor. Seinare sperra han utgangen til Stortinget.

– Me kravde at Stortinget ikkje kunne oppløysast før klima- og naturkrisa var løyst, seier Kiøsterud, som meiner at samfunnskontrakten var broten.

– Kva meiner du skulle vore gjort annleis?

– Eg ynskjer meg eit borgarråd for klima- og naturkrisa. Andre europeiske land, som mellom andre Frankrike og Irland, har alt like råd.

– Korleis skal eit slikt råd løyse verdsproblem?

– Det er snakk om å skape tverrfaglege samtaleforum for å løyse enkelte særskilt komplekse saker, svarar Kiøsterud og legg til at målet er å kome fram til ei felles semje.

På spørsmål om kven som bør vere representerte i ei slik forsamling, svarer han at han ynskjer seg eit breitt, representativt utval av befolkninga. Her nemner han alt frå vitskapskvinner, småbrukarar og lærarar til forretnings- og arbeidsfolk.

– Alle vert jo råka av naturtapet og klimakrisa. Me treng mange slike råd, seier aksjonisten som avviser at det er snakk om eit aristokrati.

Erland Kiøsterud på hytta ved Vælsvannet nord for Sokna.

Foto: Privat

Får i ulveklede

Kiøsterud seier at profitt og instrumentell tenking står over naturen og livet i dag.

– Når løysingane er forankra i folks liv og forståing, endrar vi verda saman, nedanfrå. Me kan ikkje ture fram som før, planeten toler det ikkje, seier han og legg til at me treng robuste og radikale løysingar.

Han vedgår at slike tiltak vil koste, men meiner det er naudsynt. Her brukar han formuleringar som «me må gjeninnføre demokratiet og få trua på livet tilbake».

Forfattaren har fleire gonger vore skulda for å framprovosere revolusjon. Han talar om imperialisme og vald mot naturen. Han ynskjer radikale endringar, men han står likevel ikkje fram som ein typisk «raddis». Trass i store ord er Kiøsterud korkje brautande eller antidemokratisk.

– Demokrati og ikkje-vald er dei viktigaste reiskapane til miljørørsla, slår han fast.

Sjølv om forfattarskapen vert rekna som noko utilgjengeleg, er forfattaren klår og tydeleg på kva han meiner. Bøkene er poengtette og kan lesast i fleire lag, men der er støtt fotnotar med tilvisingar og forklaringar på vanskelege omgrep.

Kiøsterud verkar ikkje til å gjere seg vanskeleg med vit og vilje. Det er verdt å spørje, for kvar gong gjer han forsøk på å forklare noko på ein betre måte.

Samarbeidet med aktivistane i Extinction Rebellion så vel som dei som jobbar i stallen på Alna ridesenter, tykkjer han har vore interessant. Han meiner også at møte med unge filosofar, forfattarar og biletkunstnarar som leitar etter nye vegar i naturkrisa, gjer livet hans rikare.

– Desse menneskemøta utvidar mi eiga forståing, seier forfattaren.

Forfattaren og aktivisten Erland Kiøsterud trur at løysninga på klima- og naturkrisa ligg i å forstå menneskenaturen.

Flukt frå sivilisasjonen

Med inspirasjon frå opphaldet økofilosofen Arne Næss hadde på Tvergastein, har Kiøsterud og kjerringa valt å bu i ei enkel hytte to månader i sommarhalvåret. Der er korkje straum eller internett. Dei har solcellepanel og gassomn, men elles må dei greie seg sjølv.

– Tida går med til å bere vatn og ved, reparere, måle, pusse opp og gjere nødvendig vedlikehald. Her får kroppen og hovudet verke på same tid, svarar forfattaren.

Han likar kjensla av å vere forankra i omgjevnaden og talar varmt om dei enkle gledene som til dømes synet av det skiftande ljoset og rørslene i naturen. I dei siste bøkene skildrar han slike opplevingar og reflekterer mykje over kjenslene.

Kiøsterud meiner at dei estetiske preferansane gjeld for meir enn det me ser. I ei utvida forståing av det vakre talar han om å finne glede i ei forankring – både i høve til naturen og i høve til fellesskapa ein tek del i.

Han meiner den vestlege verda har skapt eit kunstig skilje mellom natur og kultur, og minner om at alt eigentleg kjem frå naturen.

– Alt er natur. Eg ynskjer å forstå meg sjølv som natur i naturen, seier Kiøsterud.

Utforskar språket

Med inspirasjon frå til dømes gresk filosofi, Bibelen og Darwin skriv forfattaren om økosystemet til jorda og syklusane i naturen. Den forteljande stilen og den språklege leiken gjer naturvitskaplege fakta om til poesi.

Kiøsterud er både nøktern og nådelaus i Skjønnhetens økologi. Her kallar han seg for eit menneskedyr som søkjer heim i økosystemet. Mannen har såleis ei uttala haldning som forfattar. Likevel meiner han at teksten kan lesast som både eit manifest og ei undersøking.

Desse motstridande elementa går att i teksten. Medan meiningsinnhaldet vert opplevd som klårt, er forfattaren meir tvitydig i korleis han ordlegg seg. Med uttrykk som «naturen naturerer» utfordrar forfattaren dei grammatiske rammene ved til dømes å gjere substantiva om til verb. Journalisten er nyfiken på kva dette er for grep. Ho spør difor:

– Meiner du at røyndomen ikkje kan skildrast med ord, og at språket såleis ikkje strekk til?

– Eg har bestandig slåst med språket, og nokre gonger kjem eg til kort, så det er vel noko i det.

Ei mogleg løysing

Kiøsterud trur at nye teknologiske løysingar kan vere med på å redde klimaet, men at dei samstundes vil øydelegge naturen. Nett difor ynskjer han seg eit samfunn der vegen til det gode livet går gjennom å setje pris på dei enkle gledene.

Ved å knytte økofilosofiske tankar til den austlege estetikken wabi-sabi fremjar forfattaren ei løysing på klima- og naturkrisa. Kortfatta er det snakk om at omgrepa etikk og estetikk må verte knytte i hop. For å frigjere seg frå overklassa og deira prangande maktdemonstrerande ideal om kva som var vakkert, utvikla nokre japanske estetar på 1500-talet ei ny forståing av det vakre. Her dreidde det seg om å rette merksemda mot det skjøre, mellombelse og unnselege i det som har vore utsett for tid. Ynsket om å ta vare på tinga og historia deira botna kanskje fyrst i respekten for arbeidet, men ombruksmentaliteten er framleis den same.

Når Kiøsterud får spørsmål om korleis denne etiske estetikken syner seg i hans eige liv, rekkjer han fram ei gamal handlaga sleiv som han nyttar i matlaginga. Med eit djupt og ærleg blikk ser han på den vesle reiskapen og seier at dette er det finaste han har. Om ein tek seg tid til å lese Skjønnhetens økologi, kjem forklaringa:

– Det vakre syner seg fyrst når eg opnar meg for det ufullkomne og forbigåande – livet sjølv.

Levande ljos og fyr i peisen skapar ein lun atmosfære på kjøkkenet.

Kallet og kreativiteten

Kiøsterud seier han trur han har funne hovudessensen i det han vil undersøkje, og at han difor vil halde seg til det same temaet.

– I tida framover ynskjer eg å utdjupe det eg alt har skrive, seier han.

– Når kjem det nye bøker?

– Eg kan ikkje love noko som helst. Det tek om lag 10–15 år før stoffet modnar, og ein kreativ prosess dreiar seg eigentleg mest om å bevege seg inn i det ukjende – noko ein ikkje heilt veit kva er.

Kor som er, er det éin ting som er sikkert. Kiøsterud vil halde fram med å undersøkje. Den indre drivkrafta er framleis til stades:

– Det ligg i botnen at eg på ein eller annan måte har vakse opp med å måtte gjere greie for meg, svare og vere skikkeleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis