JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstKultur

Den fyrste til å måle norske landskap

Norske målarar i romantikken fann ikkje det norske landskapet berre i norsk natur, men òg i målarstykka til Allart van Everdingen (1621–1675). No er den fyrste utstillinga om denne pionerkunstnaren sett opp i Alkmaar i Nederland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Fjellandskap med elv og borg» er eit hovudmotiv i utstillinga. Det er innlånt frå Statens museum for kunst i København. Allart van Everdingen meinte at det vanta noko i norske landskap – borger! Difor tronar det ei borg på fjelltoppen.

6815
20220513
6815
20220513

Kunst

Ronny.g.spaans@nord.no

I byrjinga av romantikken vart målaren Allart van Everdingen eit av dei store namna. I 1775 skriv ein autoritet i tysk kunst, Johann Georg Sulzer, dette om den gamle kunstnaren frå hollendartida: Saman med eit par andre kunstnarar har van Everdingen skapt «noko så stort at det vekkjer ovundring og skaking i oss som nærmar seg det sublime».

Goethe skjøna òg at van Everdingen var eit viktig namn. Ikkje berre samla Goethe kunst av hollendaren, han kopierte trykk av han og nemner han i diktet «Italienische Reise», der han skriv at han har sett eit landskap som liknar på motiv av van Everdingen.

Men viktig for oss er korleis J.C. Dahl oppdaga Allart van Everdingen. Det var ikkje berre direkte kontakt med norsk natur som inspirerte Dahl og dermed sette i gang norsk landskapsmåleri – den kanskje viktigaste sjangeren i norsk kunsthistorie – som òg spela ei stor rolle for norsk politisk og kulturell sjølvforståing. Dahl fann Noreg i kunstgalleri òg, og då særleg i verka til den to hundre år eldre van Everdingen. Dahl var ikkje snau i omtalen av hollendaren, han kalla han det viktigaste førebilete sitt og såg på han som beraren av Noregs karakter. For J.C. Dahl var Allart van Everdingen ein far for norsk landskapsmåleri.

Barske landskap

Det er med dette utgangspunktet eg ein aprildag fer opp til den nederlandske byen Alkmaar, om lag ein halvtimes togtur frå Amsterdam. Alkmaar er ein renessanseby som i dag fyrst og fremst er kjend for rådhuset og kyrkja si, midt i bysentrum, samansett av typiske hollandske kanalhus av teglstein. Og ikkje minst er Alkmaar ein av dei store ostebyane i Nederland, med både ostemarknad og ostemuseum.

Men dei seinaste månadene er det vill norsk natur som har stått i sentrum: I heile byen er det plakatar med norske motiv og informasjon om utstillinga på Stedelijk museum Alkmaar, bymuseet: Allart van Everdingen – Meester van het ruige landschap. Ruig tyder barsk – det er det same ordet som engelsk rough – og med det meiner nederlendarane sjølvsagt det norske landskapet, som står fram som svært eksotisk i høve til det ryddige, flate Nederland.

Og det var nok nett difor Allart van Everdingen fann det lukrativt å måla norske landskap – det baud på noko nytt og forlokkande for hollandske handelsborgarar på 1600-talet. Korleis skjedde det? Både utstillinga og ein utstillingskatalog på 200 sider fortel utførleg om kunsten og livet til Allart van Everdingen. Han var fødd i Alkmaar, og både i denne byen og i grannebyen Haarlem gjekk han i lære hjå kjende kunstnarar, likeins brørne hans, som òg vart kunstmålarar. Men det var på ei reise til Skandinavia hollendaren oppdaga det som skulle bli spesialiteten hans.

Sørlandskysten

Den kjende nederlandske kunsthistorikaren Arnold Houbraken skreiv om lag eit kvart hundre år etter van Everdingens død at kunstnaren eigentleg var på veg med båt til Austersjøen, men at ein storm førte han til norskekysten. Der skal han ha laga fleire reiseskisser som han baserte seg på resten av livet.

Det finst ingen samtidige kjelder som stadfester Houbrakens historie, og van Everdingen utrusta kunstverka sine korkje med årstal eller stadnamn, men ein samtidig kopi av ei skisse av han har tittelen «reiser aust i Noreg 1644». Kunsthistorikarar har òg lukkast med å rekonstruere ferdene hans med utgangspunkt i motiv i verka hans: Frå Langesund og Risør har han fare aust til Bohus og Mölndal. Som vi veit, var ein del av dette området, som Bohuslän, norsk på 1600-talet.

Historikarar meiner at han har vore knapt nokre månader heimanfrå, men det var nok til å forme ein heil kunstkarriere. Nederlandsk kunst var i denne tidbolken svært spesialisert. Skulle ein vinne fram som målar, måtte ein finne si «hylle». Allart van Everdingen var den aller fyrste kunstnaren som vigde seg til norske scener med fjell, fossar, tømmerhytter og nåletre. Det gjorde suksess.

Allart van Everdingen flytta med familien til Amsterdam i 1652 og fekk etter kvart kundar i den øvre borgarskapen i byen, mellom anna i Trip-familien, som dreiv handel på Sverige. Han fekk i oppdrag å utsmykke huset deira, det kjende Trippenhuis, med skandinaviske motiv. Ifylgje utstillingskatalogen var det truleg kjøpmenn som handla på Skandinavia, som kjøpte bilete av han. Van Everdingen hadde stor suksess. Andre kunstnarar byrja òg å herme etter han, som den kjende landskapskunstnaren Jacob van Ruisdael. Av dei 180 målarstykka som finst etter han, er storparten fjellandskap. Det finst òg mange kopartrykk og teikningar etter han.

Fantasilandskap

Målarstykket ved sida av, «Fjellandskap med elv og borg», er eit hovudmotiv i utstillinga, for det samanfattar mykje av det som er typisk for Allart van Everdingen: ein foss som skjer seg gjennom eit ulendt terreng med høgreiste graner til høgre og ein ruvande ask til venstre. Og med ei fjell i bakgrunnen. Men vent litt, kva ser vi? Jau, fjellet er pynta med noko så unorsk som ei borg. Og dermed er vi inne på eit anna særtrekk ved van Everdingens kunst.

Han baserte seg nok på skissene frå Skandinavia, men han tok seg òg fridomar då kan komponerte bileta sine. Mellom anna la han til fjell eller grantre for å få harmoni i bileta, og han lét seg inspirere av kunstkollegaer som hadde reist i Sveits og andre land, det er mogeleg han henta borgene derifrå.

Men spørsmålet om borger synest eg likevel utstillinga ikkje gjev eit tilfredsstillande svar på. Det finst heller ikkje noko målarstykke frå den tysk-norske romantikken i utstillinga i Alkmaar – dermed skjønar museumsgjestene heller ikkje kor viktig Allart van Everdingen har vore for framvoksteren av den nordiske romantikken og det nordiske landskapsmåleriet.

Kikar du sist i utstillingskatalogen, finn du derimot eit lite, interessant kapittel om van Everdingen, Goethe og J.C. Dahl. Eg blir òg nyfiken på synet på Skandinavia i Nederland på 1600-talet. Allart van Everdingens kunst utosar fascinasjon for Noreg, men vi veit òg at nederlendarar såg på Noreg som eit ugjestmildt og farleg landskap. Diktaren Jan Vos la til dømes Plutos underverd til Noreg i eit av dikta sine. Det hadde vore interessant å lesa ein artikkel om ulike syn på Noreg i hollendartida.

Dessverre er utstillinga over no i mai. Men vonleg inspirerer denne fyrste utstillinga om oppfinnaren av det nordiske landskapsmåleriet til ei liknande utstilling i Noreg. Den vil høve det nye Nasjonalmuseet. I ei ny utstilling vil ein òg kunne svara på nokre av dei spørsmåla eg stilte ovanfor.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For J.C. Dahl var Allart van Everdingen ein far for norsk landskapsmåleri.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis