Litteratur
– Dei gamle formene kan vere gode nok
I ein upublisert samtale frå 1965 snakkar Olav H. Hauge om dikting, sambygdingar og Thomas Mann. Og nyttar høvet til å sniklese i annan manns dagbok.
Olav H. Hauge framfor huset på Rossvoll, fotografert kring 1960.
«Så har eg vore hjå Olav H. Hauge. Eg reiste innover med bussen i går, kom hit til Ulvik i mørkninga og spurde meg fram til Hakestad. Eg møtte ein mann oppe i vegen.»
Lærar Johan Tufteland sit heime i Norheimsund og skriv dette i dagboka si måndagskvelden 5. april 1965. Han er nett komen attende frå Ulvik og skriv nøye ned samtalen med diktaren, ut frå notat og minne.
«’Er det Hauge?’ spurde eg. ’Ja, det er det, velkomen innover!’ helsa han og tok meg i handa. Så gjekk me saman i laussnøen oppover til huset hans, gjekk framom nedskorne epletre og tala om veret og vårvonene og dei høge fjella ikring.»
Lærar med godt minne
Johan Tufteland (1913–1998) var frå Austevoll, men budde mykje av livet i Norheimsund. Med lærarutdanning på Stord, i Trondheim og på Notodden arbeidde han som lærar fleire stader på Vestlandet og lengst i Kvam. Tufteland levde det nynorske skriftlivet som lesande og skrivande lærar. Alt i alt blei det tre eigne diktsamlingar og ein roman, tre band gards- og ættesoge for Austevoll og store samlingar av lokalhistorisk materiale frå Kvam. Med to års mellomrom fekk han kulturprisen frå to kommunar – Austevoll i 1988 og Kvam i 1990.
Denne vestlandslæraren skreiv dagbok, skreiv dikt, skreiv brev, skreiv mykje og gjekk for å ha klisterhjerne. Søndag 4. og måndag 5. april 1965 vitja han Olav H. Hauge i Ulvik, og etterpå skreiv han ned observasjonar og samtalane i dagboka si. Ut på hausten sende Tufteland ei maskinskriven avskrift til Einar Økland i Oslo, som han brevveksla mykje med. Avskrifta på 12 tettskrivne sider fann eg då eg ordna og digitaliserte Økland-arkivet, og våren 2025 laga eg eit privattrykk i nokre få eksemplar av samtalen med merknader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.