Intervju
Direktørifiseringa
Alle er einige om at det er for mange direktørar i statlege verksemder, så kvifor gjer vi ikkje noko med det?
Direktør Helle Schøyen i Helse Stavanger og helseminister Jan Christian Vestre på opninga av Stavanger universitetssjukehus 14. januar. Schøyen har ei årsløn på drygt 2,3 millionar kroner, medan statsråd Vestre får 1,7 millionar i året.
Foto: Carina Johansen / NTB
I fjor haust fekk Senterpartiet laga ei oversikt over kor mange direktørar som finst i helsevesenet.
– Det er nesten ikkje til å tru, sa Trygve Slagsvold Vedum til VG, og fortsette: «Vi ønsker en debatt rundt hele dette direktørveldet.»
Litt debatt blei det, for dette bryt med den norske likskapstanken og provoserer på same vis som leiarlønningar i staten. Men offentleg debatt varer ikkje lenge, han blussar opp nokre dagar, men så tenner nokon eit nytt bål, og media og folk flokkar seg rundt det.
Denne veka prøvde Mímir Kristjánsson å få fyr på direktørbålet att og la ut ein video på Facebook. Han såg i kameraet og snakka om korleis bedriftsøkonomitankegangen til Arbeidarpartiet og Høgre hadde skapt eit byråkratisk monster. Kvar fjerde tilsette på norske sjukehus arbeider med administrasjon, sa han. Til saman er det 641 direktørar på norske sjukehus, og dei har ei snittlønn på 1,8 millionar. Videoen gjekk som eit virus over internettet og blei delt 650 gonger, fekk 92.000 visningar og kommentarar som «sjukt», «uakseptabelt» og «galskap». Men kvifor har vi fått så mange direktørar?
Professor emeritus Per Lægreid har brukt eit langt universitetsliv på å forske på korleis offentlege strukturar utviklar seg.
– Eg vil no først seie at norsk forvaltning står seg godt i internasjonal samanheng. Dess lenger sørover i Europa du kjem, dess meir korrupsjon og mistillit er det til offentleg sektor. Forvaltninga i Skandinavia har ein komparativ fordel i forhold til mange andre land. Så det må vi ikkje gløyme i denne diskusjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.