Bok
På leit etter øksa til Heilag-Olav
Den nederlandske historikaren Louis Sicking kom tilfeldigvis over spor etter øksa til Heilag-Olav i Belgias riksarkiv. Han kom òg over andre dokument som inneheld ukjende norske skattar.
Utsnitt av eit bilete på eit panel i Nikolai-kyrkja i Stralsund i Tyskland. Om bord ser vi Heilag-Olav med øksa si.
Illustrasjon frå boka
Vi byrjar dette intervjuet med den truleg mest dramatiske episoden i noregssoga. Året er 1537. Noregs siste katolske erkebiskop, med sete i Nidaros, og samtidig leiar for det norske riksrådet, Olav Engelbrektsson, ser at det ber nord og ned med Noreg som politisk sjølvstendig katolsk rike. Christian III av Danmark-Noreg er i ferd med å gjera Noreg lutheransk og leggje ned det norske riksrådet.
Engelbrektsson ser ingen annan utveg enn å rømme landet. Han fer med seglskip til Nederlanda. Og det er ikkje småting han tek med seg på ferda, Noregs regalia: øksa til Heilag-Olav, som i dag pryder riksvåpenet vårt, saman med kostesame kroner og smykke.
Sokk ved Agdenes
Men det skal ikkje ha gått så bra på vegen ut av Trondheimsfjorden, i alle fall ifylgje det kjende historieverket Norriges Beskrifuelse frå 1632 av Peder Claussøn Friis: Det eine skipet «sanck ved Agdenes og blev borte, og en part var tilforn afført og optaget af de Hollandske Fribyttere».
Ein del av kyrkjeskatten forsvann altså ved Agdenes ved Trondheimsfjorden, medan ein annan del vart teken av nederlandske kaperar. Dykkarar har gong på gong freista å finne skatten – sist i 1997.
Men ein annan, nolevande nederlendar, Louis Sicking, seier at desse dykkaraksjonane har vore fånyttes. Det finst ingen skatt der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.