Migrasjon
Migrasjon og menneskerettar i Europa
Fleire europeiske land talar no om å sette til side menneskerettar eller tolke dei annleis for å handtere migrasjonen. EU strammar inn innvandringspolitikken dramatisk. Kva er dette et svar på?
Migrantar kjem i ein gummibåt, følgde av Frontex, til den greske øya Lesbos etter å ha kryssa Egearhavet frå Tyrkia i februar 2020.
Foto: Michael Varaklas / AP Photo/ NTB
– Me må gå ut av Den europeiske
menneskerettsdomstolen og oppheve menneskerettslova. De som er her på
landsmøtet, eg vil at de skal vite at det neste konservative manifestet vil
innehalde vårt løfte om å gå ut. Å forlate menneskerettskonvensjonen er eit naudsynt
steg.
Desse orda kjem ikkje frå Nigel
Farage eller eit lite ytre høgre-parti i Storbritannia. Det vart sagt av Kemi
Badenoch, leiar av Det konservative partiet, under eit landsmøte søndag 5.
oktober. Partiet ho leier, er eit av dei to partia som har veksla på å leie
Storbritannia i over 100 år.
For eit par år sidan måtte du langt
ut på høgresida i Storbritannia for å finne liknande politikk. No er det blitt mainstream.
Ein har sett same trenden i Europa.
Etter initiativ frå Danmark og Italia signerte ni europeiske statsleiarar i mai
eit brev der dei kritiserte Den europeiske menneskerettsdomstolen for å
innskrenke handlingsrommet til nasjonale styresmakter når det gjeld deportering
av immigrantar som gjer lovbrot.
Bodskapen i brevet er ikkje
motstraums i Europa. EU jobbar no aktivt med å lage strengare
innvandringspolitikk. EUs asyl- og migrasjonspakt, vedteke i 2024, handlar om
raskare og strengare handsaming av immigrantar som kjem til EU på ulovleg eller
uregelmessig vis.
I 2025 har EU-kommisjonen lagt fram fleire lovforslag som er
meinte å gjere det lettare å deportere ulovlege immigrantar (til dømes dei som
har fått avslag på asylsøknad), med lågare krav til tryggleik i landa dei kan
bli sende til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.