Jag etter luft

Kan jakta på dronar rundt flyplassar i Danmark ha noko til felles med jakta på ubåtar i Hardangerfjorden våren 1983? Ja, sett bort frå at russarane sannsynlegvis stod bak.

Politiet er på plass ved ein rullebane på Kastrup i København 22. september. Ingen fly fekk lande på eller lette frå flyplassen. Årsaka var to til tre uidentifiserte dronar i området. Foto: Johan Nilsson / TT / NTB
Publisert Sist oppdatert

Det byrja måndag 22. september i år. Den kvelden vart Københavns lufthamn stengd etter observasjonar av fleire dronar i luftrommet over Kastrup. Den store alarmknappen vart slått på: hundre passasjerfly innstilte, 20.000 passasjerar råka. 

Politiet aktiviserte nasjonal beredskap.

Under ein pressekonferanse dagen etter vart hendinga karakterisert som svært kritisk, og Politiets Efterretningstjeneste (PET) tok det ekstremt alvorleg. Mistanken vart retta mot Russland, eller som statsminister Mette Fredriksen sa til DR:

– Eg kan i alle fall ikkje avvise på nokon som helst måte at det er Russland.

Danmark var i ein hybridkrig, meinte Fredriksen. 

– Det er primært eitt land som utgjer ein trugsel mot Europa, og det er Russland. 

Russarane nekta. Sjølvsagt. Igjen. 

NRK intervjua Anders Martinsen som er dagleg leiar i UAS Norway, den norske bransje- og interesseorganisasjonen for dronar. Droneobservasjonar må ein ta på alvor, meinte han, men han åtvara mot det han kalla «falske positive».

– Det kan gjere at vi registrerer ting som ikkje viser seg å vere dronar, sa Martinsen. 

Han skulle få rett i det. Dei neste dagane fekk politiet hundrevis av tips om droneobservasjonar, i Aalborg, Sønderborg, Skrydstrup, Esbjerg og Holstebro. 

Også i Noreg vart det observert dronar, mellom anna ved Gardermoen og ved Sleipner-plattforma i Nordsjøen.

Frekvensillusjon

Bergens Arbeiderblad under ubåtjakta i 1983.

Innan psykologien er det eit fenomen kalla frekvensillusjon eller frekvensbias. Når ein vert merksam på noko nytt, det vere seg ein bilmodell, ein artist, eit nytt ord, ja, så kan ein brått sjå eller høyre om det overalt. 

Det kjem av at vi alle har såkalla selektiv merksemd – ein legg merke til det ein allereie tenkjer på. Så då danskane retta blikket mot septemberhimmelen, ville dei sjå dronar. Det vart til dømes observert ein drone ved Billund lufthamn, og flyplassen vart stengd i 20 minutt. Observasjonen synte seg seinare å vere ei stjerne, sannsynlegvis Venus. 

Sjølv den fyrste observasjonen over Kastrup vart sett i tvil. Copenhagen AirTaxi kunne opplyse at treningsflyet deira, eit Socata TB-20, flaug øvingsrundar i det aktuelle området den kvelden. 

Også droneobservasjonane ved Sleipner-plattforma synte seg å vere grunnlause.

Men at det har vore droneaktivitet rundt om kring i Danmark, finn dei fleste sannsynleg. 

Har vi høyrt det før? Absolutt. For dette kan minne om ei intens veke i Hardangerfjorden i månadsskiftet april – mai i 1983, som kokte seg opp til krigsliknande tilstandar. 

Whiskey on the rocks

Det var ein onsdag i slutten av april, og Endre Laurhammer frå Bømlo var på eit dykkaroppdrag for Sunnhordland Kraftlag. 

Denne dagen hadde dei ankra opp i Husnesfjorden. 

Laurhammer stod på dekk og heldt lina, mens kollegaen Øivind Østensen var nede i sjøen. Som Laurhammer uttalte til Bergens Arbeiderblad: «Klokken 09.45 fikk jeg øye på ubåten.»

Fregatten KNM «Oslo» fyrer av ein røykrakett for å gje eit signal til andre militære fartøy i Skånevikfjorden.
VG var mannsterke til stades under ubåtjakta i Hardangerfjorden i 1983.

Då Øivind Østensen kom opp frå sjøen, såg også han ubåten. Det var klarvêr og stille, og i ein halv time observerte dei båten.

«Vi så hele tårnet, men ingenting av skroget.»

Han var større enn dei norske ubåtane, meinte Endre Laurhammer.

«Jeg vil anta at båten var på størrelse med Whiskey-klassen.»

Det var eit signalord. To år tidlegare hadde den sovjetiske undervassbåten «S-363» gått på grunn på Torhamnaskär utanfor flåtebasen i Karlskrona. Det var kald krig, og mellom supermaktene var det ei kløft mellom to vidt ulike samfunnssyn og ideologiar. Dei sentrale aktivitetane var innhenting av informasjon gjennom etterretning og spionasje. Episoden i skjergarden var eit handfast prov på at Sovjetunionen opererte ubåtar i svensk territorialfarvatn. 

Sidan båten høyrde til det som Nato klassifiserer som Whiskey-klassen, kom snart vitsen «Whiskey on the rocks».

Dei komande åra vart det gjort fleire ubåtobservasjonar i Austersjøen, og desse vart hyppig omtalte i norske aviser. Og dersom Sovjetunionen sende ubåtar inn i svenske farvatn, kvifor skulle dei ikkje også sende dei til norske farvatn? I februar 1983 vart det funne ein lyttebøye ved Statfjordfeltet som høyrde til KGB. 

Forsvarets overkommando meinte at det måtte vere ein sovjetisk ubåt som hadde sett ut bøyen. Sjøforsvaret stadfesta til Bergens Arbeiderblad: «Jo, spionubåtar har besøkt oss». 

I mars var det tre nye observasjonar av ubåtar i skjergarden utanfor Stockholm, og vi må vel kunne seie at det var ubåtfeber.

Full alarm 

Så då dei to dykkarane frå Bømlo observerte ein ubåt i Husnesfjorden, var det berre ei stadfesting av det alle visste. Med mobiltelefon fekk dei varsla operasjonsleiinga på Haakonsvern, og alarmen gjekk.

– Vi vurderer rapporten som truverdig, melde kontreadmiral Håkon Bjarne Ellingsen ved Forsvarskommando Sør-Noreg. 

Og ironisk nok: På SAS-hotellet i Bergen sat dei nordiske forsvarsministrane samla på konferansen dei hadde kvart halvår, for å diskutere framande ubåtar i nordiske farvatn.

Same ettermiddag vart ein korvett, to ubåtar og eit Orion-fly sende til området, og dei skulle seinare verte forsterka med to fregattar.

Torsdag kveld klokka sju small det for fyrste gong. Forsvaret hadde fyrt av ein to meter lang ternerakett mot ein potensiell ubåt i Klosterfjorden utanfor Leirvik. 

Fredag formiddag vart ubåtsaka tatt opp i statsråd på slottet. Ville Willoch-regjeringa ta i bruk målsøkjande torpedoar? I tilfelle ville ubåten vere sjanselaus, melde VG.

Det var tre fjordarmar som ein ubåt kunne gå gjennom for å sleppe ut i ope farvatn. Desse vart sperra av. «Ubåt i fella?», skreiv VG, rett nok med eit spørsmålsteikn.

I Dagsrevyen fredag kveld var ubåtjakta hovudoppslaget:

– Eit av forsvarets marinefartøy hadde i morgontimane i dag lydkontakt med noko som kan ha vore ein ubåt, i området like aust for Leirvik. Lydopptaka vert no analyserte for om mogleg å kunne fastslå sikkert at det var ein ubåt som vart observert.

I VG på laurdagen stod det på framsida: «Ubåten i fella», denne gongen utan spørsmålsteikn. Forsvaret stadfesta at alle rømmingsvegar no var stengde. «Skyter for å senke», sa forsvarsminister Anders C. Sjaastad.

Spennande dagar

Dei neste døgna strøymde det inn ubåtobservasjonar til Stord lensmannskontor, og lensmann Finn Havneraas understreka at meldingane kom frå truverdige personar: «Noen har meldt fra at de har sett den mystiske ubåten for nesten åtte dager siden. De fleste observasjonene skriver seg imidlertid fra de siste dagene.»

Nokre fabrikkarbeidarar i Odda hadde sett ein ubåt i Sørfjorden, ein fiskar hadde sett ein ubåt ved Halsnøy, og ein far og son hadde sett ein ubåt i Åkrafjorden. Kunne det vere fleire ubåtar i fjordane? Det var utelukka at same ubåten kunne flytte seg så raskt. 

Forsvaret plasserte observasjonane i fire kategoriar: 

  • ikkje ubåt
  • mogleg ubåt
  • sannsynleg ubåt
  • sikker ubåt

Etter kvart plotta forsvarsleiinga i Stavanger inn fem ubåtar på eit operasjonskart. To vart jaga i Skånevikfjorden, éin låg blikstille på botnen av Klosterfjorden, éin hadde klart å rømme, mens ein femte gjekk opp og ned langs territorialgrensa i Nordsjøen vest for Stord.

VG utlyste ein fotokonkurranse og lova 25.000 kroner til den som fekk eit bilete av ein fiendtleg ubåt i norske farvatn.

Det var uhyre spennande dagar på Vestlandet, og gjennom helga heldt jakta fram med uendra styrke. Til saman skulle 30 skarpe rakettar og synkeminer verte avfyrte mot potensielle mål.

«Den ammunisjonen som vi hittil har brukt, egner seg til å riste en eventuelt ubåt så meget at de finner ut at det beste er å gi opp», sa forsvarssjef Sven A. Hauge til NTB.

Djupvassbomber

Sidan det ikkje var søndagsaviser i 1983, dei kom fyrst i 1990, måtte ein følgje med på NRK. Søndag kveld toppa spenninga seg. Ein ubåt skulle liggje på botnen av Skånevikfjorden. Fregatten KNM Oslo fyrte av tolv rakettar og sleppte ei synkemine. 

Alle sat klistra framføre Dagsrevyen, men noko svar kom ikkje. 

Klokka halv ti på kvelden sleppte Orion-fly ned to djupvassbomber for å tvinge ubåten opp til overflata. Ville han dukke opp?

Nei. Ingenting.

Men nye observasjonar vart registrerte, mellom anna så langt nord som i Vestfjorden i Nordland.

Fyrst måndag kom avisene ut att. Turistkontoret i Leirivik hadde nytta helga til å trykkje opp T-skjorter med teksten: «Det er fleire som har oppdaga sommarøya Stord». Men jakta førte ikkje fram.

Onsdag 3. mai vart operasjonen trappa ned. 

I seks døgn hadde folket rundt Sunnhordlands-bassenget høyrd drønna frå rakettar og bomber. I Stortinget vart saka diskutert, og det var tverrpolitisk oppslutning «om den fasthet og besluttsomhet som ble vist fra Regjeringens og Forsvarets side under jakten på sannsynlige ubåter i Hardangerfjorden».

Prov fann dei aldri, men alle var einige i forsvarsminister Anders C. Sjaastad sine ord under ein pressbrief i Bergen: At ein framand ubåt hadde vore i Hardangerfjorden i perioden 18. april til 4. mai var ikkje berre «sannsynlig», men «overveiende sannsynlig».

Alvorlege menn rundt forsvarsminister Anders C. Sjaastad, som meinte at det var «overveiende sannsynlig» at ein framand ubåt hadde vore i Hardanger.

I 2013 kom rapporten «Fremmede ubåter i norske fjorder – realitet eller myte». 

Den 90 sider lange publikasjonen var forfatta av Roald Gjelsten, pensjonert kommandør og forskar ved Institutt for forsvarsstudiar. Gjelsten var sjølv skipssjef på korvetten «KNM Ægir» under ubåtjakta i Sunnhordland.

Konklusjonen i rapporten: Observasjon av ubåtar i Hardangerfjorden i 1983 var «sannsynlig». 

Men framleis ikkje «sikker».