Bok
Perspektiv på småstaten Noreg
Ei ny noregshistorie ser på landet i både eit globalt og mikrohistorisk perspektiv – og med nyskapande innramming.
«Kjernefamilien i forbrukersamfunnet», heiter eit av kapitla i Norge etter 1914. Etterkrigstida var «husmoras forgylte øyeblikk».
Foto: NTB
Endå ei noregshistorie, var nå det nødvendig?
Berre dei siste 14 åra har det kome fleire oversiktsverk som dekker norsk historie i det 20. hundreåret. Argumentet for endå eit oversiktsverk kan vera at den nye boka har andre perspektiv, har eit anna fagleg grunnlag, ei alternativ framstillingsform og kan venda seg til andre målgrupper. Etter mitt syn kan ein lesar av denne boka for ein stor del klikka av på alle desse punkta.
Det nye i perspektivet ligg i ei meir systematisk integrering av småstaten Noreg i globale og transnasjonale samanhengar, der også jamføring med andre land går inn i analysen. Det er jo gjort også i dei andre bøkene, men her er det meir systematisk og styrande for framstillinga.
Utgangspunktet for Norge etter 1914 er at boka skal auka forståinga av vår eiga samtid, noko som tilseier andre tematiske prioriteringar.
Det er dessutan fleire sider ved framstillingsforma som eg vil rekna for nyskapande: Boka går lenger i å plassera framstillinga i høve til forskingsdiskusjonane, kvart kapittel endar opp i ein refleksjon rundt kva det handlar om, og kvart kapittel opnar med ein vignett, eit oppslag. Eg vil ta desse sidene ved boka kvar for seg.
Mikrohistorie
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.