Tryggingspolitikk
Våre viktigaste allierte
Samhaldet over Atlanterhavet slår sprekkar. Har forsvars- og tryggleikspolitikken vorte eit argument for norsk EU-medlemskap?
Ukrainske flagg blafrar i vinden i lag med EU-flagg, fotografert i Kyiv i august i år.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Éin for alle. Alle for éin. Natos artikkel 5 har vore grunnmuren i norsk forsvarspolitikk heilt sidan den norske regjeringa under leiing av Einar Gerhardsen valde å satse på USA, Storbritannia og andre europeiske land som alliansepartnarar, framfor ein nordisk forsvarsallianse.
Sidan stiftinga i 1949 har Berlinmuren og Sovjetunionen falle, Nato har vakse frå 12 til 32 land og vore out of area i staden for out of business. Då Russland i 2022 invaderte Ukraina i full skala, hadde USA dreidd blikket frå Europa mot Kina og Søraust-Asia, og vore gjennom den første presidentperioden med Donald Trump. Med Trumps tilbakekomst vaklar mange i trua både på artikkel 5 og på verdifellesskapen i den nordatlantiske forsvarsalliansen.
Men kva alternativ har Noreg til musketerparagrafen i Nato? Kan det vere forsvars- eller solidaritetsklausulen i EU?
Der Atlanterhavspakta har artikkel 5, har Lisboatraktaten artiklane 42 (7) og 222. Dei seier at dersom ein medlemsstat vert utsett for væpna åtak eller terror på eige territorium, skal dei andre medlemsstatane hjelpe med dei midla dei rår over.
Sidan 23 av 27 EU-land også er Nato-land, står det spesifikt at klausulane ikkje påverkar Natos rolle for medlemslanda.
Etterlyser EU-debatt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.