Bok
Når borna blir «humankapital»
I den nye boka si set Simon Malkenes barndommens eigenverdi og bornas rike indre liv i sentrum for ein betre skule.
I 2018 fekk Simon Malkenes varslar- og ytringsfridomsprisen Stockmanns Hammer. I takketalen las han frå si eiga bok Bak fasaden i Oslo-skolen.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Simon Malkenes (48) er lektoren som skapte furore då han i ei Dagsnytt 18-sending i 2018 uttalte seg kritisk om korleis fritt skuleval i vidaregåande skule i Oslo førte til at elevar med faglege og sosiale problem blei overrepresenterte ved nokre få skular. No er han stipendiat ved NTNU og arbeider med ei doktoravhandling om privatisering i og av utdanning. Han er òg medlem av sentralstyret i Utdanningsforbundet.
Der det før var brei politisk semje om tankane bak skulereforma Kunnskapsløftet frå 2006, ser Malkenes teikn til eit stadig tydelegare politisk skilje i skulepolitikken: Partia på venstresida er på veg bort frå disiplindugnaden, Pisa-testinga og måling av smått og stort.
I lys av Bjørneboe
I boka Salamandertesten drøftar han tilstanden i dagens skule i lys av Jens Bjørneboes roman Jonas frå 1955. Hos Bjørneboe er salamandrane dei som ønskjer seg ein meir effektiv skule, som berre er oppteken av karakterar og i liten grad tek omsyn til bornas behov.
– Bjørneboes kritikk er aktuell også i dag. Då som no er krav til effektivitet til hinder for det pedagogiske arbeidet i skulen.
– Jonas åtvara mot at målet med skulegangen ikkje blei eleven, men at eleven blir oppdregen til statens ideologi. Ser vi noko tilsvarande no?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.